{"id":20660634,"date":"2018-10-04T23:20:27","date_gmt":"2018-10-04T21:20:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660634"},"modified":"2018-10-04T23:20:27","modified_gmt":"2018-10-04T21:20:27","slug":"variert-sending","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-sending\/","title":{"rendered":"Variert sending"},"content":{"rendered":"<p>Onsdagens sending i Valle Radio var variert. Etter andakt med H\u00e5vard Viki, kom r\u00e5dmann Aud Sunniva Fuhr fr\u00e5 kommunen med ein halv time informasjon.<\/p>\n<p>I den aktuelle timen hadde Siri Johannessen f\u00e5tt med seg Tarald Myrum og Gunnar Greibrokk. Dei fortalde om Valletunet, bygge som skal ha plass til Coop-butikk, Nordib\u00f8 Landhandel ved Margit Dale og gjerne kontorarbeidsplassar p\u00e5 resten av av plassen. P\u00e5 toppen kjem det leilighetar, det er alt mange interessentar p\u00e5 lista til desse.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det gjenh\u00f8yr med Paal-Helge Haugen sin tekst fr\u00e5 opninga av S\u00e6byggjen. Den kan ein gjerne h\u00f8yre fleire gonger, det er ein rik og innhaldsrik tekst.<\/p>\n<p>I Opi sending var det Jorunn Lund Harstad og K\u00e5re Rike som stod for programmet. Gjestene fekk god tid til fine samtalar, eg kom ogs\u00e5 inn, dei utfordra meg til \u00e5 ta ei salme, men gl\u00f8ymde det, og glad var eg, for i kveld var eg lite klar for sang. Men Birgit Rike Lund, ho tok eit stev p\u00e5 strak arm:<\/p>\n<p><em>Ein v\u00e9ne haustdage rein og kl\u00e5re, <\/em><\/p>\n<p><em>kan mei&#8217; hell v\u00e5rdagen gjer meg s\u00e5re. <\/em><\/p>\n<p><em>Dei bleike litin kring nutan bl\u00e5, <\/em><\/p>\n<p><em>gjev meg allst\u00f8tt mykji \u00e5 tenkje p\u00e5.<\/em><\/p>\n<p>Det var alts\u00e5 ein variert kveld i radioen. Neste veke skal eg ha ansvar for onsdagssendinga. Det skal eg ha fr\u00e5 Mandal, det blir ei ny erfaring. Eg gleder meg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdagens sending i Valle Radio var variert. Etter andakt med H\u00e5vard Viki, kom r\u00e5dmann Aud Sunniva Fuhr fr\u00e5 kommunen med ein halv time informasjon. I den aktuelle timen hadde Siri Johannessen f\u00e5tt med seg Tarald Myrum og Gunnar Greibrokk. Dei fortalde om Valletunet, bygge som skal ha plass til Coop-butikk, Nordib\u00f8 Landhandel ved Margit Dale &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-sending\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Variert sending<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660634","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660634"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660634"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660634\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660635,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660634\/revisions\/20660635"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660634"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660634"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660634"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}