{"id":20659411,"date":"2017-04-04T23:46:01","date_gmt":"2017-04-04T21:46:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20659411"},"modified":"2017-04-04T23:46:01","modified_gmt":"2017-04-04T21:46:01","slug":"fasteaksjonsinnsamling","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fasteaksjonsinnsamling\/","title":{"rendered":"Fasteaksjonsinnsamling"},"content":{"rendered":"<p>I dag var det \u00e5rsm\u00f8te i Valle Radio. Det f\u00e5r eg kome tilbake til n\u00e5r eg har f\u00e5tt meir informasjon, men eg hadde ein prat med \u00d8rnulf Hasla og han var godt n\u00f8gd med b\u00e5de kveldens program og oppm\u00f8tet.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv fekk eg vere med p\u00e5 noko eg ikkje har vore med p\u00e5 f\u00f8r. Reidun har i mange \u00e5r vore kontaktperson for fasteaksjonen si innsamling til Kirkens N\u00f8dhjelp her i omr\u00e5det og hatt ansvar for ei rute. I Mandal samlar konfirmantane inn pengar til Haydom hospital i Tanzania, difor er det ikkje som elles i landet at dei er med p\u00e5 fasteaksjonen. Her m\u00e5 andre ta turen, og her i grenda er det alts\u00e5 Reidun.<\/p>\n<p>I kveld fekk pensjonisten\u00a0vere med som sj\u00e5f\u00f8r, tidlegare \u00e5r har eg vore i Valle n\u00e5r den innsamlinga har g\u00e5tt, det har som oftast vore ein tysdagskveld, trur eg, for eg opplever at eg har vore i radioen desse innsamlingskveldane tidlegare. Ein skulle tru det var ein rask jobb med bil, men vi brukte to timar, og det var bokstaveleg talt ein tur mellom bakkar og berg. For her i omr\u00e5det er det mange sm\u00e5 kollar og knattar og folk likar \u00e5 bygge hus p\u00e5 desse. Difor er det sm\u00e5 stikkvegar fr\u00e5 hovudvegen og opp den eine kneiken etter den andre.<\/p>\n<p>Slik kom eg p\u00e5 stader eg aldri har vore, sj\u00f8lv om dei er \u00e5 rekne som naboar og eg har hatt adressa mi her i mange \u00e5r no. Men n\u00e5r ein ikkje er barnef\u00f8dd, er det jo ikkje slik at ein tr\u00f8r inn i vegen til folk om ein ikkje har noko der \u00e5 gjere. For Reidun, som vaks opp her, verka det som om kvar sving hadde eit minne: -Her er dammen vi gjekk p\u00e5 skeiser, der budde den, no er det barnebarnet som bur her. Kommentarane kom n\u00e5r eg spurde, og eg kunne ikkje anna enn \u00e5 bli imponert.<\/p>\n<p>Reint vatn, det var etter det eg har f\u00e5tt med meg, m\u00e5let for mykje av fasteaksjonen i \u00e5r. Vi\u00a0har vatn i overflod og tenkjer knapt p\u00e5 problema mange har med \u00e5 skaffe reint vatn. Men det er eit stort helseproblem mange stader. Vi opplevde at folk ga om dei hadde kontantar og la att lapp som dei kunne bruke for \u00e5 sende elektroniske pengar til dei som ikkje hadde. For vi blir meir og meir eit kontantlaust samfunn, det er praktisk og greitt, sj\u00f8lv om vi ofte blir minna om at det ikkje er heilt risikofritt \u00e5 la alt ein tener bare vere tall i eit digitalt system, for kor er pengane om nettet g\u00e5r ned?<\/p>\n<p>I kveld var det bare skattemeldinga som ikkje fungerte, vonleg fekk folk vippsa eller springa eller mcasha pengar til fasteaksjonen. Vi leverte b\u00f8ssa til ein nabo som hadde ei anna rute og som etterp\u00e5 skulle ta det med til banken i sentrum for opptelling. Eg hadde tenkt \u00e5 f\u00e5 ta eit bilde av kona p\u00e5 tur, men plutseleg hadde ho levert fr\u00e5 seg b\u00f8ssa til naboen som sykla vidare, s\u00e5 der vart eg lurt. Men dei beste bileta lagar vi i hovudet, s\u00e5 du ser oss nok i bilen p\u00e5 veg opp ein kneik n\u00e5r du les dette.<\/p>\n<p>-Er du konfirmant i \u00e5r ogs\u00e5, sa ein av dei ho m\u00f8tte p\u00e5 vegen. Ein hyggeleg prat og litt i b\u00f8ssa, og s\u00e5 gjekk turen vidare. Takk til alle som gav, for vennlege m\u00f8te og medkjensle med dei som har mindre enn oss.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var det \u00e5rsm\u00f8te i Valle Radio. Det f\u00e5r eg kome tilbake til n\u00e5r eg har f\u00e5tt meir informasjon, men eg hadde ein prat med \u00d8rnulf Hasla og han var godt n\u00f8gd med b\u00e5de kveldens program og oppm\u00f8tet. Sj\u00f8lv fekk eg vere med p\u00e5 noko eg ikkje har vore med p\u00e5 f\u00f8r. Reidun har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fasteaksjonsinnsamling\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fasteaksjonsinnsamling<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20659411","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659411"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20659411"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659411\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20659412,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20659411\/revisions\/20659412"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20659411"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20659411"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20659411"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}