{"id":20659736,"date":"2017-10-10T23:32:43","date_gmt":"2017-10-10T21:32:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20659736"},"modified":"2017-10-10T23:32:43","modified_gmt":"2017-10-10T21:32:43","slug":"til-minne-om-theis-salvesen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/til-minne-om-theis-salvesen\/","title":{"rendered":"Til minne om Theis Salvesen"},"content":{"rendered":"<p>Kvelden i kveld vart ikkje som andre kveldar, korkje for meg eller i Valle Radio. I opninga starta Siri med \u00e5 fortelje at v\u00e5r tidlegare sokneprest og eldsjel i Valle Radio, Theis Salvesen, var d\u00f8d. Dei fleste visste nok at han var sjuk, men at han skulle d\u00f8y s\u00e5 fort, hadde vi ikkje tenkt.<\/p>\n<p>I ein samtale med Jon-Rolf N\u00e6ss vart han ogs\u00e5 minna, b\u00e5de som prest og som samfunnsengasjert politikar. Heile 18 \u00e5r var han i Bykle og Valle, det er klart at han sette store spor etter seg, mellom anna kom den nye kyrkja i Bykle i hans tid. Det same gjorde orgla i Valle og Hylestad. Sendinga i kveld vart avslutta med salma som Theis gjerne avslutta med n\u00e5r han hadde ansvar i Valle Radio: <em>Bred dina vida vingar<\/em> med Carola.<\/p>\n<p>Theis reiste fr\u00e5 Valle i 2007 og vart prest i Tveit ved Kristiansand. Tveit menighet skreiv p\u00e5 Facebooksida si:<\/p>\n<p><em>Det er med stor sorg vi i dag har mottatt beskjeden om at v\u00e5r kj\u00e6re sogneprest Theis Salvesen d\u00f8de fredfullt med sine n\u00e6rmeste rundt seg.<\/em><br \/>\n<em>Theis var glad i bygda\u00a0<span class=\"highlightNode\">Tveit<\/span>\u00a0og folkene som bor her. Han vil bli dypt savnet.<\/em><br \/>\n<em>Hans folkelighet og vide kontaktflate gjorde han til en kj\u00e6r og h\u00f8yt respektert person i bygda.<\/em><br \/>\n<em><span class=\"highlightNode\">Tveit menighet<\/span>\u00a0har mistet en raus og fargerik sogneprest.<span class=\"text_exposed_show\"><br \/>\nDet er i dyp takknemlighet vi i dag minnes Theis.<br \/>\nVi lyser fred over hans gode minne.<\/span><\/em><\/p>\n<p>N\u00e5r eg skriv dette, har meldinga f\u00e5tt over 600 kommentarar og er blitt delt 50 gonger. Theis hadde mange som sette pris p\u00e5 mannen og tenesta han gjorde.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv hadde eg gleda av \u00e5 samarbeide med Theis, han var den f\u00f8rste eg m\u00f8tte d\u00e5 eg kom til Valle i 1991 og starta som avdelingsleiar for kyrkjeseksjonen. Sj\u00f8lv om eg etter to \u00e5r fekk jobb p\u00e5 Valle skule, samarbeidde vi framleis i sokner\u00e5d og fellesr\u00e5d. Sidan kom ogs\u00e5 fellesskap i arbeidet med Valle Radio. Det var eit stort sakn d\u00e5 han reiste.<\/p>\n<p>Eg sluttar meg til orda fr\u00e5 Tveit kyrkjelyd: Med stor takksemd minnest eg Theis og lyser fred over hans gode minne.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kvelden i kveld vart ikkje som andre kveldar, korkje for meg eller i Valle Radio. I opninga starta Siri med \u00e5 fortelje at v\u00e5r tidlegare sokneprest og eldsjel i Valle Radio, Theis Salvesen, var d\u00f8d. Dei fleste visste nok at han var sjuk, men at han skulle d\u00f8y s\u00e5 fort, hadde vi ikkje tenkt. I &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/til-minne-om-theis-salvesen\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Til minne om Theis Salvesen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20659736","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659736"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20659736"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659736\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20659737,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659736\/revisions\/20659737"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20659736"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20659736"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20659736"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}