{"id":20659512,"date":"2017-05-17T23:57:57","date_gmt":"2017-05-17T21:57:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20659512"},"modified":"2017-05-17T23:58:39","modified_gmt":"2017-05-17T21:58:39","slug":"postludium-med-finsk-musikk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/postludium-med-finsk-musikk\/","title":{"rendered":"Postludium med finsk musikk"},"content":{"rendered":"<pre class=\"aLF-aPX-K0-aPE aLF-aPX-aLK-ayr-auR\"><em>I g\u00e5r hadde Siri postludium med finsk musikk. Eg fekk kommentarane hennar og deler dei med dykk som les bloggen. Sj\u00f8lv vart eg noks\u00e5 fjetra av det f\u00f8rste stykket, Finlandia, for det spelte eg i orkester d\u00e5 eg gjekk p\u00e5 gymnaset. Her var det p\u00e5 orgel, eit storverk. \r\n<\/em>\r\n<strong>Gratulerer med 100 \u00e5rs sj\u00f8lvstende, Finland!<\/strong> \r\n\r\nKanskje eit litt underleg postludium i kveld, med tri orgelpositiv og eitt konsertorgel, og kanskje relativt ukjende organistar. Eg er ikkje s\u00e5 god i finsk, s\u00e5 det har vore ei interessant reise :)\r\nDet fyrste verket i kveld er eit symfonisk dikt av Jean Sibelius, Finlandia (op.26 nr. 7). Det finst i to versjonar, den eldste fr\u00e5 1899. Det var det siste i ein serie p\u00e5 seks verk skrive rundt Finland si historie. Serien fekk namnet \"Finland vaknar\", men for \u00e5 unng\u00e5 den russiske sensuren fekk det ulike namn ved dei ulike konsertane som til d\u00f8mes \"ein skandinavisk kor-marsj\". Sibelius omarbeidde det til eit frittst\u00e5ande symfonisk dikt i 1900. Fr\u00e5 d\u00e5 vart det kjent som Finlandia. Diktet var eit kl\u00e5rt patriotisk stykke retta mot Russland sin sensur og intrekking av sj\u00f8lvstendet til Finland. Etter omarbedinga vart det framf\u00f8rt under verdensutstillinga i Paris i 1900, noko som leia til at saka vart synleg for verda og. Sibelius nytta den siste delen p\u00e5 ny d\u00e5 han skreiv Finlandia-hymna - den uoffisielle finske nasjonalsongen. \r\n\r\nVerket er omarbeidd for orgel og vert spela p\u00e5 eit Gr\u00f6nlundorgel fr\u00e5 2007 som stend i Sibeliushuset i Lahti. Det var ved opninga i 2000 den st\u00f8rste trebygningen reist i Finland p\u00e5 100 \u00e5r, og samstundes det einaste konsertbygget i tre i verda. Organisten er Vesa Koskimaa, kantor i middelalderkyrkja i Hollola.\r\n\r\n10:29 Vesa Koskimaa p\u00e5 orgelet i Sibeliushuset i Lahti Finlandia (op.26 nr. 7)\r\n=================================\r\nLitt finsk orgelhistorie - f\u00f8re 1700 var det om lag 40 orgel i Finland, men dei fleste av desse vart \u00f8ydelagde under den russiske okkupasjonen (1714-21). Etter krigen blei nye bygd og gamle reparera, og d\u00e5 1809 kom og Finland vart eit storhertugd\u00f8mme i det russiske riket fanst det meir enn 30 orgel i landet - dei fleste i kyrkjer. Etter 6. desember 1917 tok orgelbygginga til att, det vart ein gyllen tid for orgla og mange orgel-positiv eller skaporgel vart bygde. P\u00e5 slutten av det 20 \u00e5rhundre var det meir enn 400 orgel i landet.\r\n\r\nDesse orgelpositiva fantes i dei store, rike barokkhusa, operabygg, kapell og vart nytta som kororgel for \u00f8ving. I byrjinga av det 19. \u00e5rhundre var det moderne for rikfolk \u00e5 ha dei i heimane sine, nett som i sm\u00e5 konsertsalar eller offentlege bygg. Dei tre orgla som me f\u00e5r h\u00f8yre Jan Lehtola spele p\u00e5 er ulike, det fyrste st\u00e5r i storsalen i Kymi (ein del av Kotka). Det er ein spurv n\u00e5r det gjeld dekorasjonane, designet er ikkje som for orglet i Espoo eller det i Amos Anderson-kunstmuseet. Det fyrste er eit elegant m\u00f8bel som vart laga til m\u00e5laren Aksel