{"id":20658152,"date":"2016-05-03T23:55:47","date_gmt":"2016-05-03T21:55:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20658152"},"modified":"2016-05-03T23:55:48","modified_gmt":"2016-05-03T21:55:48","slug":"avslutning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avslutning\/","title":{"rendered":"Avslutning"},"content":{"rendered":"<p>S\u00f8ster mi, Jorunn Moen, har vore organist i Lyngdal i 16 \u00e5r. Denne helga vart ho pensjonist, og det skjedde med ein konsert fredagskvelden f\u00f8r ho spelte til gudstenesta sundag. Eg fekk h\u00f8ve til \u00e5 vere med p\u00e5 fredagskvelden saman med om lag 200 andre, dei fleste lyngd\u00f8lar, men og nokre tilreisande.<\/p>\n<p>I l\u00f8pet av desse \u00e5ra har konsertserien Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke blitt eit omgrep. Kvar fredag i skuleferien opna Jorunn d\u00f8rene til kyrkja for eit program med musikk, bibellesing og salmesang. Gjennom 15-16 \u00e5r med om lag \u00e5tte konsertar \u00e5rleg vart det over hundre samlingar i kyrkja.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv var Jorunn bare delvis aktiv som musikar desse kveldane. Ho inviterte lokale ut\u00f8varar til \u00e5 vere med. I tillegg hadde ho eit samarbeid med Kulturskulen, slik at unge fekk pr\u00f8ve seg framfor eit publikum i ein slik samanheng.<\/p>\n<p>Fredag 29 april hadde ho f\u00e5tt med Ingrid Gr\u00f8van, no etablert sopran i Bergen, p\u00e5 konserten. slik ho har vore dei fleste, ja, kanskje alle \u00e5ra. Ho song Ved Gj\u00e6tlebekken Sp,orven og S\u00f8vnen i f\u00f8rste avdeling og fr\u00e5 H\u00e4ndels Messias (Come unto Him) og Panis Angelicus i andre avdeling. Eg smilte og gledde meg over vakker sang p\u00e5 h\u00f8gt kunstnarleg niv\u00e5 og sanneleg fekk vi end\u00e5 eit nummer av dei to, avslutningsnummeret Climb every mountain.<\/p>\n<p>Av kulturskuleelevar var \u00c5se, Emmy og Herman med p\u00e5 flygel, elles var det Jorunn si dotter Marg rete som for det meste trakterte flygelet.<\/p>\n<p>Visesong var det og av Bjarne med Reidun ved flygelet. Bjarne song Fiskerens morgensang og Har du fyr i tillegg til \u00c5 denne kilde og Visst skal v\u00e5ren komme, der fekk han og med heile kyrkjelyden. Det var ei stor oppleving. I tillegg var Christen med p\u00e5 gitar. Han er kulturskulekollega av Jorunn, \u00a0det var f\u00f8rste gong han deltok. Han\u00a0spelte fr\u00e5 luttsuite nr. 3 av Bach samt eit preludium fr\u00e5 cellosuite nr. 1 f\u00f8r han runda det heile av med eigenkomponert V\u00e5rsang. \u00c5 h\u00f8yre s\u00e5 vakkert gitarspel er ei sjelden oppleving, s\u00e5 eg tenkte at det er trist at Jorunn ikkje hadde Christen med f\u00f8r p\u00e5 avslutningskonserten, men vi f\u00e5r vone at etterf\u00f8lgjaren hennar tek opp tr\u00e5den og f\u00e5r Christer med p\u00e5 fleire konsertar i kyrkja.<\/p>\n<p>Jorunn sj\u00f8lv spelte til salmene i tillegg til kveldens preludium, N\u00e5 la oss takke Gud av Sigrfried Karg Elert. Og sj\u00f8lv om ho hadde planlagt kvelden, kom det nokre overraskingar til slutt, for d\u00e5 kom leiaren i Lyngdal sokner\u00e5d med gode takkens ord for tenesta ho har hatt i kyrkjelyden. Og d\u00e5 ho var ferdig, stilte kollegaene i kyrkja opp med sj\u00f8lvskriven sang til ho som no er blitt pensjonist.<\/p>\n<p>Som vanleg var det kaffe og litt \u00e5 bite i etter konserten, kaka denne kvelden var forma som ei orgelkake, den forsvann f\u00f8r eg kom fram til serveringa, men det var sjokoladekake til ettern\u00f8larane. Og praten gjekk, mange nytta h\u00f8ve til \u00e5 takke Jorunn personleg for at ho hadde opna kyrkja dei mange sommarkveldane med musikk og bibellesning.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv drog eg takksam heim\u00a0etter ei fin oppleving. Og sundag var det nesten like mange til stades d\u00e5 ho avslutta gudstenestespelet. S\u00e5 sp\u00f8rs det om ho skal vere vikar for seg sj\u00f8lv til dei f\u00e5r tilsett ny organist i Lyngdal. Det blir ikkje den komande helga, for i dag reiste ho austover og i morgon g\u00e5r turen til Roma saman med Hobb\u00f8l kyrkjelyd, det er kyrkja ho var organist i f\u00f8r ho begynte i Lyngdal.<\/p>\n<p>God tur, og god pensjonisttid, Jorunn.<\/p>\n<figure id=\"attachment_20658153\" aria-describedby=\"caption-attachment-20658153\" style=\"width: 717px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2016\/05\/avslutning\/jorunn-moen-austad-bilde\/\" rel=\"attachment wp-att-20658153\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-20658153\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2016\/05\/Jorunn-Moen-Austad-bilde.jpg\" alt=\"Ved avskjed i Austad fekk Jorunn Moen dette bildet, utsikt fr\u00e5 orgelet i kyrkja\" width=\"717\" height=\"960\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/05\/Jorunn-Moen-Austad-bilde.jpg 717w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/05\/Jorunn-Moen-Austad-bilde-224x300.jpg 224w\" sizes=\"(max-width: 717px) 100vw, 717px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-20658153\" class=\"wp-caption-text\">Ved avskjed i Austad fekk Jorunn Moen dette bildet, utsikt fr\u00e5 orgelet i kyrkja. Eg gl\u00f8ymde \u00e5 ta bilde i Lyngdal, s\u00e5 dette bildet f\u00e5r fylgje kveldens blogg. Maleriet er av Arne \u00c5mland<\/figcaption><\/figure>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00f8ster mi, Jorunn Moen, har vore organist i Lyngdal i 16 \u00e5r. Denne helga vart ho pensjonist, og det skjedde med ein konsert fredagskvelden f\u00f8r ho spelte til gudstenesta sundag. Eg fekk h\u00f8ve til \u00e5 vere med p\u00e5 fredagskvelden saman med om lag 200 andre, dei fleste lyngd\u00f8lar, men og nokre tilreisande. I l\u00f8pet av &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avslutning\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Avslutning<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20658152","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658152"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20658152"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658152\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20658155,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20658152\/revisions\/20658155"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20658152"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20658152"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20658152"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}