{"id":20660187,"date":"2018-03-28T23:56:59","date_gmt":"2018-03-28T21:56:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660187"},"modified":"2018-03-28T23:56:59","modified_gmt":"2018-03-28T21:56:59","slug":"liv-andre-har-levd","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/liv-andre-har-levd\/","title":{"rendered":"Liv andre har levd"},"content":{"rendered":"<p>Eg har vore medlem av Den norske bokklubben i sv\u00e6rt mange \u00e5r. Eg pr\u00f8ver \u00e5 vere flink til \u00e5 avbestille, slik at ikkje huset skal bli s\u00e5 mykje meir fylt med b\u00f8ker. Som oftast g\u00e5r det godt, men nyleg dukka det opp eit brev i innboksen om at ei ny bok var p\u00e5 veg.<\/p>\n<p>Vi sukka litt, b\u00e5de Reidun og eg, over at eg hadde vore for sein denne gongen, men sj\u00f8lv om eg kj\u00f8per s\u00e5 lite at klubben ein gong pr\u00f8vde \u00e5 f\u00e5 meg til \u00e5 seie opp medlemsskapet, s\u00e5 held eg fram. Heller ikkje denne gongen sa eg opp.<\/p>\n<p>Boka kom og vart liggjande nokre dagar, men s\u00e5 tok eg ho fram: Edvard Hoem: <em>Liv andre har levd\u00a0<\/em>er ikkje ei tynn flis av ei bok, nei, mest 500 sider m\u00e5 til f\u00e5r \u00e5 fortelje om livet til Eilert Knudtson p\u00e5 pr\u00e6rien i Canada. Han kjempar mot myndighetar og klima og byggjer ein heim som korndyrkar, dels p\u00e5 leigd og dels p\u00e5 eigd jord. I eit etterod fortel Hoem at utgangspunktet fr\u00e5 boka er korrespondanse Eilert hadde med styresmaktene om leige av eit areal og betalinga for dette. Det gjev perspektiv p\u00e5 kampen han f\u00f8rte i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>Ein roman basert p\u00e5 slekta og verkelege personar, det er jo ei utfordring, og mot slutten opplever eg nok at det g\u00e5r noko tregt, boka fylgjer hovudpersonens liv til han d\u00f8yr, og dei siste \u00e5ra er ikkje s\u00e5 innhaldsrike som den f\u00f8rste tida. Men slik er jo livet. Og s\u00e5 knyter ein tr\u00e5dar fram og tilbake mellom Norge og Canada. Hendingane er i stor grad i tida f\u00f8r forfattaren vart f\u00f8dd, men p\u00e5 slutten av bok, kjem ogs\u00e5 han inn i fortellinga. D\u00e5 er det ogs\u00e5 allusjonar til <em>Mors og fars historie,\u00a0<\/em>ei anna av Hoems b\u00f8ker, som ikkje g\u00e5r inn kronologisk i slektskr\u00f8niken etter Sl\u00e5ttekaren som vart skildra i Sl\u00e5ttekar i himmelen.<\/p>\n<p>\u00c5 lese ei bok der gudstru er s\u00e5 sterkt vove inn i livet til personane som vert skildra, er sjeldan. Men det er gjevande og realistisk korleis han kvelvar ein himmel over livet til s\u00e5 mange av dei som er omtalte i boka. Sist i boka er det ogs\u00e5 eit slektsregister over alle personane som p\u00e5 ulikt vis er knytte til og etterkomarar av sl\u00e5ttekaren Nesje.<\/p>\n<p>Det var eit feilkj\u00f8p som var vel verd \u00e5 gjere!<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/03\/Liv-andre-har-levd.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone size-medium wp-image-20660188\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/03\/Liv-andre-har-levd-197x300.jpg\" alt=\"\" width=\"197\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/03\/Liv-andre-har-levd-197x300.jpg 197w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/03\/Liv-andre-har-levd-768x1167.jpg 768w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/03\/Liv-andre-har-levd-674x1024.jpg 674w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/03\/Liv-andre-har-levd.jpg 1710w\" sizes=\"(max-width: 197px) 100vw, 197px\" \/><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har vore medlem av Den norske bokklubben i sv\u00e6rt mange \u00e5r. Eg pr\u00f8ver \u00e5 vere flink til \u00e5 avbestille, slik at ikkje huset skal bli s\u00e5 mykje meir fylt med b\u00f8ker. Som oftast g\u00e5r det godt, men nyleg dukka det opp eit brev i innboksen om at ei ny bok var p\u00e5 veg. Vi &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/liv-andre-har-levd\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Liv andre har levd<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660187","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660187"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660187"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660187\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660189,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660187\/revisions\/20660189"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660187"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660187"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660187"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}