{"id":20661610,"date":"2019-11-05T22:25:06","date_gmt":"2019-11-05T21:25:06","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20661610"},"modified":"2019-11-05T22:25:06","modified_gmt":"2019-11-05T21:25:06","slug":"alvor-og-skjemt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/alvor-og-skjemt\/","title":{"rendered":"Alvor og skjemt"},"content":{"rendered":"<p>Kveldens sending i Valle Radio hadde b\u00e5de alvor og skjemt. Om vi skal ta skjemten f\u00f8rst, s\u00e5 handla den om ein samtale med Tom Are Str\u00f8msvik i Hovdenrevyen. Han meinte at det ikkje vr godt nok med eit klipp p\u00e5 radio, for det er opplevinga og samspelet mellom humor p\u00e5 scenen og respons fr\u00e5 publikum som skapar dei store opplevingane b\u00e5de n\u00e5r det gjelde teater og amat\u00f8ranes glade lokalrevy p\u00e5 toppen av Setesdal. Men eit lite glimt fekk vi jo, det handla om pirat-taxi og lovens lange arm og var meir enn godt nok for at den som ville ha meir humor kunne kj\u00f8pe billett.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Sveinung H\u00f8lmebakk var glad i humor og krydra gjerne konsertane sine med sm\u00e5 fortellingar mellom sangane. Han har ogs\u00e5 gitt ut to vitseb\u00f8ker, og b\u00e5de dei og CD-plater kunne ein kj\u00f8pe om ein kom p\u00e5 konsert i Bygland kyrkje komande laurdag. Konserten heiter Arvesang, og denne veka var siste veka med eigne konsertar f\u00f8r han legg ut p\u00e5 turne med De tre tenorer for \u00e5 halde julekonsertar.<\/p>\n<p>Sterkt lokalt preg hadde Torjus \u00c5kre som fortalde om Valle kyrkje. Sj\u00f8l ein som har g\u00e5tt mykje i den kyrkja fekk her vite nye ting, mellom anna siterte han heile verset som er st\u00f8ypt inn i klokka, som for \u00f8vrig var laga av to gamle klokker som vart omst\u00f8ypte d\u00e5 den eine var sprukken. Han funderte ogs\u00e5 p\u00e5 korleis altertavla kunne ha kome heilt fr\u00e5 Italia til Valle, gitt av ein kristiansandsmann. D\u00e5 ho p\u00e5 1960-talet vart sendt til Oslo for restaurering, m\u00e5tte det ein stor lastebil til for \u00e5 frakte henne. Tenke seg d\u00e5 til korleis det var lenge f\u00f8r lastebilane si tid!<\/p>\n<p>B\u00e5de dette programmet og andakten hadde Siri Johannessen funne p\u00e5 nettet. Andakten var ved Feda-buen Gudmund Vindskei,\u00a0 han d\u00f8ydde i 1986, tidlegare misjon\u00e6r og sidan administrator i Misjonssambandet med ansvar for Afrika.<\/p>\n<p>Endeleg kom Niklos K. Besteland i studio med musikk til Helgemesse, Allehelgenss\u00f8ndag som dei fleste nok seier no for tida. Der fekk vi f\u00f8rst h\u00f8yre eit av dei finaste stykka eg veit om, vi har hatt det med fleire gonger: Verleih uns Frieden av Mendelssohn f\u00f8r han varta opp med orgelstykke av Max Reger og Leo Sowerby. Som s\u00e5 ofte f\u00f8r hadde han ogs\u00e5 med eit stykke av Bjarne Sl\u00f8gedal, denne gongen fekk vi h\u00f8yre Se Guds bolig er hos menneskene med Kristiansand domkor.<\/p>\n<p>Her er bildet av Valle kyrkje fr\u00e5 Wikipedia:<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/upload.wikimedia.org\/wikipedia\/commons\/5\/5f\/Valle_kirke_Aust-Agder.jpg\" alt=\"File:Valle kirke Aust-Agder.jpg\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kveldens sending i Valle Radio hadde b\u00e5de alvor og skjemt. Om vi skal ta skjemten f\u00f8rst, s\u00e5 handla den om ein samtale med Tom Are Str\u00f8msvik i Hovdenrevyen. Han meinte at det ikkje vr godt nok med eit klipp p\u00e5 radio, for det er opplevinga og samspelet mellom humor p\u00e5 scenen og respons fr\u00e5 publikum &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/alvor-og-skjemt\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Alvor og skjemt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20661610","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661610"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20661610"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661610\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20661611,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661610\/revisions\/20661611"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20661610"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20661610"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20661610"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}