{"id":20661960,"date":"2020-02-29T23:52:36","date_gmt":"2020-02-29T22:52:36","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20661960"},"modified":"2020-02-29T23:52:36","modified_gmt":"2020-02-29T22:52:36","slug":"handletur","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/handletur\/","title":{"rendered":"Handletur"},"content":{"rendered":"<p>-Eg har ikkje tenkt meg p\u00e5 butikken i dag, sa Reidun d\u00e5 eg spurde henne om ho hadde slike planar. Eg kunne forst\u00e5 henne, i periodar regna det vannrett og nedb\u00f8ren kunne ikkje bestemme seg om han skulle vere regn, sklette, sludd eller sn\u00f8. Vi fekk jo\u00a0 nokre centimeter med sn\u00f8 her om dagen, men det meste har runne vekk.<\/p>\n<p>Men i ettermiddag s\u00e5g det ut til at det var litt likare, s\u00e5 eg nynna p\u00e5 Det g\u00e5r likar&#8217; no og tusla ut i bilen for \u00e5 f\u00e5 lufte vitet litt. Vi var lens for peparost, den er veldig god p\u00e5 ei halv br\u00f8dskive til frukost. Prim-boksen var ogs\u00e5 tom, men d\u00e5 eg spurde Reidun om det, s\u00e5 hadde ho sj\u00f8lvsagt ein ny boks p\u00e5 lur.<\/p>\n<p>S\u00e5 det var nok mest for \u00e5 lufte vitet, klart eg kunne unnvere peparost, kaffimat hadde vi sikkert ogs\u00e5 nok av, kjenner eg kona rett. Slik i kveldinga var det ikkje s\u00e5 veldig trafikk, s\u00e5 eg fann grei parkering utanfor butikken. og s\u00e5 trilla eg med handlevogna rundt reolane, plukka litt her og litt der. Men peparost var dei tome for, s\u00e5 n\u00e5r eg f\u00f8rst var ute og lufta vitet, svinga eg innom neste butikk p\u00e5 leiting etter den gode osten. Ogs\u00e5 der var peparosten borte fr\u00e5 hylla, s\u00e5 eg tok bl\u00e5muggost i staden og heldt fram med jakta.<\/p>\n<p>I siste butikken lurte eg p\u00e5 om eg skulle g\u00e5 inn, for no var regnet og vinden sterk, men det var ikkje s\u00e5 mange bilar p\u00e5 parkeringsplassen, s\u00e5 eg fann ein plass der eg i det minste kom meg ut i le. \u00e5 g\u00e5 ut av bilen med vinden i fleisen, frista ikkje. Og sanneleg, der var pepaosten. Og rosene var heller ikkje utselde sj\u00f8lv om det no var langt p\u00e5 ettermiddagen.<\/p>\n<p>Vel heime kom Dagsrevyen og der var det ei kvinne som snakka om kor viktig det var \u00e5 planlegge innkj\u00f8pa. Ho klarte seg med 4000 kroner i m\u00e5naden for ein familie p\u00e5 to vaksne og to barn. Eg hadde ingen annan plan enn \u00e5 finne peparost, den kostar vel 20-30 kroner, men denne turen kosta meg nok ein del meir.<\/p>\n<p>Jaja, noko skal ein vel betale for \u00e5 lufte vitet p\u00e5 ein handletur i ofseleg regn, var det ofse og fille veir han song om, men kven var no det?<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/scontent.fosl3-1.fna.fbcdn.net\/v\/t1.0-9\/s1080x2048\/88001444_10216004576658271_6460677135936782336_o.jpg?_nc_cat=107&amp;_nc_sid=730e14&amp;_nc_ohc=y2Fqn6EmtA8AX8ADXaU&amp;_nc_ht=scontent.fosl3-1.fna&amp;_nc_tp=7&amp;oh=cb076818859e5f5fb851c6685a961b91&amp;oe=5EFFD53F\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>-Eg har ikkje tenkt meg p\u00e5 butikken i dag, sa Reidun d\u00e5 eg spurde henne om ho hadde slike planar. Eg kunne forst\u00e5 henne, i periodar regna det vannrett og nedb\u00f8ren kunne ikkje bestemme seg om han skulle vere regn, sklette, sludd eller sn\u00f8. Vi fekk jo\u00a0 nokre centimeter med sn\u00f8 her om dagen, men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/handletur\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Handletur<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20661960","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661960"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20661960"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661960\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20661961,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661960\/revisions\/20661961"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20661960"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20661960"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20661960"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}