{"id":20658262,"date":"2016-05-31T23:58:48","date_gmt":"2016-05-31T21:58:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20658262"},"modified":"2016-06-01T00:13:20","modified_gmt":"2016-05-31T22:13:20","slug":"nlm-i-fokus","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nlm-i-fokus\/","title":{"rendered":"NLM i fokus"},"content":{"rendered":"<p>I kveld hadde vi ein halv time om Misjonssambandet i Valle Radio. Olav Mosd\u00f8l kom ned fr\u00e5 Bykle og fortalde, han var p\u00e5 region\u00e5rsm\u00f8tet p\u00e5 Evjetun i helga.<\/p>\n<p>-Korleis hadde det seg at du vart engasjert i Misjonssambandet, spurde eg.<\/p>\n<p>-Eg fekk sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00e5 vere kontaktmann, og sidan har det blitt slik, svarte han.<\/p>\n<p>Vi kjenner han som viktig medspelar p\u00e5 jolemessa p\u00e5 Rysstad, men han fortalde og om den store basaren som er p\u00e5 Hoslemo om sommaren og med Sigurdsbustemna i Fjellgardane kyrkje dagen etterp\u00e5.<\/p>\n<p>\u00c5 ha region\u00e5rsm\u00f8tet p\u00e5 ein fast stad er god lette for arrangementet, d\u00e5 slepp ein \u00e5 lage nye komitear p\u00e5 ulike stader. Evjetun ligg midt i regionen, som omfattar Agder med unntak av Sirdal, Kvinesdal og Flekkefjord, og Telemark. P\u00e5 \u00e5rsm\u00f8tet var det ei sanggruppe fr\u00e5 Kvitsund gymnas, det er flott \u00e5 ha alle skulane, vi var samde om at der f\u00e5r unge fr\u00e5 distrikta vener for livet og god utdanning, anten det er Kvitsund eller Drottningborg .<\/p>\n<p>Vi snakka og om alt det andre arbeidet Misjonssambandet driv, bibelskular, h\u00f8gskular og leirstader. Det gjev ei stor kontaktflate og folk engasjerer seg, b\u00e5de unge og eldre. Eg peika p\u00e5 at vi \u00a0har hatt faste innslag i Valle Radio\u00a0fr\u00e5 Norea Mediemisjon heilt fr\u00e5 vi starta opp i 1997. D\u00e5 kommenterte Olav at han meinte at Bykle Radio gjorde feil d\u00e5 dei hadde som regel at alt stoffet deira skulle vere laga i Bykle. \u00c5 f\u00e5 godt stoff fr\u00e5 kjelder utanfor, kan lette arbeidet med \u00e5 lage program, meinte han, og eg var jo ikkje uenig i det.<\/p>\n<p>Vi snakka og om misjon\u00e6rar fr\u00e5 Setesdal. Fr\u00e5 Bykle reiste Torjus Vatnedalen ut som misjon\u00e6r, han d\u00f8ydde for nokre \u00e5r sidan, elles nemnde han Gunnar Oseng fr\u00e5 Hornnes.<\/p>\n<p>Ein halv time g\u00e5r fort og praten gjekk lett. Mot slutten kom vi inn p\u00e5 andre verv som Olav Mosd\u00f8l har hatt. Han har vore politikar for Senterpartiet i 25 \u00e5r, men no har han trekt seg ut av det og har bare f\u00e5 oppg\u00e5ver att i det politiske livet. Men han har engasjert seg i arbeidet med bygdeb\u00f8kene og meinte det var ein genistrek dei ikkje s\u00e5g rekkevidda av d\u00e5 dei la Heimar og folk i Bykle\u00a0ut p\u00e5 lokalhistoriewiki. No kan stoffet oppdaterast etter kvart. Han meinte andre burde fylgje eksemplet deira.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2016\/05\/nlm-i-fokus\/evjetun\/\" rel=\"attachment wp-att-20658263\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter size-full wp-image-20658263\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2016\/05\/evjetun.jpg\" alt=\"evjetun\" width=\"640\" height=\"183\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/05\/evjetun.jpg 640w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/05\/evjetun-300x86.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 640px) 100vw, 640px\" \/><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld hadde vi ein halv time om Misjonssambandet i Valle Radio. Olav Mosd\u00f8l kom ned fr\u00e5 Bykle og fortalde, han var p\u00e5 region\u00e5rsm\u00f8tet p\u00e5 Evjetun i helga. -Korleis hadde det seg at du vart engasjert i Misjonssambandet, spurde eg. -Eg fekk sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00e5 vere kontaktmann, og sidan har det blitt slik, svarte han. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nlm-i-fokus\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">NLM i fokus<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20658262","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658262"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20658262"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658262\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20658267,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658262\/revisions\/20658267"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20658262"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20658262"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20658262"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}