{"id":20657916,"date":"2016-03-04T21:58:38","date_gmt":"2016-03-04T20:58:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657916"},"modified":"2016-03-04T21:58:38","modified_gmt":"2016-03-04T20:58:38","slug":"gevinst","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gevinst\/","title":{"rendered":"Gevinst"},"content":{"rendered":"<p>Sist veke hadde det vore ei nabojente p\u00e5 \u00a0d\u00f8ra med loddbok. Vi kj\u00f8per lodd n\u00e5r folk kjem p\u00e5 d\u00f8ra og sp\u00f8r, tanken er vel at n\u00e5r vi kj\u00f8per av dei som kjem til oss, vil kanskje vi f\u00e5 avsetning p\u00e5 lodd n\u00e5r vi har ei loddbok ute.<\/p>\n<p>Som regel gir ikkje slike loddkj\u00f8p nokon gevinst. F\u00f8r jul har eit av korpsa i Mandal ein adventskalender med lodd. Dei heldige nummera kjem i avisa Lindesnes kvar dag, og Reidun tr\u00e5lar henne i h\u00e5p om at nummeret i v\u00e5r kalender skal bli trekt ut. Det er 24 <em>ingen gevinst<\/em> i desember. Ein kan misse motet av mindre.<\/p>\n<p>Det er forst\u00e5eleg at vi ikkje vinn i Lotto, for der kj\u00f8per vi ikkje nummer. Difor er det lett \u00e5 skru av TV n\u00e5r Lotto-trekniga kjem. Men i lokale utlodningar oppgir vi telefonnummer og h\u00e5par \u00e5 f\u00e5 ein etterlengta telefon ein kveld.<\/p>\n<p>Den kom m\u00e5ndag i denne veka. Vi hadde vunne eit kilo reker. Dei kunne hentast p\u00e5 Fiskelaget i Mandal, og i g\u00e5r var Reidun innom og fekk gevinsten.<\/p>\n<p>\u00c5 g\u00e5 p\u00e5 rekekalas utan Reidun kan eg ikkje tenkje meg, eg m\u00e5 ha nokon til \u00e5 renske dei fleste for meg. Om eg skal gjere det sj\u00f8lv, vert det lite \u00e5 leggje p\u00e5 br\u00f8dskiva. Men er vi saman, kan vi nyte det, ferske reker er jo nydeleg.<\/p>\n<p>S\u00e5 d\u00e5 eg kom heim i dag, var det pynta med sn\u00f8klokker fr\u00e5 hagen, reker p\u00e5 bordet saman med Fiskelaget si nydelege fiskesuppe. Eit herrem\u00e5ltid. Ein fredagskveld.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2016\/03\/gevinst\/reker-gevinst\/\" rel=\"attachment wp-att-20657917\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter size-large wp-image-20657917\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2016\/03\/Reker-gevinst-1024x768.jpg\" alt=\"Reker gevinst\" width=\"474\" height=\"356\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/03\/Reker-gevinst-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/03\/Reker-gevinst-300x225.jpg 300w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/03\/Reker-gevinst-768x576.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 474px) 100vw, 474px\" \/><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sist veke hadde det vore ei nabojente p\u00e5 \u00a0d\u00f8ra med loddbok. Vi kj\u00f8per lodd n\u00e5r folk kjem p\u00e5 d\u00f8ra og sp\u00f8r, tanken er vel at n\u00e5r vi kj\u00f8per av dei som kjem til oss, vil kanskje vi f\u00e5 avsetning p\u00e5 lodd n\u00e5r vi har ei loddbok ute. Som regel gir ikkje slike loddkj\u00f8p nokon gevinst. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gevinst\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gevinst<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657916","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657916"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657916"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657916\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657919,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657916\/revisions\/20657919"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657916"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657916"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657916"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}