{"id":20659705,"date":"2017-09-24T23:58:01","date_gmt":"2017-09-24T21:58:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20659705"},"modified":"2017-09-24T23:58:01","modified_gmt":"2017-09-24T21:58:01","slug":"ei-tv-veke","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei-tv-veke\/","title":{"rendered":"Ei TV-veke"},"content":{"rendered":"<p>Etter ei veke med sykkel p\u00e5 TV lurer du kanskje p\u00e5 om eg skal begynne \u00e5 sykle n\u00e5r du ser overskrifta og veit at siste veke var det VM i sykling i Bergen. Men det skal eg definitivt ikkje, det overlet eg til s\u00f8skenbarnet mitt, Brit Obrestad. Ho er den som er blitt smitta av viruset og som ikkje let eit h\u00f8ve til ein sykkeltur g\u00e5 fr\u00e5 seg.<\/p>\n<p>Men fr\u00e5 stolen min har eg gledd meg over vakker natur og tenkt tilbake p\u00e5 mine fire \u00e5r i Bergen fr\u00e5 1972 til 1976. D\u00e5 sykla eg nokre av dei vegane som proffane har ferdast p\u00e5 denne veka. Mest i Fj\u00f8sangervegen, Natlandsvegen og Birkenlundsbakken var det best \u00e5 bruke bil.<\/p>\n<p>Ved eit treff slumpa eg denne veka ogs\u00e5 til \u00e5 bli venn p\u00e5 Facebook med Hilda Hillesland, som eg arbeidde saman med i dei \u00e5ra i Bergen og som sidan har ei lang karriere bak seg i teneste for Sj\u00f8mannsmisjonen rundt om i verda. Det var end\u00e5 ein grunn til \u00e5 minnast tida i Bergen med glede.<\/p>\n<p>Men sj\u00f8lv om eg ikkje skal ut \u00e5 sykle sj\u00f8lv, har eg gledd meg over \u00e5 sj\u00e5 syklinga i Vestlandsnatur ei heil veke. I g\u00e5r kveld kom det ein telefon med sp\u00f8rsm\u00e5l om eg ville vere med p\u00e5 ei unders\u00f8king om medievanar, det gjaldt TV for det meste. Eg har forst\u00e5tt det slik at nordmenn ser p\u00e5 TV om lag tre timar dagleg, men d\u00e5 dei spurde meg om kor mykje eg hadde sett p\u00e5 TV fredag, var svaret 13 timar, dei tenkte nok at eg var firkanta i augo etter s\u00e5 mykje TV-sj\u00e5ing. Men det er jo ikkje kvar veke det er VM i Bergen. Onsdagssendinga d\u00e5 dei sykla opp til Fl\u00f8yen var jo heftig, men sanneleg var det ikkje mindre heftig \u00e5 sj\u00e5 alle folka p\u00e5 festplassen og ved Lungeg\u00e5rdsvatnet i dag.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 har eg lete meg imponere over kor mykje informasjon Johan Kaggestad og Christian Paasche kan formidle i desse sendingane. Det hadde vore moro \u00e5 hatt ei utskrift av dei og sett kor mykje fakta dei formidla, det var informasjon om obskure syklistar fr\u00e5 land vi knapt har h\u00f8yrt om, historisk informasjon om H\u00e5konshallen, musikalsk informasjon om Edvard Grieg og Ole Bull, om Nystemten og om gater og bygningar i Bergen. Paasche gjekk vel truleg p\u00e5 l\u00e6rarskulen der syklistane kom ned fr\u00e5 Laksebakken, som gata var omd\u00f8ypt til, men like fullt var det imponerande mykje fakta dei klarte \u00e5 formidle.<\/p>\n<p>Vinnerskalle, det var eit ord som vart brukt fleire gonger. I sykling er det nok viktigare \u00e5 vinne enn i dei fleste andre idrettar, for andre idrettsfolk vert glade for s\u00f8lv og bronse, men gleda over 2. plassar sit lenger inne for sykkelfolket. Etter det eg skj\u00f8na hadde det kan hende noko \u00e5 gjere med bonusar og slikt, men det burde vel vere litt bonus ogs\u00e5 for s\u00f8lv- og bronsemedalje, ikkje bare for vinnarane.<\/p>\n<p>I september har eg vore lite skrivande p\u00e5 bloggen, noko av grunnen kan kanskje vere ei slik veke, der ein knapt orkar \u00e5 taste noko p\u00e5 blogg eller wiki, men kan hende betrar det seg no n\u00e5r det heile er over.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter ei veke med sykkel p\u00e5 TV lurer du kanskje p\u00e5 om eg skal begynne \u00e5 sykle n\u00e5r du ser overskrifta og veit at siste veke var det VM i sykling i Bergen. Men det skal eg definitivt ikkje, det overlet eg til s\u00f8skenbarnet mitt, Brit Obrestad. Ho er den som er blitt smitta av &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei-tv-veke\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ei TV-veke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-20659705","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659705"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20659705"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659705\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20659706,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659705\/revisions\/20659706"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20659705"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20659705"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20659705"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}