{"id":20660987,"date":"2019-03-05T23:29:39","date_gmt":"2019-03-05T22:29:39","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660987"},"modified":"2019-03-05T23:29:39","modified_gmt":"2019-03-05T22:29:39","slug":"nytt-fra-bygland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nytt-fra-bygland\/","title":{"rendered":"Nytt fr\u00e5 Bygland"},"content":{"rendered":"<p>I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen med seg Leiv Rygg Langerak fr\u00e5 klokka 20. Han kunne fortelje nytt fr\u00e5 Bygland, mellom anna fr\u00e5 siste kommunestyrem\u00f8te, der streaminga ikkje fungerte. Men det var fullt av folk til stades, for temaet var vindkraft og det var orienteringar fr\u00e5 Fred Olsen Renewables s\u00e5 vel som fr\u00e5 Naturvernforbundet. Men folkem\u00f8te hadde dei ikkje beramma, for det var ikkje noko \u00e5 ha folkem\u00f8te om, f\u00f8rst m\u00e5tte ein eventuelt f\u00e5 eit prosjekt. Sj\u00f8lv var b\u00e5de han og r\u00e5dmannen ugilde i saka, s\u00e5 det var varaordf\u00f8raren som h\u00e5ndterte dette fr\u00e5 kommunen si side.<\/p>\n<p>Dei snakka ogs\u00e5 om politiske lister, og to av desse var ferdige, og s\u00e5 var H\/V-lista under arbeid. Men han var glad for at det ogs\u00e5 var tale om ei fjerde liste, ei ny bygdeliste, for om det bare hadde blitt tre lister, syntest han det var lite. Likevel hadde han nok helst sett at det var reine politiske lister, for d\u00e5 hadde dei kontaktar til fylkespolitikk og rikspolitikk. Det har jo ikkje bygdelister.<\/p>\n<p>Gamle gymsalen er no p\u00e5 det n\u00e6raste ferdig renovert, s\u00e5 no er det lyst ut namnekonkurranse om kva bygget skal heite. Det er jo ikkje naturleg \u00e5 kalle ein nyrenovert bygning for gamle gymsalen, s\u00e5 han vona p\u00e5 gode forslag. Og s\u00e5 venta han seg mykje av det nye prosjeket Setesdal Vest, som pr\u00f8ver \u00e5 f\u00e5 til ny aktivitet i Bygland. Han var ogs\u00e5 oppteken av at Prestneset no var ferdig regulert til n\u00e6ring og bustader, men ville ikkje ha husflid eller anna som ikkje var n\u00e6ring der. Det er nok av andre plassar i Bygland for slikt, meinte han.<\/p>\n<p>Etter den aktuelle timen, der ogs\u00e5 Sissa Ringstad var med og fortalde fr\u00e5 Kyrkja i Valle og Bykle, kom s\u00e5 Niklos K. Besteland med sitt Postludium, som denne gongen hadde musikk fr\u00e5 Petrikyrkja i Bremen med denne spelelista:<\/p>\n<ol>\n<li>Heinrich Sch\u00fctz (1585-1672):\u00a0<i>Die mit Tr\u00e4nen s\u00e4en<\/i>. Motett for 5-stemmig kor SWV 378) og\u00a0<i>So fahr ich hin zu Jesu Christ<\/i>\u00a0)SWV 379). Himlische Cantorey. Barokkorkester i Fabiarmonic. Organist: Beate W\u00f6llecke, dirigent Wolfgang Helbich<\/li>\n<li>Georg Philip Telemann (1681-1767):\u00a0<i>Komm, Heiliger Geist, Herre Gott.<\/i>\u00a0To orgelkoralar. Organist Wolfgang Baumgratz. Bachorgelet i Petrikyrkja i Bremen<\/li>\n<li>Georg Philip Telemann (1681-1767):\u00a0<i>Fantasi i D-dur. Allegro, Dolce og Allegro.<\/i>\u00a0Organist Wolfgang Baumgratz. Bachorgelet i Petrikyrkja i Bremen<\/li>\n<\/ol>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen med seg Leiv Rygg Langerak fr\u00e5 klokka 20. Han kunne fortelje nytt fr\u00e5 Bygland, mellom anna fr\u00e5 siste kommunestyrem\u00f8te, der streaminga ikkje fungerte. Men det var fullt av folk til stades, for temaet var vindkraft og det var orienteringar fr\u00e5 Fred Olsen Renewables s\u00e5 vel som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nytt-fra-bygland\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nytt fr\u00e5 Bygland<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660987","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660987"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660987"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660987\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660988,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660987\/revisions\/20660988"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660987"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660987"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660987"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}