{"id":20660861,"date":"2019-01-17T23:45:43","date_gmt":"2019-01-17T22:45:43","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660861"},"modified":"2019-01-17T23:51:39","modified_gmt":"2019-01-17T22:51:39","slug":"juletrefest","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/juletrefest\/","title":{"rendered":"Juletrefest"},"content":{"rendered":"<p>Dei gjekk neppe rundt juletreet p\u00e5 Granavollen, sj\u00f8lv om det har st\u00e5tt utanfor gjestgiveriet med lys kvar kveld n\u00e5r Knut Magnus Berge har rapportert fr\u00e5 regjeringsforhandlingane.<\/p>\n<p>No er det imidlertid g\u00e5tt s\u00e5 langt ut p\u00e5 ny\u00e5ret at sj\u00f8lv Frelsesarmeen har slutta med juletrefestar, s\u00e5 forhandlingsdelegasjonane m\u00e5tte nok droppe alle tankar om juletrefest i \u00e5r. S\u00e5 har dei pr\u00f8vd \u00e5 invitere til andre festlege samkomer, men n\u00e5r eg sat og s\u00e5g p\u00e5 dei i kveld, kunne eg ikkje anna enn \u00e5 tenke at dei heller burde prioritert juletrefest.<\/p>\n<p>Truleg les ikkje eingong Kjell Ingolf Ropstad bloggen min, men her kjem eit referat fr\u00e5 ein juletrefest. Den vart halden i romjula, P\u00e5 Varhaug. I det bl\u00e5 KrF-landet. Og kusina mi, Brit Obrestad skreiv referatet.<\/p>\n<p><strong>Juletrefest p\u00e5 Lerbrekk skule 4. juledag 2018<\/strong><br \/>\nTradisjonen tru, s\u00e5 vart det juletrefest ogs\u00e5 denne romjula p\u00e5 Lerbrekk skule. Det er Vennelaget som\u00a0arrangerer og juletreet stod fint pynta midt i skulestova.<br \/>\nLeiar Sigbj\u00f8rn Varhaug kunne ynskje velkomen til om lag 44 personar i alle aldrar, til god, gamaldags\u00a0juletrefest. Det er fleire som er heime p\u00e5 juleferie som m\u00f8ter opp p\u00e5 juletrefesten. Det er ekstra<br \/>\ngildt.\u00a0 Faktisk var det ein familie som utsette heimreis ein dag for \u00e5 f\u00e5 med seg juletrefesten p\u00e5\u00a0Lerbrekk.<br \/>\nSpesielt velkomen til soknepresten v\u00e5r, Gaute \u00d8greid Rasmussen, til spelarane Agnes, Steinar og Olav\u00a0Varhaug p\u00e5 trekkspel, og til Oddmund Nord-Varhaug som forsongar. Sigbj\u00f8rn Varhaug las<br \/>\njuleevangeliet, og s\u00e5 song me \u00abDet lyser i stille grender\u00bb. Etter songen fekk Gaute \u00d8greid Rasmussen\u00a0ordet. Han hadde g\u00e5tt ut under songen, og kom inn att kledd slik som han trudde Josef, var kledd,\u00a0han som var trulova med Maria som vart mor til Jesus. Han levde seg inn i rolla til Josef, korleis han\u00a0reagerte d\u00e5 Maria fortalde at ho venta barn, og at Josef ikkje var faren til barnet. Korleis Gud hadde\u00a0tala til han i ein draum at han ikkje m\u00e5tte svikta Maria, men ta p\u00e5 seg rolla som far til barnet. Om\u00a0turen fr\u00e5 Nasaret til Betlehem der dei skulle skriva seg i manntalet, og om f\u00f8dselen som plutseleg\u00a0kom til Maria. Ja, han skildra s\u00e5 levande alt slik som det er fortalt i juleevangeliet til Lukas, slik at\u00a0b\u00e5de sm\u00e5 og store fekk det med seg og kunne sj\u00e5 det levande for seg.<br \/>\nGaute \u00d8greid Rasmussen fekk ein blom som takk for at han var med. Etterp\u00e5 var det gang rundt\u00a0juletreet, og me starta med songen \u00abJeg er s\u00e5 glad hver julekveld\u00bb. Det vart fleire songar f\u00f8r det var\u00a0tid for kaffi, julebr\u00f8d og lefse i tillegg til posane som borna fekk med kakemann og klementin. Og\u00a0tradisjonen tru, s\u00e5 vart det ogs\u00e5 i \u00e5r \u00absmedling\u00bb med posane, til stor glede for dei sm\u00e5, og kan hende\u00a0for dei vaksne med. Litt mimring om barndommens juletrefest skjemmer ingen.<br \/>\nSigbj\u00f8rn las ei forteljing om \u00e5 ha influensa, og hadde konkurranse med Twist som premie. Meir gang\u00a0rundt treet vart det og, f\u00f8r Sigbj\u00f8rn takka for framm\u00f8tet og ga ein blom til musikarane som takk for\u00a0at dei hadde delteke ogs\u00e5 i \u00e5r med god musikk.<\/p>\n<p><strong>Dagens sp\u00f8rsm\u00e5l:<\/strong><\/p>\n<p>Kva samla Anne Tarkjelsdotter Austad p\u00e5?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dei gjekk neppe rundt juletreet p\u00e5 Granavollen, sj\u00f8lv om det har st\u00e5tt utanfor gjestgiveriet med lys kvar kveld n\u00e5r Knut Magnus Berge har rapportert fr\u00e5 regjeringsforhandlingane. No er det imidlertid g\u00e5tt s\u00e5 langt ut p\u00e5 ny\u00e5ret at sj\u00f8lv Frelsesarmeen har slutta med juletrefestar, s\u00e5 forhandlingsdelegasjonane m\u00e5tte nok droppe alle tankar om juletrefest i \u00e5r. S\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/juletrefest\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Juletrefest<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660861","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660861"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660861"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660861\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660865,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660861\/revisions\/20660865"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660861"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660861"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660861"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}