{"id":20657519,"date":"2015-11-26T22:50:07","date_gmt":"2015-11-26T21:50:07","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657519"},"modified":"2015-11-26T22:50:07","modified_gmt":"2015-11-26T21:50:07","slug":"reisebrev-fra-ein-annan-breddegrad-2","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reisebrev-fra-ein-annan-breddegrad-2\/","title":{"rendered":"Reisebrev fr\u00e5 ein annan breddegrad 2"},"content":{"rendered":"<p><em><strong>Her kjem andre del av Siri Johannessen sitt k\u00e5seri i Valle Radio tysdag 24. november 2015:<\/strong><\/em><\/p>\n<p>Mange har spurt meg om korleis eg kledde meg, og kva med tru? Kleda var for meg ikkje noko problem. Vanleg t-skjorte, eller korterma skjorte og olabukser var heilt ok. Ville eg symja, kunne eg dra til Hilton og nytta stranda der. Meen, mindre klede enn det, det hadde g\u00e5tt gale. Det er ikkje skikken der, og som god gjest tykte eg det var greitt.<\/p>\n<p>Tru var p\u00e5 mange vis enklare enn i Noreg. Friare, meir respekt for einannan, mindre fordomar. Ok, eg kunne ikkje drive med evangelisering, d\u00e5 hadde dei sendt meg heim sn\u00f8ggare enn sn\u00f8ggast, det er s\u00e5. Men det var godt mogleg \u00e5 r\u00f8e om tru og ikkje tru, samanlikna, anten det var med ein buddhist, hindu eller muslim. Der har me nok ein del \u00e5 l\u00e6ra, trur eg. Det var ei stor overrasking for ei som trudde hu kom fr\u00e5 eit sivilisert land.<\/p>\n<p>Tru ja, d\u00e5 eg flutte bytte eg ut kyrkjeklokkene med moskear med muezzinar som kalla til b\u00f8n fleire gonger dagleg, og p\u00e5 fredagar var s\u00f8ndag med anglikansk gudsteneste. Det gjekk greitt, muezzinanes rop vart mine kyrkjeklokker og n\u00e5r muslimane bad, bad eg med. Om enn ikkje til Allah. Om kontoret var travelt (ope kontorlandskap er ein uting!) kunne eg ta ein tur til eit lite kontor nokre minutt og be, f\u00f8r eg trakk i snora og vende attende til papirstablane \ud83d\ude42<\/p>\n<p>Men, eg f\u00e5r g\u00e5 til \u00e5rsaka til at desse minna dukka fram. 13. november gjekk terroristar til \u00e5tak i Beirut og Paris, og reaksjonar fr\u00e5 inn- og utland minna meg om noko som hende p\u00e5 ein tur p\u00e5 vegen fr\u00e5 Friday market i Hattafjella til heimen min. Eg m\u00f8tte ei milit\u00e6rkolonne. I Noreg snautt noko \u00e5 lyfte eit augnebryn for, men der eg m\u00f8tte han, medan han langsamt, som ein gr\u00f8n, ledda snigel kraup opp bakken fraus eg br\u00e5tt. Store lastebilar med svanehalshengarar. P\u00e5 dei s\u00e5g eg store \u00abhaugar\u00bb.<\/p>\n<p>Var det beltevogner og tanks \u2013 eller verre, tru?<\/p>\n<p>Lasta var dekka av kamuflasjenetting i \u00f8rkenfargar, og eg fekk meg ikkje til \u00e5 granska det n\u00e6rare. Mellom dei store var det mindre lastebilar, fulle av soldatar i \u00abrette klede\u00bb, og eg stokk. Kva no, er det noko p\u00e5 gang i Hormuz? M\u00e5tte me evakuera? Skjer det noko i Ras al-Kaimah? Iran? var tankar eg gjorde meg medan me passerte einannan i langsam fart. Eg ville heim s\u00e5 snart r\u00e5d var, heim til internett og andre fr\u00e5 vesten. Finne ut kva det her var. Ei stund seinare var eg letta. Ikkje noko \u00e5 finna, nokon stad. Takk og lov.<\/p>\n<p>Etterp\u00e5 slo det meg at hadde dette vore i Nederland eller Noreg hadde eg truleg glodd interessera og grubla p\u00e5 kor skal dei no p\u00e5 \u00f8ving? Det er utruleg kor stor skilnad nokre breddegradar kan gjere.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Her kjem andre del av Siri Johannessen sitt k\u00e5seri i Valle Radio tysdag 24. november 2015: Mange har spurt meg om korleis eg kledde meg, og kva med tru? Kleda var for meg ikkje noko problem. Vanleg t-skjorte, eller korterma skjorte og olabukser var heilt ok. Ville eg symja, kunne eg dra til Hilton og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reisebrev-fra-ein-annan-breddegrad-2\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Reisebrev fr\u00e5 ein annan breddegrad 2<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657519","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657519"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657519"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657519\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657520,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657519\/revisions\/20657520"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657519"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657519"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657519"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}