{"id":20660252,"date":"2018-04-24T23:57:06","date_gmt":"2018-04-24T21:57:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660252"},"modified":"2018-04-25T23:46:32","modified_gmt":"2018-04-25T21:46:32","slug":"frustrerande-2","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frustrerande-2\/","title":{"rendered":"Frustrerande"},"content":{"rendered":"<p>Det m\u00e5 vere frustrerande \u00e5 sitje som ansvarleg og teknikar i Valle Radio der ein har gjort avtale om \u00e5 ringe opp eit intervjuobjekt, og s\u00e5 er det ur\u00e5d \u00e5 f\u00e5 kontakt.<\/p>\n<p>I kveld opplevde Siri Johannessen dette d\u00e5 ho skulle snakke med Oskar Pushmann, han som var i Oveinang grendehus i g\u00e5r kveld og synte refotograferingar av stader der dei gamle og kjende fotografane Lindahl og Wilse hadde vore f\u00f8r. Heilt ur\u00e5d \u00e5 f\u00e5 tak i han, synte det seg.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 var ho heldig og fekk Gunnstein Seltveit fr\u00e5 Skafs\u00e5heii fjellkyrkje inn i staden. Han fortalde om v\u00e5rsang-arrangementet dei skal ha der fredagskvelden, med ei gruppe som kallar seg Vangsgutane fr\u00e5 Vinje som forsongarar og inspiratorar. Han fortalde elles ogs\u00e5 levande om aktiviteten i denne kyrkja, som m\u00e5 skaffe sine inntekter sj\u00f8lv. Ho er ein del av Tokke prestegjeld, men drifta m\u00e5 dei ordne sj\u00f8lv, s\u00e5 dei m\u00e5 st\u00e5 p\u00e5 og organisere aktivitetar som kan gje litt pengar i kassen. Elles er det mykje dugnadsarbeid det g\u00e5r i.<\/p>\n<p>Den siste gjesten i aktuell time i kveld var Bergtor Haug\u00e5 fr\u00e5 Ose Water. Han hadde bes\u00f8k av Svein Harberg i g\u00e5r, men dei snakka ikkje om det, men om korleis dei har vore heldige og f\u00e5tt overta brukt utstyr fr\u00e5 Voss-fabrikken p\u00e5 Vatnestr\u00f8m og at dei no held p\u00e5 og monterer utstyret. Det blir ikkje s\u00e5 mange arbeidsplassar i starten, men ein f\u00e5r ta det litt etter kvart. Vonleg kjem produksjonen i gang til hausten.<\/p>\n<p>Det er noko eige med direkte sending, n\u00e5r det ikkje er eit opptak som er gjort tidlegare, men at samtalen g\u00e5r rett p\u00e5 lufta. N\u00e5r det fungerer, er det nydeleg, n\u00e5r Telenor ikkje skaffar kontakt, er det frustrerande. Eg vil likevel halde ein knapp p\u00e5 det ferske, boksemat er eit alternativ til ferskvare b\u00e5de i radio og i kj\u00f8kkenet, men ferskvare er best etter mi meining.<\/p>\n<p>Takk for kveldens program, Siri Johannessen!<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/Hvitveis.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone size-medium wp-image-20660253\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/Hvitveis-300x169.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"169\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/Hvitveis-300x169.jpg 300w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/Hvitveis-768x432.jpg 768w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/04\/Hvitveis.jpg 960w\" sizes=\"(max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det m\u00e5 vere frustrerande \u00e5 sitje som ansvarleg og teknikar i Valle Radio der ein har gjort avtale om \u00e5 ringe opp eit intervjuobjekt, og s\u00e5 er det ur\u00e5d \u00e5 f\u00e5 kontakt. I kveld opplevde Siri Johannessen dette d\u00e5 ho skulle snakke med Oskar Pushmann, han som var i Oveinang grendehus i g\u00e5r kveld og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frustrerande-2\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Frustrerande<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660252","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660252"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660252"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660252\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660255,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660252\/revisions\/20660255"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660252"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660252"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660252"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}