{"id":20662311,"date":"2020-07-04T21:56:43","date_gmt":"2020-07-04T19:56:43","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20662311"},"modified":"2020-07-04T21:56:43","modified_gmt":"2020-07-04T19:56:43","slug":"pa-tur-i-vesteralen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-tur-i-vesteralen\/","title":{"rendered":"P\u00e5 tur i Vester\u00e5len"},"content":{"rendered":"<p>For ein som har budd 15 \u00e5r i Vester\u00e5len var kveldens program Sommerbilen minutt for minutt eit interessant gjensyn med fjell, fjord, vegar og plassar.<\/p>\n<p>Det starta litt utanfor Melbu, deretter gjekk turen via innersida av Hadsel\u00f8ya til Stokmarknes. Kombinasjonen med bil og helikopter ga fine bilete fr\u00e5 lufta av Lille B\u00f8r\u00f8ya med Hadsel folkeh\u00f8yskole.Det var sterkt fokus p\u00e5 Hurtigrutemuseet, som eg p\u00e5 1980-talet lanserte som ein ide. No er det ikkje bare ei samling av utstyr i den gamle direkt\u00f8rbustaden, men eit heilt skip bygd inne i eit glasshus.<\/p>\n<p>Det var interessant \u00e5 sj\u00e5 b\u00e5de for oss gamle og for Helge og R\u00f8nnaug, som vaks opp der og vel helst har sine dialekt-trekk fr\u00e5 Vester\u00e5len. Men vi s\u00e5g ingen kjente, dei som vart intervjua var truleg yngre enn ungane v\u00e5re ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 Stokmarknes gjekk turen til Sortland og Sigerfjord. Den bl\u00e5 byen i Vester\u00e5len har visst bare om lag 20 bl\u00e5 hus, likevel blir han kalla den bl\u00e5 byen. Ideen kom fr\u00e5 kunstnaren Bj\u00f8rn Elvenes. Han lanserte ideen i 1999, rart \u00e5 tenke p\u00e5 at ha gjekk p\u00e5 Hadsel Folkeh\u00f8yskole, rett nok f\u00f8r v\u00e5r tid der. D\u00e5 malte han det store bakteppet p\u00e5 scenen med mange motiv fr\u00e5 Vester\u00e5len. Om det har overlevd forandringane p\u00e5 bygningane, veit eg ikkje. D\u00e5 vi var p\u00e5 Stokmarknes i 2009, var vi innom i matsalen og s\u00e5g i peisestua der det hang klassebilder. Men vi tenkte ikkje p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 om maleriet til Bj\u00f8rn Elvenes framleis hang bak scenen.<\/p>\n<p>Programmet var skjemma av ein hipp fris\u00f8r som banna i bilen. Ettersom programmet var redigert, burde det vore redigert bort. Det er ingen grunn til \u00e5 promotere myten om at nordlendingar bannar s\u00e5 mykje meir enn resten av oss, bannskap er ikkje familieunderhaldning. Musikken var heller ikkje etter min smak, ein av l\u00e5tane var ogs\u00e5 full av banning og burde slett ikkje vore med. Vester\u00e5lsk musikk er meir enn Madrugada og Sivert H\u00f8yem, Maria Solheim for eksempel.<\/p>\n<p>Wikipedia hadde eit bilde fr\u00e5 Melbu, rett nok vinterstid. Foto: <a class=\"extiw\" title=\"no:User:Mathrong\" href=\"https:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/User:Mathrong\">Mathrong<\/a><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"\" src=\"https:\/\/upload.wikimedia.org\/wikipedia\/commons\/thumb\/d\/df\/Melbusettfrahaugnyken.jpg\/250px-Melbusettfrahaugnyken.jpg\" width=\"456\" height=\"343\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For ein som har budd 15 \u00e5r i Vester\u00e5len var kveldens program Sommerbilen minutt for minutt eit interessant gjensyn med fjell, fjord, vegar og plassar. Det starta litt utanfor Melbu, deretter gjekk turen via innersida av Hadsel\u00f8ya til Stokmarknes. Kombinasjonen med bil og helikopter ga fine bilete fr\u00e5 lufta av Lille B\u00f8r\u00f8ya med Hadsel folkeh\u00f8yskole.Det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-tur-i-vesteralen\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">P\u00e5 tur i Vester\u00e5len<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20662311","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662311"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20662311"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662311\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20662312,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662311\/revisions\/20662312"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20662311"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20662311"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20662311"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}