{"id":20662040,"date":"2020-03-25T23:38:10","date_gmt":"2020-03-25T22:38:10","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20662040"},"modified":"2020-03-25T23:38:10","modified_gmt":"2020-03-25T22:38:10","slug":"rysstadbassenget","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rysstadbassenget\/","title":{"rendered":"Rysstadbassenget"},"content":{"rendered":"<p>I kveldens sending i Valle Radio var det ein interessant samtale mellom Siri Johannessen og professor Gaute Velle fr\u00e5 Universitetet i Bergen. D\u00e5 fekk vi vite noko av grunnen til at canadieren Robert fr\u00e5 Ottawa har vore om lag ein m\u00e5nad i Rysstadbassenget. Ettersom han ikkje snakka s\u00e5 godt norsk, vart det til at han viste Siri til ein som kunne fortelje.<\/p>\n<p>Det dei pr\u00f8ver \u00e5 finne ut er korleis fisken reagerer p\u00e5 lufta i vatnet som kjem ut fr\u00e5 Brokke kraftverk. Dette vatnet har runne 30 km i tunnel fr\u00e5 Bykle og n\u00e5r det kjem ut fr\u00e5 turbinane, blir det pressa mykje luft inn i vatnet. D\u00e5 har det s\u00e5 mykje luft i seg at det boblar om lag som brus, etter det eg skj\u00f8na. D\u00e5 kan fisken f\u00e5 dykkersyke, han f\u00e5r for mykje luft i seg. I tillegg er det ulik temperatur i h\u00f8ve til vatn som renn fritt, det er henta fr\u00e5 djupt vatn i Botsvatn, om vinteren er det varmare enn vatnet fisken st\u00e5r i, om sommaren er det kaldare.<\/p>\n<p>Det er ogs\u00e5 ein problematikk med krypsiv i Rysstadbassenget. Forskarane nyttar ogs\u00e5 h\u00f8vet til \u00e5 radiomerke fisk for \u00e5 sj\u00e5 korleis han reagerer n\u00e5r han er i krypsiv og korleis han reagerer n\u00e5r han er i omr\u00e5de som er reinska for krypsiv. Fisken treng grus for \u00e5 gyte, men n\u00e5r det vert mykje krypsiv, vert det mindre grus. Med radiomerking og lytteb\u00f8yar kan ein sj\u00e5 korleis fisken oppf\u00f8rer seg.<\/p>\n<p>Til sist spurte Siri sp\u00f8rsm\u00e5l kva ein skulle gjere om ein fiska ein fisk med radiosendar. D\u00e5 skulle ein kontakte Gaute Velle, som var glad for \u00e5 f\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 vere med i Valle Radio. P\u00e5 grunn av koronaepidemien hadde dei ikkje kunna arrangere eit folkem\u00f8te som dei hadde planlagt \u00e5 ha p\u00e5 Rysstad. I staden fekk han i det minste fortelje det p\u00e5 radio. Om nokon hadde sp\u00f8rsm\u00e5l, kunne dei kontakte han.<\/p>\n<p>I kveldens sending hadde Siri ogs\u00e5 samtale med fylkesordf\u00f8rar Arne Thomassen om tiltak for n\u00e6ringslivet i samband med koronakrisa og med Margit Dale om tradisjonsmat til p\u00e5ske. Her fortalde ho at dei ikkje hadde s\u00e6rleg tradisjonsmat knytta til p\u00e5skehelga, anna enn appelsin p\u00e5 skitur. Og s\u00e5 skulle Kystmat-serien starte 14. april klokka 20 p\u00e5 TV2 i fire nye episodar. Dei var heldigvis innspelte f\u00f8r unntakstilstanden starta.<\/p>\n<p>Her er eit bilde av Gaute Velle, henta fr\u00e5 sida hans p\u00e5 Universitetet i Bergen:<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.uib.no\/sites\/w3.uib.no\/files\/styles\/user_thumbnail\/public\/w2\/ga\/gaute_velle_k_1.jpg?itok=-goZf-bK\" alt=\"Gaute Velle's picture\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveldens sending i Valle Radio var det ein interessant samtale mellom Siri Johannessen og professor Gaute Velle fr\u00e5 Universitetet i Bergen. D\u00e5 fekk vi vite noko av grunnen til at canadieren Robert fr\u00e5 Ottawa har vore om lag ein m\u00e5nad i Rysstadbassenget. Ettersom han ikkje snakka s\u00e5 godt norsk, vart det til at han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rysstadbassenget\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rysstadbassenget<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20662040","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662040"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20662040"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662040\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20662041,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20662040\/revisions\/20662041"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20662040"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20662040"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20662040"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}