{"id":20660665,"date":"2018-10-24T23:36:32","date_gmt":"2018-10-24T21:36:32","guid":{"rendered":"https:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660665"},"modified":"2018-10-24T23:36:32","modified_gmt":"2018-10-24T21:36:32","slug":"bokslepp-i-kulturveka","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bokslepp-i-kulturveka\/","title":{"rendered":"Bokslepp i kulturveka"},"content":{"rendered":"<p>Neste veke er det kulturveka i Valle 2018. I kveld var Gunnar Stubseid med i Valle Radio og fortalde om boka han har skrive og som kjem ut p\u00e5 Bokbyen forlag:\u00a0<i>Legendariske hardingfeler. <\/i>Undertittelen er Femti feler 1750 &#8211; 1950.\u00a0 Det er eit prosjekt han har halde p\u00e5 med i fire-fem \u00e5r. Han har samarbeidd med Hallvard T. Bj\u00f8rgum, skrivearbeidet har visst vore p\u00e5 Sylvartun. Der skal ogs\u00e5 boka lanserast.<\/p>\n<p>Her er omtalen av boka:<\/p>\n<p>Legendariske hardingfeler tek f\u00f8re seg femti feler daterte i tidsrommet 1750 til 1950. Dette er feler som skil seg ut fr\u00e5 dei mange tusen hardingfelene som er bygde i denne perioden, anten p\u00e5 grunn av framifr\u00e5 handverk, tone, form eller utsmykking. Mange av desse instrumenta har ogs\u00e5 ei<span id=\"fh-review\" class=\"more\">interessant historie knytt til seg. Denne forteljetradisjonen lever framleis blant spelemenn og folkemusikkinteresserte. Nokre av instrumenta er ogs\u00e5 blitt modell og eit ideal for seinare felemakarar. I tillegg til at desse instrumenta er blitt &#8220;klassiske&#8221; innan hardingfeletradisjonen, er mange av instrumenta ogs\u00e5 knytte til v\u00e5re mest kjende spelmenn. Dette er naturleg, ettersom dei beste spelemennene ogs\u00e5 vil ha dei beste instrumenta. Felene blir presenterte med eit omfattande biletmateriale. Dette er viktig instrument- og kulturhistorie, samstundes som forlaget ynskjer \u00e5 presentere ei praktbok som syner den rike handverkstradisjonen som hardingfela representerer. Gunnar Stubseid (1948) er fr\u00e5 Bygland i Setesdal. Han er utdanna musikkl\u00e6rar og har magistergrad i etnologi fr\u00e5 Universitetet i Bergen. Han er spelemann og har gitt ut eit titals plater og skriva fleire b\u00f8ker om folkemusikk, m a den kritikarroste biografien om Sigbj\u00f8rn Bernhoft Osa (2003). Han var tilsett som rektor ved Ole Bull Akademiet fr\u00e5 2003 til 2012, og starta i denne perioden opp eit utdanningstilbod i bygging av hardingfeler.<\/span><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Neste veke er det kulturveka i Valle 2018. I kveld var Gunnar Stubseid med i Valle Radio og fortalde om boka han har skrive og som kjem ut p\u00e5 Bokbyen forlag:\u00a0Legendariske hardingfeler. Undertittelen er Femti feler 1750 &#8211; 1950.\u00a0 Det er eit prosjekt han har halde p\u00e5 med i fire-fem \u00e5r. Han har samarbeidd med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bokslepp-i-kulturveka\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bokslepp i kulturveka<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660665","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660665"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660665"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660665\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660666,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660665\/revisions\/20660666"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660665"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660665"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660665"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}