{"id":20662145,"date":"2020-05-05T23:31:17","date_gmt":"2020-05-05T21:31:17","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20662145"},"modified":"2020-05-05T23:31:17","modified_gmt":"2020-05-05T21:31:17","slug":"hagearbeid","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hagearbeid\/","title":{"rendered":"Hagearbeid"},"content":{"rendered":"<p>-\u00c5 arbeide i hagen gjev fred i sjela og vondt i ryggen.<\/p>\n<p>Det var Aase Holen som sa dette i kveldens sending i Valle radio. Ho og Lisbeh Dalquist Homme hadde ein samtale med Siri Johannessen i samband med at Valle jordbruksklubb nyleg feira 90-\u00e5rsjubileum p\u00e5 Oveinang grendehus. Det var eit stykke i Setesd\u00f8len om saka for ei veke sidan.<\/p>\n<p>Dei to godt vaksne damene snakka ikkje bare om prydhage, som det heiter i sangen: Men ville du ikkje i prydhagen st\u00e5, der folk kunne skoda p\u00e5 deg. Nei, rett nok var dei samde om at Aase sin hage har vore ein prydhage. Men no har ho lagt meir og meir over til plen og har ein robotklyppar som steller den. Men ein blomehage er viktig for biene, og Aase hadde ein nabo som dreiv med bier, s\u00e5 blomar m\u00e5tte ho ha i hagen, det vart gjerne litt honning p\u00e5 henne ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Men dei snakka om gulr\u00f8tter, l\u00f8k, b\u00e5de purrel\u00f8k og kepal\u00f8k. Jordskokk kunne ein lage suppe av saman med brennesle og andre vekster tidleg om v\u00e5ren. Det var Lisbeth som var inne p\u00e5 det.<\/p>\n<p>I Valle jordbruksklubb har dei for lenge sidan slutta med kunstgj\u00f8dsel, det er hevd fr\u00e5 ku, hest og h\u00f8ns som gjeld. Hagen p\u00e5 Hovet hadde vldig mykje leirjord, s\u00e5 det har vore ein lang jobb \u00e5 f\u00e5 god matsjord der. I Homme var nok det lettare.<\/p>\n<p>Klubben pyntar til hausttakkefesten i kyrkja. Og s\u00e5 har dei Jon \u00d8deskaug som dommar. Han har vore det i 46 \u00e5r og dei ville gjerne ha han med vidare. Og s\u00e5 ville dei ha med nye medlemmer, ogs\u00e5 dei som ikkje ville ha nokon dommar i hagen sin. \u00c5 vere med i Valle jordbruksklubb er ikkje s\u00e5 sterk binding, meinte dei. Klubben har bare eitt m\u00f8te i \u00e5ret, det er m\u00f8tet der dei f\u00e5r resultata og premiane. Men s\u00e5 kom dei p\u00e5 at dei ogs\u00e5 har ei hagevandring til medlemmene sine hagar, kanskje for \u00e5 f\u00e5 idear, kanskje for \u00e5 bare glede seg over \u00e5 vere saman om hagegleda si.<\/p>\n<p>Eg er for lite hagekyndig til at eg fekk med meg namna p\u00e5 alle plantene som dei snakka om, men hagegleda, den kunne ein godt merke i programmet.<\/p>\n<p>Kva som elles var \u00e5 h\u00f8yre i kveldens program i Valle Radio kan du sj\u00e5 eit oversyn over p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20200505\">Setesdaslwiki si side om programmet.\u00a0<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>-\u00c5 arbeide i hagen gjev fred i sjela og vondt i ryggen. Det var Aase Holen som sa dette i kveldens sending i Valle radio. Ho og Lisbeh Dalquist Homme hadde ein samtale med Siri Johannessen i samband med at Valle jordbruksklubb nyleg feira 90-\u00e5rsjubileum p\u00e5 Oveinang grendehus. Det var eit stykke i Setesd\u00f8len om &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hagearbeid\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hagearbeid<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20662145","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662145"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20662145"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662145\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20662146,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662145\/revisions\/20662146"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20662145"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20662145"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20662145"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}