{"id":20662093,"date":"2020-04-15T23:58:16","date_gmt":"2020-04-15T21:58:16","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20662093"},"modified":"2020-04-15T23:58:16","modified_gmt":"2020-04-15T21:58:16","slug":"radiodag","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/radiodag\/","title":{"rendered":"Radiodag"},"content":{"rendered":"<p>I dag vart det ein radiodag. F\u00f8rst var det overf\u00f8ring av m\u00f8te i Setesdal regionr\u00e5d fr\u00e5 14 til 15 og s\u00e5 var det ordin\u00e6r onsdagssending fr\u00e5 19 og utover.<\/p>\n<p>Eg laga ei eiga side p\u00e5 Setesdalswiki om Regionr\u00e5det sitt m\u00f8te. Der var det naturleg nok ikkje plass til orienteringar i desse koronatidene n\u00e5r alt g\u00e5r digitalt. Men politikarane er blitt flinke til \u00e5 ha digitale m\u00f8ter. Regionr\u00e5det hadde ikkje mange debattar i dag, men det vart litt usemje p\u00e5 siste saka, der Sigbj\u00f8rn \u00c5ge Fossdal hadde eit anna framlegg enn det som kom fr\u00e5 dagleg leiar. Alle unntatt leiar Steinar Kyrvestad st\u00f8tta Sigbj\u00f8rn. Eg pr\u00f8vde \u00e5 f\u00e5 vedtaket slik at eg kunne ha det med p\u00e5 bloggen, men det gjekk kunne eg ikkje f\u00e5 f\u00f8r protokollen var ferdig. S\u00e5 det f\u00e5r eg truleg i morgon og kan d\u00e5 legge ut p\u00e5 Setesdalswiki.<\/p>\n<p>Klokka 19 var det Torleif Harstad sin tur til \u00e5 ha andakt p\u00e5 telefonen. Det var uvant, men han klarte det sv\u00e6rt godt. Teksten var fr\u00e5 p\u00e5ske og refleksjonane var prega av b\u00e5de lidingssoga og oppstoda f\u00f8r han bad Faderv\u00e5r og lyste velsigning over lyttarane.<\/p>\n<p>I bolken med Kommunen informerer var det ordf\u00f8rar Steinar Kyrvestad som igjen var p\u00e5 telefonen. Han var oppteken av at ein i Valle fylgjer nasjonale retningsliner og opnar litt etter litt: Barnehagane 20. april, sm\u00e5skulen og SFO 27. april, hytteforbodet 20. april, vidareg\u00e5ande skule og fris\u00f8r 27. april og kultur og idrett 15. juni.<\/p>\n<p>S\u00e5 ville han gi honn\u00f8r til Joker Valle som kj\u00f8rer ut varer til folk, om ikkje dei hadde gjort det, ville truleg kommunen hatt st\u00f8rre oppg\u00e5ver med slike oppdrag. Han opplyste ogs\u00e5 at ombygginga for \u00e5 f\u00e5 Joker Valle i kjellaren p\u00e5 Valle kommunehus gjekk sin gang.<\/p>\n<p>I den aktuelle timen var Torunn Charlotte Nyberg som alltid vennleg og informativ d\u00e5 ho presenterte innslag fr\u00e5 UKM p\u00e5 Hovden tidlegare i vinter. Det vart ikkje noko av fylkesm\u00f8nstringa som skulle vore i Arendal og landstreffet som skulle vore p\u00e5 Hove, men deltakarane i Bykle og Valle fekk mange gode ord for innsatsen sin.<\/p>\n<p>Deretter hadde Siri Johannessen ein prat med Linda Dale som har etablert Dale bunadsylv etter mange \u00e5r som sylvsmed hos Trygve Rysstad. Ho hadde mykje \u00e5 gjere og s\u00e5g lyst p\u00e5 \u00e5 arbeide i eige firma med b\u00e5de smykke og sylv til Seteesdalsbunad, Telemarksbunad og Agderbunad. Ho er ogs\u00e5 l\u00e6rar p\u00e5 gullsmedutdanninga p\u00e5 Valle vidareg\u00e5ande skule og har 12 elever der som ho underviser digitalt i koronatida. Det er ikkje optimalt, men det fungerer.<\/p>\n<p>Etter ein kort prat med brannsjef Mikael Kristensen om brannvern og forbod mot \u00e5 gjere opp eld fr\u00e5 15. april, overtok Johs. Bj\u00f8rkeli studio med musikk. Og s\u00e5 var sendinga slutt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vart det ein radiodag. F\u00f8rst var det overf\u00f8ring av m\u00f8te i Setesdal regionr\u00e5d fr\u00e5 14 til 15 og s\u00e5 var det ordin\u00e6r onsdagssending fr\u00e5 19 og utover. Eg laga ei eiga side p\u00e5 Setesdalswiki om Regionr\u00e5det sitt m\u00f8te. Der var det naturleg nok ikkje plass til orienteringar i desse koronatidene n\u00e5r alt g\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/radiodag\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Radiodag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20662093","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662093"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20662093"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662093\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20662094,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662093\/revisions\/20662094"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20662093"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20662093"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20662093"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}