{"id":20659880,"date":"2017-12-05T23:58:16","date_gmt":"2017-12-05T22:58:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20659880"},"modified":"2017-12-05T23:58:16","modified_gmt":"2017-12-05T22:58:16","slug":"noko-a-fortelje","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/noko-a-fortelje\/","title":{"rendered":"Noko \u00e5 fortelje"},"content":{"rendered":"<p>Wenn jemand eine Reise tut, dann kann er was erz\u00e4hlen, heitte det i eit gamalt munnhell eg l\u00e6rte i tysktimane for mange \u00e5r sidan. L\u00e6raren v\u00e5r var innf\u00f8dd og banka regla inn i hovudet p\u00e5 oss, s\u00e5 den sit som spikra over 50 \u00e5r seinare.<\/p>\n<p>I kveldens sending i Valle Radio synte Sigurd Haugsgjerd at det stemmer, det tyskarane sa. Han var ein tur i Estland sist veke og fortalde fr\u00e5 turen. Han var saman med ei gruppe p\u00e5 12 elevar fr\u00e5 Ris\u00f8y folkeh\u00f8yskole som var nedover med eit lass med mat og utstyr til ein barneheim utanfor Riga.<\/p>\n<p>Han hadde med inntrykk tilbake fr\u00e5 eit land som er prega av \u00e5 ha vore under Sovjetunionen, mellom anna ved at folk budde i blokker, mange blokker hadde s\u00e5 d\u00e5rleg standard at det einaste vatnet som var i husv\u00e6ret, var i toalettet. Barneheimen var i ei gamal kyrkje, her tok dei vare p\u00e5 barn som hadde mista foreldra, gjerne p\u00e5 grunn av rus, etter det eg skj\u00f8na. Noko av hjelpa brukte dei sj\u00f8lve, noko gav dei til folk som trong det. Ein av ungane fylgde etter Sigurd heile tida medan han var der, og hjelpesendinga med utstyr, mellom anna slikt som var kassert p\u00e5 S\u00f8rlandet Sykehus, kom vel til nytte. Dei hadde ogs\u00e5 samla inn pengar som skulle brukast til drifta av denne barneheimen.<\/p>\n<p>Truleg kjem det noko i avisa om turen, kan hende til jul, om det h\u00f8ver slik, svarte han d\u00e5 programleiar Siri Johannessen spurde om det var aktuelt.<\/p>\n<p>Dei snakka ogs\u00e5 litt om fleire grupper i Setesdal som driv slikt hjelpearbeid til land i Aust-Europa. LEGO Romania er p\u00e5 tur nedover med eit lass til jul. i februar skal det g\u00e5 ein tur fr\u00e5 Bykle, KVS Bygland har sitt prosjekt og Sykler til Cuba er framleis i aktivitet. Det er r\u00e5d \u00e5 finne nokon ein kan gje til med ulik profil, og slike grasrot-aksjonar sikrar at det ein gjev kjem fram.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Wenn jemand eine Reise tut, dann kann er was erz\u00e4hlen, heitte det i eit gamalt munnhell eg l\u00e6rte i tysktimane for mange \u00e5r sidan. L\u00e6raren v\u00e5r var innf\u00f8dd og banka regla inn i hovudet p\u00e5 oss, s\u00e5 den sit som spikra over 50 \u00e5r seinare. I kveldens sending i Valle Radio synte Sigurd Haugsgjerd at &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/noko-a-fortelje\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Noko \u00e5 fortelje<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20659880","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659880"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20659880"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659880\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20659881,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659880\/revisions\/20659881"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20659880"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20659880"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20659880"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}