{"id":20661038,"date":"2019-03-25T18:41:12","date_gmt":"2019-03-25T17:41:12","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20661038"},"modified":"2019-03-25T21:42:10","modified_gmt":"2019-03-25T20:42:10","slug":"eit-drama","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit-drama\/","title":{"rendered":"Eit drama"},"content":{"rendered":"<p>Denne helga var vi vitne til eit drama med vellukka slutt. At eit cruiseskip med langt over tusen personar ombord kjem i havsnaud og treng evakuering skjer heldigvis ikkje kvar dag. Men etter ein vellukka redningsoperasjon er det jo grunn til \u00e5 tenkje litt ekstra etter om kor ille det kunne ha g\u00e5tt.<\/p>\n<p>Vi snakka med Sigmund p\u00e5 Valder\u00f8y i laurdag, og d\u00e5 sa han at i l\u00f8pet av dagen hadde det vore heile spekteret av ver, sn\u00f8, hagl, sludd, regn, overskya, sol. Men det hadde vore s\u00e5 mykje vind at dei hadde halde seg inne, og dei s\u00e5g p\u00e5 b\u00e5ten mellom \u00c5lesund og Valder\u00f8y at det var ruskut p\u00e5 havet.<\/p>\n<p>Vi sat p\u00e5 fredelege S\u00f8rlandet, der det nok var litt vind, men for ingenting \u00e5 rekne mot uveret p\u00e5 Vestlandet. Og s\u00e5 kunne vi sj\u00e5 helikoptera der folk vart heiste opp, ein og ein. D\u00e5 det vart m\u00f8rkt, heldt dei likevel fram, og d\u00e5 vi vakna, var nesten 500 blitt heist opp, ein og ein. \u00c5 henge dinglande i wire i full storm under eit helikopter, det er ei oppleving for livet. Men utruleg nok, det gjekk godt til slutt. rett nok var det ein del som m\u00e5tte p\u00e5 sjukehus etterp\u00e5, det skulle bare mangle. Men vi ser p\u00e5 tv at passasjerane er sv\u00e6rt takknemlege og imponerte over innsatsen til b\u00e5de profesjonelle og frivillige i l\u00f8pet av d\u00f8geret det heile f\u00f8regjekk.<\/p>\n<p>Det tankevekkjande i denne smanheng er jo at det ogs\u00e5 kunne skjedd ei slik ulukke langt mot nord, nokre av desse skipa g\u00e5r til Svalbard. D\u00e5 hadde det ikkje vore s\u00e5 lett \u00e5 kome til unnsetning. Heller ikkje hadde det vore eit s\u00e5 stort apparat til \u00e5 ta imot dei som vart frakta til land. S\u00e5 eg meiner nok at ein b\u00f8r setje rammer for kor store b\u00e5tar som kan g\u00e5 i dei mest krevande farvatna. Men det er det andre enn meg som m\u00e5 bestemme.<\/p>\n<p>Godt var det at det enda godt for alle involverte, trass alt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne helga var vi vitne til eit drama med vellukka slutt. At eit cruiseskip med langt over tusen personar ombord kjem i havsnaud og treng evakuering skjer heldigvis ikkje kvar dag. Men etter ein vellukka redningsoperasjon er det jo grunn til \u00e5 tenkje litt ekstra etter om kor ille det kunne ha g\u00e5tt. Vi snakka &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit-drama\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eit drama<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20661038","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661038"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20661038"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661038\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20661041,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20661038\/revisions\/20661041"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20661038"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20661038"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20661038"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}