{"id":20660995,"date":"2019-03-07T23:06:44","date_gmt":"2019-03-07T22:06:44","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660995"},"modified":"2019-03-07T23:06:44","modified_gmt":"2019-03-07T22:06:44","slug":"basar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/basar\/","title":{"rendered":"Basar"},"content":{"rendered":"<p>-Er det flest basarar om v\u00e5ren eller om hausten?<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let kom fr\u00e5 r\u00e5dmann Aud Sunniva Fuhr i halvtimen hennar i studio i g\u00e5r kveld.<\/p>\n<p>-Eg hadde tenkt at det er flest om hausten, for d\u00e5 er det julemesser over heile dalen, svarte eg.<\/p>\n<p>Men det har jo og vore tradisjon med 3. dagsbasarar i Valle. Om denne tradisjonen held seg, er eg litt usikker p\u00e5.<\/p>\n<p>I dag sat Reidun p\u00e5 Meny i Mandal i tre timar for \u00e5 skrive lodd til ein basar til inntekt for det nye kyrkjesenteret her i byen. D\u00e5 ho kom heim i kveldinga, var ho helst litt frustrert, for ho sat i tre timar og selde lodd for vel fem hundre kroner.<\/p>\n<p>Folk g\u00e5r forbi, dei har ikkje kontantar. Men kjentfolk stoppar og tek lodd, men det er ikkje s\u00e5 mange kjentfolk som kjem forbi ein torsdag ettermiddag. Dermed g\u00e5r salget tregt.<\/p>\n<p>Ei lita oppmuntring var det likevel:<\/p>\n<p>-Eg har site slik som du, eg veit kor tregt det kan vere, s\u00e5 her har du nokre kroner. Ho som sa det var ikkje kjentfolk.<\/p>\n<p>Hennar eksempel fekk meg til \u00e5 skrive denne bloggen i kveld. Eg vil gjerne oppfordre dykk som g\u00e5r forbi n\u00e5r folk sit og sel lodd, bruk nokre kroner p\u00e5 \u00e5 st\u00f8tte lokalt frivillig arbeid til beste for eit godt form\u00e5l.<\/p>\n<p>I v\u00e5re dagar m\u00e5 ein helst ha vipps for \u00e5 f\u00f8lgje med i det kontantlause samfunn. Og d\u00e5 m\u00e5 ogs\u00e5 loddseljarane ha vipps, og har dei det, s\u00e5 kan ein jo ikkje skulde p\u00e5 at ein ikkje har kontantar. Men uansett, st\u00f8tt ein god sak n\u00e5r du er innom butikken og m\u00f8ter ein loddseljar som gjev av tida si for eit godt form\u00e5l.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>-Er det flest basarar om v\u00e5ren eller om hausten? Sp\u00f8rsm\u00e5let kom fr\u00e5 r\u00e5dmann Aud Sunniva Fuhr i halvtimen hennar i studio i g\u00e5r kveld. -Eg hadde tenkt at det er flest om hausten, for d\u00e5 er det julemesser over heile dalen, svarte eg. Men det har jo og vore tradisjon med 3. dagsbasarar i Valle. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/basar\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Basar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660995","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660995"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660995"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660995\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660996,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660995\/revisions\/20660996"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660995"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660995"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660995"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}