{"id":20657688,"date":"2016-01-08T23:47:55","date_gmt":"2016-01-08T22:47:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657688"},"modified":"2016-01-08T23:47:56","modified_gmt":"2016-01-08T22:47:56","slug":"enker-og-faderlose","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/enker-og-faderlose\/","title":{"rendered":"Enker og faderl\u00f8se"},"content":{"rendered":"<figure id=\"attachment_20657689\" aria-describedby=\"caption-attachment-20657689\" style=\"width: 474px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2016\/01\/enker-og-faderlose\/mormor_familiebilete\/\" rel=\"attachment wp-att-20657689\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-large wp-image-20657689\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2016\/01\/Mormor_familiebilete-1024x718.jpg\" alt=\"Selma med barna Inga, Ruth, Ola, Gurina og Rakel\" width=\"474\" height=\"332\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/01\/Mormor_familiebilete-1024x718.jpg 1024w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/01\/Mormor_familiebilete-300x210.jpg 300w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2016\/01\/Mormor_familiebilete-768x538.jpg 768w\" sizes=\"(max-width: 474px) 100vw, 474px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-20657689\" class=\"wp-caption-text\">Selma med barna Inga, Ruth, Ola, Gurina og Rakel<\/figcaption><\/figure>\n<p>Det norske velferdssamfunnet har i stor grad blitt utvikla etter andre verdskrigen. F\u00f8r krigen var Norge eit fattig land. Ungdom\u00a0som lever i dag, kan nok knapt forst\u00e5 kor vanskeleg det var utan det sikkerhetsnettet som vi no ser p\u00e5 som sj\u00f8lvsagt.<\/p>\n<p>Desse tankane kom til meg d\u00e5 eg var i gravferda til onkel Ola Hetland p\u00e5 Varhaug onsdag. Han var mors yngste bror, f\u00f8dd 3. september 1926. \u00a0Han var bare halvtanna \u00e5r d\u00e5 faren Hans Hetland d\u00f8ydde 21. april 1928.<\/p>\n<p>Liturgien fr\u00e5 1920 hadde ei formulering i kyrkjeb\u00f8na som sikkert vart sv\u00e6rt aktuell for dei som levde att den gongen:<em>\u00a0V\u00e6r, o Gud, efter dit l\u00f8fte enkers forsvar og faderl\u00f8ses fader.<\/em><\/p>\n<p>Dei var fem s\u00f8sken, Inga, f\u00f8dd i 1911, var fr\u00e5 hans f\u00f8rste ekteskap, s\u00e5 ho var 17 \u00e5r og vaksen, men mor, f\u00f8dd i 1917, var alts\u00e5 knapt 11 \u00e5r og eldst av dei fire barna Hans fekk med Selma. D\u00e5 han d\u00f8ydde, hadde dei ein liten gard. Men Hans hadde kausjonert for eit l\u00e5n til ein person som ikkje klarte \u00e5 betale, s\u00e5 dei m\u00e5tte g\u00e5 fr\u00e5 garden og leige seg husv\u00e6re fram til 1937, d\u00e5 dei greidde \u00e5 setje seg opp eit hus. Korleis dei greidde det, er for meg ei g\u00e5te. Mormor dreiv heimebakeri, lefser og potetkaker vart produserte p\u00e5 bestilling fr\u00e5 folk og butikkar. Sj\u00f8lv hadde eg jobb med \u00e5 f\u00e5 lefesepakkane p\u00e5 bussen til Oltedal ein gong i veka i ein periode d\u00e5 eg vaks opp, s\u00e5 eg har sett litt av innsatsen som ho la ned for \u00e5 skaffe seg ei inntekt.<\/p>\n<p>Mormor gifta seg ikkje att, ho levde som enke i nesten 50 \u00e5r f\u00f8r ho d\u00f8ydde i 1975.<\/p>\n<p>Av ein eller annan grunn er det bare <em>faderl\u00f8se<\/em> som er tekne med i kyrkjeb\u00f8na. <em>Morlause\u00a0<\/em>er ikkje nemnde, men m\u00e5 inkluderast usagt. Far var morlaus, mor hans d\u00f8ydde i barsel, og sj\u00f8lv om han hadde gode pleieforeldre som tok seg godt av han, trur eg han ofte sakna si rette mor. \u00a0Ogs\u00e5 Reidun sin far, f\u00f8dd 1919, mista sin\u00a0far som baby i 1920, men dei\u00a0klarte \u00e5 halde p\u00e5 garden dei hadde takka vere stor innsats fr\u00e5 mange gode hjelparar.<\/p>\n<p>I dag har vi\u00a0ordningar som gjer at familien f\u00e5r hjelp om mor eller far d\u00f8yr. Velferdsordningane har blitt sterkt bygde ut i det norske samfunnet. N\u00e5r eg underviser i dette for flyktningar, ser dei aller fleste kontrasten til heimlandet sv\u00e6rt tydeleg.<\/p>\n<p>Dei gamle formuleringane er ikkje lenger med i kyrkjeb\u00f8na, men dei er g\u00e5tt inn i spr\u00e5ket som eit temmeleg fast uttrykk. Eit s\u00f8k p\u00e5 uttrykket <em>enker og faderl\u00f8se<\/em> p\u00e5 google gjev over 10.000 treff. Og sj\u00f8lv om velferdsordningane sikrar mykje, er det ei tragedie\u00a0\u00a0for alle som m\u00e5 vekse opp farlause eller morlause n\u00e5r ein forelder d\u00f8yr. Ofte er det ein slik situasjon som er grunnlaget for programma til Tore p\u00e5 sporet, s\u00e5 problemstillingane er framleis aktuelle, om enn p\u00e5 ein litt annan m\u00e5te i v\u00e5re dagar.<\/p>\n<p>Og er problemstillingane aktuelle i v\u00e5rt land, som har velferdsordningar som f\u00e5 andre land, er dei minst like aktuelle i land utan slike godt ordningar. I mange land er talet p\u00e5 enker og farlause blitt sterkt auka som f\u00f8lge av krig og naud. S\u00e5 framleis kan det vere god bruk for formuleringane i den gamle b\u00f8na:\u00a0<em>V\u00e6r, o Gud, efter dit l\u00f8fte enkers forsvar og faderl\u00f8ses fader.<\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det norske velferdssamfunnet har i stor grad blitt utvikla etter andre verdskrigen. F\u00f8r krigen var Norge eit fattig land. Ungdom\u00a0som lever i dag, kan nok knapt forst\u00e5 kor vanskeleg det var utan det sikkerhetsnettet som vi no ser p\u00e5 som sj\u00f8lvsagt. Desse tankane kom til meg d\u00e5 eg var i gravferda til onkel Ola Hetland &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/enker-og-faderlose\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Enker og faderl\u00f8se<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657688","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657688"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657688"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657688\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657691,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657688\/revisions\/20657691"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657688"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657688"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657688"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}