{"id":20658461,"date":"2016-07-11T21:24:27","date_gmt":"2016-07-11T19:24:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20658461"},"modified":"2016-07-11T21:24:28","modified_gmt":"2016-07-11T19:24:28","slug":"pa-bibelcamping","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-bibelcamping\/","title":{"rendered":"P\u00e5 bibelcamping"},"content":{"rendered":"<p>I dag reiste eg til Evjetun p\u00e5 bibelcamping. Det er vel f\u00f8rti\u00a0\u00e5r sidan sist eg var p\u00e5 bibelcamping, d\u00e5 var det Just\u00f8ya som var staden. N\u00e5r eg tenkjer meg om, har eg vore p\u00e5 eit par kveldsm\u00f8te p\u00e5 Lyngdal ogs\u00e5, men denne gongen kom eg alt i firetida og fekk difor nokre timar p\u00e5 Evjetun.<\/p>\n<p>Bakgrunnen var at Oddvar H\u00f8gevoll inviterte meg til \u00e5 kome, han skulle synge og ville gjerne vite litt meir om Setesdalswiki, og s\u00e5 kunne eg skrive litt om bandet hans. S\u00e5 vi sat og prata ein time f\u00f8r han m\u00e5tte p\u00e5 lydpr\u00f8ve, og s\u00e5 gjekk det end\u00e5 eit par timar f\u00f8r m\u00f8tet tok til.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 m\u00f8tet starta var salen temmeleg full av folk fr\u00e5 dei minste til pensjonistar. P\u00e5 Evjetun har dei ein flott m\u00f8tesal og dei har heile omr\u00e5det for seg sj\u00f8lv, s\u00e5 der er det ikkje dei lydproblema som Just\u00f8y har hatt i \u00e5r. Difor kunne bandet ha fullt trykk d\u00e5 Oddvar starta med Hele himmelen er \u00e5pen over meg, kjenningsmelodien hans.<\/p>\n<p>Kven er det som er p\u00e5 bibelcamping p\u00e5 Evjetun? Jo, det er rogalendingar. Komiteen best\u00e5r av folk som har vore p\u00e5 campingen tidlegare, og utanom dei tilsette p\u00e5 Evjetun er det bare ein lyngd\u00f8l, elles kjem dei fr\u00e5 Rogaland. Eg prata med Andr\u00e9 Jacobsen, han hadde vore med familien i 16 \u00e5r, ungane visste ikkje noko anna og ville ikkje noko anna. For dei var det bibelcamping p\u00e5 Evjetun som var sommarprogrammet.<\/p>\n<p>S\u00e5 eg trur ikkje det var mange setesd\u00f8lar p\u00e5 dette m\u00f8tet. Musikarane Oddvar hadde med seg var heller ikkje setesd\u00f8lar. Musikarane hans skiftar etter som dei har h\u00f8ve til det, s\u00e5 han har ei lang liste med folk han kan kalle p\u00e5 n\u00e5r han skal setje saman country gospel bandet sitt.<\/p>\n<p>Ein time av kveldens program var konserten til Oddvar. Deretter var det kollekt og s\u00e5 ein kort og poengtert andakt av Per Tveten f\u00f8r folk samla seg i stova p\u00e5 Evjetun til kaffe og kake og hyggeleg prat. Dei som ikkje trivast i slikt selskap, med hyggelege samtalar over ein kopp kaffe, f\u00e5r heller finne seg noko anna \u00e5 gjere.<\/p>\n<p>Evjetun er ein lagleg plass for eit slikt arrangement og d\u00e5 eg spurde om det var ledig rom, fortalde dei at alt var fullteikna, s\u00e5 eg m\u00e5tte finne meg annan plass for natta. Men hyggeleg oppleving, det hadde eg denne kvelden.<\/p>\n<figure id=\"attachment_20658462\" aria-describedby=\"caption-attachment-20658462\" style=\"width: 474px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2016\/07\/pa-bibelcamping\/oddvar-hogevoll-country-gospel-band\/\" rel=\"attachment wp-att-20658462\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-large wp-image-20658462\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/Oddvar-H\u00f8gevoll-country-gospel-band-1024x768.jpg\" alt=\"Oddvar H\u00f8gevolls country gospel band i hallen p\u00e5 Evjetun 2016. Foto: Harald Haugland\" width=\"474\" height=\"356\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/Oddvar-H\u00f8gevoll-country-gospel-band-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/Oddvar-H\u00f8gevoll-country-gospel-band-300x225.jpg 300w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/07\/Oddvar-H\u00f8gevoll-country-gospel-band-768x576.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 474px) 100vw, 474px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-20658462\" class=\"wp-caption-text\">Oddvar H\u00f8gevolls country gospel band i hallen p\u00e5 Evjetun 2016. Foto: Harald Haugland<\/figcaption><\/figure>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag reiste eg til Evjetun p\u00e5 bibelcamping. Det er vel f\u00f8rti\u00a0\u00e5r sidan sist eg var p\u00e5 bibelcamping, d\u00e5 var det Just\u00f8ya som var staden. N\u00e5r eg tenkjer meg om, har eg vore p\u00e5 eit par kveldsm\u00f8te p\u00e5 Lyngdal ogs\u00e5, men denne gongen kom eg alt i firetida og fekk difor nokre timar p\u00e5 Evjetun. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-bibelcamping\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">P\u00e5 bibelcamping<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20658461","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658461"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20658461"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658461\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20658464,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658461\/revisions\/20658464"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20658461"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20658461"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20658461"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}