{"id":20660989,"date":"2019-03-06T22:39:33","date_gmt":"2019-03-06T21:39:33","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660989"},"modified":"2019-03-06T22:47:39","modified_gmt":"2019-03-06T21:47:39","slug":"bak-kulissane","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bak-kulissane\/","title":{"rendered":"Bak kulissane"},"content":{"rendered":"<p>Til kveldens sending i Valle Radio med meg som ansvarleg fr\u00e5 Mandal, vart det gjort nokre grep som ikkje kom fram i sendinga. Difor skal eg ta deg med bak kulissane.<\/p>\n<p>Det starta i g\u00e5r, plutseleg fekk eg ein Skype-samtale fr\u00e5 J\u00f8rund Georg Jore. Han ville teste ut om vi kunne bruke Skype i staden for telefon til sendinga. Ikkje bare skulle han ha lyden, nei, han ville ogs\u00e5 at eg skulle sj\u00e5 Aud Sunniva Fuhr som skulle vere i studio i Kommunen informerer og at ho kunne sj\u00e5 meg.<\/p>\n<p>Eg skj\u00f8ner ikkje alt han gjer, men han fiksa det slik at etter kvart kunne vi sj\u00e5 kvarandre. Men i tillegg ville han at eg skulle nytte Skype i samtalane med dei andre eg skulle snakke med. Lyden var mykje betre med Skype enn med telefon. S\u00e5 i dag fiksa han ogs\u00e5 det, s\u00e5 kveldens sending var i stor grad basert p\u00e5 Skype til meg, men telefon til \u00d8rjan Ravndal, Eirik Ver\u00e5s Larsen, Gunn Rita Dahle Flesj\u00e5, Kristian Magnus Kyrvestad og Runar Granheim.<\/p>\n<p>Eirik fortalde at han hadde g\u00e5tt Sesil\u00e5mi for 25 \u00e5r sidan og at han i \u00e5r hadde meldt seg p\u00e5 att. Han skulle reise med ein gjeng p\u00e5 om lag 15 personar fr\u00e5 Flekkefjord, mellom andre ein fetter som skulle g\u00e5 for f\u00f8rste gong, og som nok helst var grunnen til at han melde seg p\u00e5 i \u00e5r att. Gunn Rita Dahle Flesj\u00e5 var i Antwerpen d\u00e5 vi snakka saman, ho har hytte i Sirdal og meinte alle som hadde hytte der, burde g\u00e5 turen. For henne var det f\u00f8rste gong, og ho rekna med at ho neste \u00e5r skulle sette ny personleg rekord, for d\u00e5 ville ho nok ha trent meir enn ho hadde gjort til \u00e5rets renn.<\/p>\n<p>Kristian Magnus Kyrvestad gjekk Vasaloppet for 4. gong i \u00e5r og skulle g\u00e5 Birken neste helg. Han hadde med seg Solveig Kyrvestad, men visste ikkje om andre fr\u00e5 Setesdal. Men eg fekk melding fr\u00e5 Leonhard Jansen om at Knut Erik Paulsen ogs\u00e5 gjekk Vasaloppet i \u00e5r. Det hadde vore eit hardt l\u00f8p denne gongen, for det sn\u00f8dde og var ikkje gode spor for dei som kom bak i k\u00f8en. Men han er no kome seg fram i k\u00f8en, d\u00e5 han starta for fire \u00e5r siden var nummeret noko med 15000, men no er han p\u00e5 5000-talet. F\u00f8rste langl\u00f8pet han gjekk, var Sesil\u00e5mi, den hadde han g\u00e5tt to gonger. I Balestrand, der han bur og arbeider som vaktmeister p\u00e5 Sygna vgs, er det gode tilh\u00f8ve for skig\u00e5ing med eit flott anlegg drive p\u00e5 dugnad 600 moh.<\/p>\n<p>Siste innslag var ein prat med Runar Granheim. Han tok ein pause i \u00f8vinga til Kong Hanes eftf. for \u00e5 fortelje om Setesdalskonferansen 2019 og oppfordre folk til \u00e5 melde seg p\u00e5. Sv\u00e6rt entusiastisk, eg trur mest at han gl\u00f8ymde at korsongarane sat og venta p\u00e5 han.<\/p>\n<p>Halvannan time radio, i kveld var eg helst noko utlada d\u00e5 eg var ferdig. Men moro \u00e5 f\u00e5 vere med p\u00e5 eit nytt kapittel i arbeidet i radioen, n\u00e5 ogs\u00e5 med eksternt studio p\u00e5 Skype.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Til kveldens sending i Valle Radio med meg som ansvarleg fr\u00e5 Mandal, vart det gjort nokre grep som ikkje kom fram i sendinga. Difor skal eg ta deg med bak kulissane. Det starta i g\u00e5r, plutseleg fekk eg ein Skype-samtale fr\u00e5 J\u00f8rund Georg Jore. Han ville teste ut om vi kunne bruke Skype i staden &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bak-kulissane\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bak kulissane<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660989","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660989"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660989"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660989\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660994,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660989\/revisions\/20660994"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660989"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660989"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660989"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}