{"id":20657660,"date":"2016-01-03T23:57:25","date_gmt":"2016-01-03T22:57:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657660"},"modified":"2016-01-03T23:57:25","modified_gmt":"2016-01-03T22:57:25","slug":"ein-god-programide","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-god-programide\/","title":{"rendered":"Ein god programid\u00e9"},"content":{"rendered":"<p>Det vert inga tysdagssending denne veka i Valle Radio, truleg heller ikkje onsdagssending. D\u00e5 vi hadde jolesending, var sendaren i Trydal i ulage, s\u00e5 eg er ikkje sikker p\u00e5 om folk kunne h\u00f8yre den p\u00e5 FM. I kveld fekk eg melding om at det er problem p\u00e5 Ljom, s\u00e5 vi slit med det tekniske vinterstid.<\/p>\n<p>Men i kveld fekk eg ein programid\u00e9 d\u00e5 eg h\u00f8yrde Salmer til alle tider. Kjetil Lilles\u00e6ter hadde vore i \u00c5lesund kyrkje p\u00e5 konsert med Nordic Voices, og etter konserten vart dei med i programmet med \u00e5 \u00f8nske seg ei salme kvar.<\/p>\n<p>Nordic Voices er ei vokalgruppe med seks medlemmer. Tenoren Per Kristian Amundr\u00f8d \u00f8nska seg <em>O, bli hos meg<\/em>, den h\u00f8yrde vi med ein kjent og kj\u00e6r songar som vi ikkje h\u00f8yrer s\u00e5 ofte lenger, Olav Werner.<\/p>\n<p>Gruppa sin svenske medlem Ebba Rydh \u00f8nska seg\u00a0<em>En v\u00e4nlig gr\u00f6nskas rika dr\u00e4kt,\u00a0<\/em>ein song som vert sungen til skuleavslutning i Sverige og som alle svenskar difor l\u00e6rer seg. The Real Group song den. Deretter kom <em>Eg veit i himmerik ei borg<\/em> , \u00f8nska av Frank Havr\u00f8y. Her hadde Kjetil Lille\u00e6ter funne ei innspeling med Bergen domkor dirigert av Magnar Mangersnes fr\u00e5 1979.<\/p>\n<p>Rolf Magne Asser \u00f8nska seg d\u00e5pssalma\u00a0<em>Fylt av glede,<\/em> den song Sondre Bratland, nydelig akkompagnert p\u00e5 orgel av Iver Kleive. Tone Br\u00e5ten \u00f8nska seg\u00a0<em>Bred dina vida vingar<\/em>, den hadde ho sunge i barnekor fr\u00e5 ho var 8 \u00e5r. Ho hadde ogs\u00e5 eit minne knytta til denne salma, ein dag ho var ute og gjekk saman med venninner, stoppa dei og song denne sangen utanfor vinduet der stefaren hennar sat. Han vart sv\u00e6rt r\u00f8rt av jentesangen. I programmet h\u00f8yrde vi Sigvart Dagsland. Til slutt \u00f8nska Ingrid Hanken seg\u00a0<em>Hen over jord et pilgrimstog<\/em>. Den hadde ho sunge i barnekor med mora som dirigent og faren som organist i \u00c5lesund kirke og den tenkte ho ofte p\u00e5 n\u00e5r ho s\u00e5g fakkeltog eller rosetog.<\/p>\n<p>Programideen var god, eg tenkte at kanskje skulle eg pr\u00f8ve \u00e5 lage nokre slike program i mine sangkveldar i Valle Radio p\u00e5 ny\u00e5ret om eg kunne f\u00e5 nokon til \u00e5 bli med og \u00f8nske seg salmer. Det kunne bli eit triveleg program.<\/p>\n<h1 id=\"firstHeading\" class=\"firstHeading\" lang=\"sv\"><\/h1>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det vert inga tysdagssending denne veka i Valle Radio, truleg heller ikkje onsdagssending. D\u00e5 vi hadde jolesending, var sendaren i Trydal i ulage, s\u00e5 eg er ikkje sikker p\u00e5 om folk kunne h\u00f8yre den p\u00e5 FM. I kveld fekk eg melding om at det er problem p\u00e5 Ljom, s\u00e5 vi slit med det tekniske vinterstid. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ein-god-programide\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ein god programid\u00e9<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657660","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657660"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657660"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657660\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657661,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657660\/revisions\/20657661"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657660"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657660"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657660"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}