{"id":20658339,"date":"2016-06-18T23:58:41","date_gmt":"2016-06-18T21:58:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20658339"},"modified":"2016-06-19T00:04:15","modified_gmt":"2016-06-18T22:04:15","slug":"teltmote","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/teltmote\/","title":{"rendered":"Teltm\u00f8te"},"content":{"rendered":"<p>Siste sak i den aktuelle timen p\u00e5 tysdag var om Teltm\u00f8te p\u00e5 jordet i Krossen p\u00e5 Evje. D\u00e5 snakka eg med Hege Jokelid, det er ho som eig jordet saman med mannen sin. Dei hadde f\u00e5tt 12 rundballar i \u00e5r f\u00f8r dei sette opp teltet, i fjor fekk dei bare ein. Men tysdag kom lydanlegget og alt var klart til \u00e5 starte onsdagskvelden.<\/p>\n<p>Det er sjette \u00e5ret dei har desse teltm\u00f8ta, og teltet rommar 300, i helgene er det fullt, men i veka er det noko mindre. Dei har lagt opp eit omfattande program, komiteen startar alt i august med \u00e5 planlegge m\u00f8ta neste \u00e5r og fastlegge dato og avtale med talarhjelp. Torgeir Skrunes har vore med alle \u00e5ra, dei to siste \u00e5ra\u00a0har ogs\u00e5 Nils K\u00e5re Str\u00f8m blitt med i teamet.<\/p>\n<p>Teltm\u00f8te har ein lang tradisjon om sommaren, s\u00e5 desse m\u00f8ta g\u00e5r inn i denne tradisjonen. Ogs\u00e5 i Valle har det vore fleire teltaksjonar dei siste \u00e5ra, d\u00e5 med predikanten Martinsen. P\u00e5 Just\u00f8y har det vore bibelcamping rundt teltkyrkja i 50 \u00e5r, der starta John Olav Larssen arbeidet i eit tidlegare sirkustelt.<\/p>\n<p>Hege fortalde at dei hadde vore ein stor dugnadsgjeng til \u00e5 f\u00e5 opp teltet i \u00e5r, s\u00e5 det hadde g\u00e5tt fint, og etter seks \u00e5r har dei nok f\u00e5tt rimeleg kompetanse p\u00e5 det. Men det er mykje som skal p\u00e5 plass, benker og plattform og instrument og lydanlegg. Predikanten Skrunes budde hos dei, s\u00e5 han hadde ikkje lang veg for \u00e5 kome p\u00e5 m\u00f8tet. Dei likte godt \u00e5 ha predikant hos seg desse vekene, og n\u00e5r folk kom p\u00e5 m\u00f8ta og vart oppmuntra og oppgl\u00f8dde, var det eit triveleg arbeid \u00e5 halde p\u00e5 med, meinte ho.<\/p>\n<p>Vi snakka litt om pengar, og d\u00e5 fortalde ho at overskotet fr\u00e5 arbeidet vart delt mellom dei organisasjonane som hadde talarar i aksjonen, no alts\u00e5 Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet. Og m\u00f8ta vert overf\u00f8rde p\u00e5 Radio Evje, men ho trudde ikkje at dei hadde tenkt p\u00e5 \u00e5 sende til heile dalen, s\u00e5 truleg er det bare i nedre delen av Setesdal ein kan h\u00f8yre m\u00f8ta. \u00a0Det var og planar om \u00e5 streame m\u00f8ta p\u00e5 Internett, men om dei har f\u00e5tt det til, visste ho ikkje d\u00e5 eg snakka med henne.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Siste sak i den aktuelle timen p\u00e5 tysdag var om Teltm\u00f8te p\u00e5 jordet i Krossen p\u00e5 Evje. D\u00e5 snakka eg med Hege Jokelid, det er ho som eig jordet saman med mannen sin. Dei hadde f\u00e5tt 12 rundballar i \u00e5r f\u00f8r dei sette opp teltet, i fjor fekk dei bare ein. Men tysdag kom lydanlegget &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/teltmote\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Teltm\u00f8te<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20658339","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658339"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20658339"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658339\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20658342,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658339\/revisions\/20658342"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20658339"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20658339"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20658339"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}