Gall\u00e9n-Kallela, ein av Sibelius sine venner. Forfallet trua med \u00e5 \u00f8ydelegge det, men det vart redda, noko Lehtola feirar med improvisasjonen han spelar. Orgelet i kunstmuseet hev \u00e5tte registre og vart bygd i 1926 av Kangasala Orgelfabrik, n\u00e5r d\u00f8rene til sk\u00e5pet som skjuler pipene opnas f\u00e5r ein sj\u00e5 romantiske art-noveau m\u00e5leri med lettkledde nymfer som speler musikk og lyar. Orgla er sein-romantiske i registerdisposisjonen, og har ein annan klang enn dei store pipeorgla. Ljoden til orglet i Kymi kan nestan lete astmatisk hvesande fr\u00e5 tid til annan. \r\n\r\nJan Lehtola (Tampere, 1972) vart ferdig med studiet i kyrkjemusikk  ved Sibeliusakademiet i 1998, og har vore elev hos mellom anna Olli Porthan og Jacques van Oortmerssen.\r\n\r\nhttps:\/\/www.hraudio.net\/showmusic.php?title=7421&amp;showall=1 :\r\nEin kritikar omtalar Lahtola sine improvisasjonar som ein s\u00e6rs god overrasking. Det minner om tida d\u00e5 og Sibelius inprovisera og fann melodien til sin andre symfoni. Kritikaren er og imponera over korleis Lehtola nyttar alt det vesle orglet kan gje, og meiner det h\u00f8yrest mest orkestralt ut!\r\n\r\nHistorical Organs and Composers 5 (Alba, 2011) JUGEND \u2013 ART NOUVEAU:\r\n*Kymi-yhti\u00f6itten juhlasali (1933) Jan Lehtola: Improvisaatio Hommage \u00e0 Sibelius I 2:58\r\n*Kalela (1850\u20131860?\/1898?) Jan Lehtola: Improvisaatio Hommage \u00e0 Sibelius II  3:14\r\n*Amos Anderson-kunstmuseet (1926): Juhani Pohjanmies: Andante grazioso\r\n============\r\nOrgan Sonata in F sharp minor (Juhani Pohjanmies (1893-1959)): Andante grazioso\t  3:11\r\nPohjanmies vart f\u00f8dd i Helsinki og d\u00f8ydde i Hollola. Han var ein komponist, organist, forfattar og instrumentbyggjar. Pohjamnies bygde om lag 50 orgler i kyrkjer og konsertsalar, mellom anna det i katedralen i Oulu. Han studera ved konservatoriet i Leipzig. Som komponist har han late etter seg korverk, barnesongar, duetter, orkester-, piano- og orgelverk.\r\n============\r\n10:29 Vesa Koskimaa p\u00e5 orgelet i Sibeliushuset i Lahti: Finlandia (op.26 nr. 7)\r\n3:01  Jan Lehtola p\u00e5 orgelet i festsalen i Kymi (Kotka) (1933): Improvisaatio Hommage \u00e0 Sibelius I \r\n3:16  Jan Lehtola p\u00e5 orgelet i Kallela (1850\u20131860?\/1898?): Improvisaatio Hommage \u00e0 Sibelius II\r\n3:17 Organ Sonata in F sharp minor (Juhani Pohjanmies (1893-1959)): Andante grazioso\t\r\n<\/pre>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r hadde Siri postludium med finsk musikk. Eg fekk kommentarane hennar og deler dei med dykk som les bloggen. Sj\u00f8lv vart eg noks\u00e5 fjetra av det f\u00f8rste stykket, Finlandia, for det spelte eg i orkester d\u00e5 eg gjekk p\u00e5 gymnaset. Her var det p\u00e5 orgel, eit storverk. Gratulerer med 100 \u00e5rs sj\u00f8lvstende, Finland! Kanskje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/postludium-med-finsk-musikk\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Postludium med finsk musikk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20659512","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659512"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20659512"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659512\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20659514,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659512\/revisions\/20659514"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20659512"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20659512"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20659512"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}