{"id":20661510,"date":"2019-10-02T23:48:17","date_gmt":"2019-10-02T21:48:17","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20661510"},"modified":"2019-10-02T23:48:17","modified_gmt":"2019-10-02T21:48:17","slug":"to-byklarar-i-radioen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to-byklarar-i-radioen\/","title":{"rendered":"To byklarar i radioen"},"content":{"rendered":"<p>I kveldens sendinghadde Siri Johannessen intervju med to byklarar. Det eine var eit intervju som \u00d8rnulf Hasla hadde laga med Folke Nesland, munnharpesmeden som vart heidra av Norsk munnharpeforum i haust. Folke Nesland var tilsett i Bykle kommune som teknisk sjef i 36 \u00e5r og stod for det meste av den store utbygginga i kommunen.<\/p>\n<p>No er han pensjonist og \u00d8rnulf m\u00f8tte han i smia der han putla og smidde p\u00e5 munnharpe. Men det var kalt, varmen fr\u00e5 essa var ikkje nok til \u00e5 halde varmen i den gamle bua fr\u00e5 1830-talet, sj\u00f8lv om han til og med hadde st\u00f8ypt varmekablar i golvet, s\u00e5 dei gjekk innomhus etter kvart og vi fekk h\u00f8yre mykje om korles det var \u00e5 drive med smiing som hobby. I mange \u00e5r dreiv han som knivsmed, men det er mange tusen knivsmedar i Norge, s\u00e5 han gjekk over til \u00e5 smi munnharper, det er truleg bare 4-5 som gjer det no. Knut Tveit var vel den f\u00f8rste som tok opp tradisjonen, men han er jo g\u00e5tt bort.<\/p>\n<p>Vi fekk h\u00f8yre mykje om korleis ein m\u00e5 file og justere for \u00e5 f\u00e5 klang og rett tone i munnharpene. Om ein spelar aleine, kan munnharpa vere\u00a0 ustemt, men om ein skal spele saman med andre, m\u00e5 ho stemmast. D\u00e5 stemmast ho i G, det har ein blitt samde om, elles hadde det blitt eit sv\u00e6rt surr. P\u00e5 landskappleiken no er det mange som spelar munnharpe, men nokre \u00e5r f\u00f8r Bj\u00f8rgulv Straume kom i gang, var det ingen. Folke sende munnharpene til Bj\u00f8rgulv for at han skulle teste dei og var takksam for konkrete tilbakemeldingar fr\u00e5 spelemannen.<\/p>\n<p>Ikkje bare laga han munnharpene, han laga ogs\u00e5 dei fine skrina som munnharpene ligg i n\u00e5r dei ikkje blir brukte. D\u00e5 kunne han legge inn sylvtr\u00e5d i treet om dei skulle vere ekstra fine, og det lika sylvsmeden \u00d8rnulf godt etter det eg fekk med meg. Men ikkje alle munnharpene var gode, kvar munnharpe var ulik dei andre, s\u00e5 det var mykje etterarbeid for \u00e5 f\u00e5 dei til \u00e5 klinge.<\/p>\n<p>Det andre innslaget i kveld handla om Hans Blattmann, som er trenar for para-alpinlandslaget. Han hadde 170 reised\u00f8gn, s\u00e5 han kunne ikkje vere mykje heime, og Siri fann han i Inzell, der dei var i periodar p\u00e5 14 dagar og trente p\u00e5 sn\u00f8en p\u00e5 ein isbre etter det eg skj\u00f8na. Men mot desember kunne dei vel finne norsk sn\u00f8. \u00c5 trene folk med ulike handikap i idrett var ikkje annleis enn \u00e5 trene funksjonsfriske, dei hadde same ambisi\u00f8se m\u00e5l. Det m\u00e5tte bare nokre tilpassingar til, s\u00e5 Hans Blattmann lika jobben og gledde seg n\u00e5r ut\u00f8varane lukkast.<\/p>\n<p>I programmet Kommunen informerer hadde Siri med seg r\u00e5dmann Aud Sunniva Fuhr. Det var kome nytt nummer av Bygdenytt, og det danna grunnlag for samtalen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveldens sendinghadde Siri Johannessen intervju med to byklarar. Det eine var eit intervju som \u00d8rnulf Hasla hadde laga med Folke Nesland, munnharpesmeden som vart heidra av Norsk munnharpeforum i haust. Folke Nesland var tilsett i Bykle kommune som teknisk sjef i 36 \u00e5r og stod for det meste av den store utbygginga i kommunen. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to-byklarar-i-radioen\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">To byklarar i radioen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20661510","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661510"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20661510"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661510\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20661511,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661510\/revisions\/20661511"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20661510"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20661510"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20661510"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}