{"id":20660107,"date":"2018-02-28T23:21:03","date_gmt":"2018-02-28T22:21:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20660107"},"modified":"2018-02-28T23:21:03","modified_gmt":"2018-02-28T22:21:03","slug":"regionradet-i-eteren","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/regionradet-i-eteren\/","title":{"rendered":"Regionr\u00e5det i eteren"},"content":{"rendered":"<p>Setesdal regionr\u00e5d har hatt fast plass i eteren n\u00e5r Valle Radio har fredagssending. D\u00e5 har gjerne styreleiar eller dagleg leiar stilt opp for \u00e5 informere. Det har blitt eit par gonger i semesteret.<\/p>\n<p>Det er noko heilt anna \u00e5 oppleve regionr\u00e5det sitt styrearbeid. D\u00e5 er det ikkje bare ein knapp halvtime med utvalde saker, i dag var det vel om lag fire timar p\u00e5 lufta. Eg fekk med meg det meste, noko skal jo ein pensjonist gjere n\u00e5r sn\u00f8kovet st\u00e5r rundt husa.<\/p>\n<p>Eg har hatt stor interesse for regionr\u00e5det sitt arbeid heilt sidan eg var med p\u00e5 Setesdalskonferansen i 2009, det m\u00f8tet som ga starten til Setesdalswiki. S\u00e5 har eg ogs\u00e5 vore heldig og f\u00e5tt vere med p\u00e5 fleire av m\u00f8ta dei har arrangert opp gjennom \u00e5ra.<\/p>\n<p>I dagens m\u00f8te markerte ein at det var f\u00f8rste gongen eit m\u00f8te i regionr\u00e5det vart overf\u00f8rt. Aller f\u00f8rst hadde \u00d8rnulf Hasla ein prat med styreleiar Bj\u00f8rn Ropstad og dagleg leiar Signe Sollien Haug\u00e5 om forventningar. Dei trudde det ville bli positivt at folk kunne f\u00e5 direkte informasjon om arbeidet i regionr\u00e5det.<\/p>\n<p>S\u00e5 starta m\u00f8tet med orientering om satsing innan landbruk. Landbruksdirekt\u00f8r Tore Haugum og r\u00e5dgjevar og tidlegare ordf\u00f8rar i Iveland, Ole Magne Omdal hadde f\u00f8rst ordet. Eg skreiv litt p\u00e5 facebooksida til regionr\u00e5det i l\u00f8pet av m\u00f8tet, og om f\u00f8rste timen skreiv eg dette:\u00a0<em>F\u00f8rste timen handla om landbruk, etter det eg fekk med meg var det fokus p\u00e5 hagebruk og bir\u00f8kt. Deretter kom \u00c5seral, dei vart \u00f8nska varmt velkomne av alle, observat\u00f8r i 2018, m\u00e5l om medlem fr\u00e5 2019.\u00a0<\/em>Det var ordf\u00f8raren i \u00c5seral, Oddmund Ljosland, som var observat\u00f8r, han var takksam for den positive velkomsten.<\/p>\n<p>I andre timen var det meir normalt, d\u00e5 var det orienteringssaker som stod p\u00e5 agendaen. Det kommenterte eg slik:\u00a0<em>Timen f\u00f8r lunsj var det orienteringar fr\u00e5 dagleg leiar og r\u00e5dmannsutvalet. Deretter var det val av rep til ulike utval.\u00a0<\/em><\/p>\n<p>Etter lunsj kom rektor Birgit Attestog fr\u00e5 Setesdal vidareg\u00e5ande skule for \u00e5 orientere. Ho kunne fortelje at \u00e5rskulla framover blir mindre og at det er utfordringar for skulen i samband med fylkessamansl\u00e5inga, for d\u00e5 vil omr\u00e5da ein kan f\u00e5 elevar fr\u00e5, bli mindre. Min kommentar p\u00e5 Facebook var slik:\u00a0<em>Etter lunsj var det orientering ved\u00a0<a class=\"profileLink\" dir=\"ltr\" href=\"https:\/\/www.facebook.com\/battestog?hc_location=ufi\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\" data-hovercard=\"\/ajax\/hovercard\/hovercard.php?id=100000077207556&amp;extragetparams=%7B%22hc_location%22%3A%22ufi%22%7D\">Birgit Attestog<\/a>, ho peika p\u00e5 utfordringar i m.a. skuleskyss for Hornnes vgs som gjer komprimert skuledag. S\u00e5 var det orientering om kommunale innkj\u00f8p og Setesdalskonferansen 2018 f\u00f8r m\u00f8tet vart lukka for handsaming av n\u00e6ringssaker.<\/em><\/p>\n<p>Vel halv to vart m\u00f8tet lukka. Dermed var det heile over. Det var interessant \u00e5 f\u00e5 det med seg, tenkte eg etterp\u00e5.<\/p>\n<figure id=\"attachment_20660108\" aria-describedby=\"caption-attachment-20660108\" style=\"width: 225px\" class=\"wp-caption alignnone\"><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/02\/regionr\u00e5dsm\u00f8te-Revsnes-p\u00e5-radio.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-medium wp-image-20660108\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2018\/02\/regionr\u00e5dsm\u00f8te-Revsnes-p\u00e5-radio-225x300.jpg\" alt=\"\" width=\"225\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/02\/regionr\u00e5dsm\u00f8te-Revsnes-p\u00e5-radio-225x300.jpg 225w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2018\/02\/regionr\u00e5dsm\u00f8te-Revsnes-p\u00e5-radio.jpg 720w\" sizes=\"(max-width: 225px) 100vw, 225px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-20660108\" class=\"wp-caption-text\">Klart for regionr\u00e5dsm\u00f8teoverf\u00f8ring 28. februar 2018. \u00d8rnulf Hasla og J\u00f8rund Georg Jore. Foto: Signe Sollien Haug\u00e5<\/figcaption><\/figure>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Setesdal regionr\u00e5d har hatt fast plass i eteren n\u00e5r Valle Radio har fredagssending. D\u00e5 har gjerne styreleiar eller dagleg leiar stilt opp for \u00e5 informere. Det har blitt eit par gonger i semesteret. Det er noko heilt anna \u00e5 oppleve regionr\u00e5det sitt styrearbeid. D\u00e5 er det ikkje bare ein knapp halvtime med utvalde saker, i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/regionradet-i-eteren\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Regionr\u00e5det i eteren<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20660107","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660107"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20660107"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660107\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20660109,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20660107\/revisions\/20660109"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20660107"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20660107"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20660107"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}