{"id":20657604,"date":"2015-12-22T23:25:24","date_gmt":"2015-12-22T22:25:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657604"},"modified":"2015-12-23T11:47:25","modified_gmt":"2015-12-23T10:47:25","slug":"e-boker","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/e-boker\/","title":{"rendered":"E-b\u00f8ker"},"content":{"rendered":"<p>Biblioteket har for meg vore ein stad der eg finn papirb\u00f8ker eller lydb\u00f8ker. Av og til er det godt \u00e5 kome inn der og lese litt i eit tidsskrift, men for det meste l\u00e5ner eg \u00a0tradisjonelle b\u00f8ker. I Valle jobbar eg jo i same huset som biblioteket, s\u00e5 det er lett for meg \u00e5 nytte tenestene deira. Med e-b\u00f8ker er det blitt end\u00e5 lettare.<\/p>\n<p>Eg har ikkje vore noko s\u00e6rleg stor l\u00e5nar av lydb\u00f8ker, til tross for mine kj\u00f8returar mellom Valle og Mandal kvar veke. I bilen vert det helst til at eg h\u00f8yrer p\u00e5 P2 n\u00e5r det ikkje er lokale nyheter, der har dei som regel mange interessante tema b\u00e5de p\u00e5 tur nedover p\u00e5 ettermiddag og p\u00e5 tur oppover om kvelden.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein er over middels interessert i bibliotekfaglege sp\u00f8rsm\u00e5l, les ein om utviklinga i biblioteksektoren mange stader. I mange \u00e5r fylgde eg med p\u00e5 ei diskusjonsliste innan bibliotek. N\u00e5r dotter mi er forbundsleiar i Bibliotekarforbundet, er det jo og naturleg \u00e5 snappe opp eitt og anna som gjeld bibliotek i samtalar med henne.<\/p>\n<p>Difor hadde eg jo f\u00e5tt med meg at det no er opna for utl\u00e5n av e-b\u00f8ker, men det var eit medium eg ikkje hadde pr\u00f8vd. I Valle har det heller ikkje vore s\u00e6rleg prioritert, men no i denne s\u00f8te juletid tenkte eg at eg visst fekk sj\u00e5 til og finne ut korleis det fungerte. Eg hadde barnebarnet mitt, Kristine p\u00e5 bes\u00f8k denne helga, og ho har l\u00e5nt mange e-b\u00f8ker og meinte eg burde f\u00e5 det til, eg og. Ho skulle hjelpe meg.<\/p>\n<p>Som sagt, s\u00e5 gjort, Kristine sette seg til \u00e5 laste ned appen som ein m\u00e5 ha for \u00e5 lese e-b\u00f8ker, og etter ei lita stund kunne eg leite i eit noko magert utval av b\u00f8ker som dukka opp n\u00e5r eg hadde Valle folkebibliotek som utgangspunkt. Men Margunn meinte at om eg nytta Agder Sams\u00f8k, kunne eg f\u00e5 leite i alle e-b\u00f8kene p\u00e5 heile Agder, og etter litt om og men, fungerte det og. D\u00e5 var det bare \u00e5 velje mellom sjangrar og forfattarar.<\/p>\n<p>Eg var vel helst p\u00e5 leiting etter noko sakprosa, men tenkte at eg kunne starte med ein roman. Det var mange b\u00f8ker som ikkje var ledige, men dei kunne eg fjerne fr\u00e5 s\u00f8keresultatet og bare s\u00f8ke mellom ledige b\u00f8ker. Dermed tenkte eg at eg kunne jo l\u00e5ne ein kriminalroman, det var L\u00f8vetemmeren av Camilla L\u00e4ckberg, den var ledig. Eit trykk p\u00e5 knappen p\u00e5 iPaden, vers\u00e5god, begynn lesinga.\u00a0<a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/12\/e-boker\/lovetemmeren\/\" rel=\"attachment wp-att-20657605\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter size-full wp-image-20657605\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2015\/12\/L\u00f8vetemmeren.jpg\" alt=\"L\u00f8vetemmeren\" width=\"218\" height=\"342\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2015\/12\/L\u00f8vetemmeren.jpg 218w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2015\/12\/L\u00f8vetemmeren-191x300.jpg 191w\" sizes=\"(max-width: 218px) 100vw, 218px\" \/><\/a><\/p>\n<p>S\u00e5 no testar eg korleis det fungerer. Eg spurde Kristine om det fungerte slik at n\u00e5r ein kunne l\u00e5ne ei bok i tre veker, s\u00e5 l\u00e5g ho der i tre veker, ogs\u00e5 om eg vart ferdig med henne f\u00f8r. Men ho fortalde at n\u00e5r ein kom til slutten, kom det opp eit val om at ein kunne levere inn boka, s\u00e5 der var det nok forelda tenkning i hovudet mitt.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Biblioteket har for meg vore ein stad der eg finn papirb\u00f8ker eller lydb\u00f8ker. Av og til er det godt \u00e5 kome inn der og lese litt i eit tidsskrift, men for det meste l\u00e5ner eg \u00a0tradisjonelle b\u00f8ker. I Valle jobbar eg jo i same huset som biblioteket, s\u00e5 det er lett for meg \u00e5 nytte &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/e-boker\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">E-b\u00f8ker<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657604","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657604"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657604"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657604\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657608,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657604\/revisions\/20657608"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657604"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657604"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657604"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}