{"id":20660350,"date":"2018-05-24T23:54:09","date_gmt":"2018-05-24T21:54:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660350"},"modified":"2018-05-24T23:54:09","modified_gmt":"2018-05-24T21:54:09","slug":"gjenbruk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gjenbruk\/","title":{"rendered":"Gjenbruk"},"content":{"rendered":"<p>Det g\u00e5r ei b\u00f8lge over landet n\u00e5r det gjeld gjenbruk. S\u00e6rleg gjeld det, s\u00e5 vidt eg har f\u00e5tt med meg, misjonsorganisasjonar og ideelle organisasjonar. Eg las at NMS, som driv gjenbruksbutikken p\u00e5 Evje, fekk 20 millionar kroner fr\u00e5 sine gjenbruksbutikkar p\u00e5 eitt \u00e5r. Pengane nyttar dei i arbeidet rundt om i verda.<\/p>\n<p>Det som er grunnen til overskotet, er at butikkane knapt har l\u00f8nnsutgifter, det er frivillige medarbeidarar som tek ei vakt i veka eller kvar 14. dag. N\u00e5r dei ikkje har utgifter til anna enn husleie og straum, blir det fort noko \u00e5 sende til misjonen.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv stikk eg av og til innom ein slik butikk for \u00e5 sj\u00e5 etter ei bok. Andre ting har eg meir enn nok av, eg har i grunnen meir enn nok b\u00f8ker ogs\u00e5, det var difor eg i g\u00e5r skreiv om \u00e5 ta ein pose med til ein gjenbruksbutikk, noko som m\u00e5tte utsetjast, d\u00e5 eg plutseleg s\u00e5g ein ny m\u00e5te \u00e5 bruke b\u00f8kene p\u00e5 som m\u00e5tte testast.<\/p>\n<p>Men om eg ikkje g\u00e5r innom bruktbutikk sj\u00f8lv i s\u00e6rleg grad fysisk, er eg innom bruktbutikkar i Danmark to gonger dagleg. Det er gjennom programma Skattejakten klokka 09.40 p\u00e5 NRK1 og Antikkrunden p\u00e5 NRK2 klokka 12.15. I Danmark m\u00e5 gjenbruk vere end\u00e5 meir utbreidd enn i Norge, for vi blir ofte overraska over kor store bygningar det er som er fulle med ting og tang som skal seljast for ein slikk og ingenting.<\/p>\n<p>Programma er laga slik at ein blir kjent med folk som er p\u00e5 leiting etter gull i alt rotet, s\u00e5 fr\u00e5 gong til gong kjenner ein att leitinga. Samstundes l\u00e6rer vi litt om ting som er etterspurde. B\u00f8ker er ikkje det i desse programma, men teakm\u00f8bler, lampar og glass g\u00e5r unna.<\/p>\n<p>I grunnen er det veldig greitt med slik digital skattejakt. Ein slepp \u00e5 f\u00e5 eige hus fylt opp, men kan glede seg over \u00e5 sj\u00e5 at ting blir verdsett og f\u00e5r nytt liv. Det er greitt for ein pensjonist.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/05\/antikkduellen.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone size-medium wp-image-20660351\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/05\/antikkduellen-300x169.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"169\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/05\/antikkduellen-300x169.jpg 300w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/05\/antikkduellen-768x432.jpg 768w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/05\/antikkduellen.jpg 960w\" sizes=\"(max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det g\u00e5r ei b\u00f8lge over landet n\u00e5r det gjeld gjenbruk. S\u00e6rleg gjeld det, s\u00e5 vidt eg har f\u00e5tt med meg, misjonsorganisasjonar og ideelle organisasjonar. Eg las at NMS, som driv gjenbruksbutikken p\u00e5 Evje, fekk 20 millionar kroner fr\u00e5 sine gjenbruksbutikkar p\u00e5 eitt \u00e5r. Pengane nyttar dei i arbeidet rundt om i verda. Det som er &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gjenbruk\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gjenbruk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660350","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660350"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660350"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660350\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660352,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660350\/revisions\/20660352"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660350"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660350"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660350"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}