{"id":20657513,"date":"2015-11-25T23:48:11","date_gmt":"2015-11-25T22:48:11","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657513"},"modified":"2015-11-25T23:54:25","modified_gmt":"2015-11-25T22:54:25","slug":"reisebrev-fra-ein-annan-breddegrad","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reisebrev-fra-ein-annan-breddegrad\/","title":{"rendered":"Reisebrev fr\u00e5 ein annan breddegrad"},"content":{"rendered":"<p><em><strong>Her kjem f\u00f8rste del av Siri sitt k\u00e5seri i Valle Radio tysdag 24. november 2015:<\/strong><\/em><\/p>\n<p>F\u00f8rre gongen reiste me fr\u00e5 Bygland via Austad og Straume til Brokke i flott haustver. Denne gongen vil eg take dykk med eit lite hopp 28 breddegradar s\u00f8rover og 49 lengdegradar austover til Fujairah, eit av dei sju emirata p\u00e5 det vesle hornet som mest stikk inn i Iran.<\/p>\n<figure id=\"attachment_20657515\" aria-describedby=\"caption-attachment-20657515\" style=\"width: 800px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2015\/11\/Stra\u00dfe_von_Hormuz.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-20657515\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2015\/11\/Stra\u00dfe_von_Hormuz.jpg\" alt=\"Hormuz-stredet. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team, NASA\/GSFC\" width=\"800\" height=\"738\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2015\/11\/Stra\u00dfe_von_Hormuz.jpg 800w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2015\/11\/Stra\u00dfe_von_Hormuz-300x277.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 800px) 100vw, 800px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-20657515\" class=\"wp-caption-text\">Hormuz-stredet. Foto: Jacques Descloitres, MODIS Land Rapid Response Team, NASA\/GSFC<\/figcaption><\/figure>\n<p>Dei sameinte arabiske emirata ligg mellom Persiabukta og Arabiahavet, og Hormuzstredet som dannar grensa i nord mot Iran var velkjend i avisartiklar for nokre \u00e5r sidan. Men ikkje p\u00e5 ein god m\u00e5te. Eg trur dette trygt kunne kallast ein heit stad p\u00e5 mange vis, den gongen.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg reiste dit for \u00e5 jobba vart eg til d\u00f8mes tidleg \u00e5tvara om at viss me tok ein helgetur til Ras al-Khaimah i nord for \u00e5 sigla, m\u00e5tte me halda oss godt unna grensa med Iran. Kystvakta var snare til \u00e5 hanka inn siglarar og andre som p\u00e5 eit eller anna vis kryssa over. Her var ikkje nokon kj\u00e6re mor og \u00abjai ikke se den grense under (eller over) vann\u00bb som Harald Heide-Steen ein gong sa.<\/p>\n<p>Me m\u00e5tte og vere forsiktige med \u00e5 fotografera emiratis og kvinnene deira, nett som installasjonar som den eg arbeidde p\u00e5 og forsvarsomr\u00e5de. Det meste av det her gjer eg heller ikkje utan vidare andre stader. S\u00e5&#8230; Eigentleg ikkje noko problem &#8211; men det er jo s\u00e5 at om ein verkeleg ynskjer \u00e5 laga kr\u00f8ll er det godt mogleg.<\/p>\n<p>Vener og kjende undra seg p\u00e5 korleis det skulle g\u00e5 meg, eit kristent, ugift kvinnfolk, i eit muslimsk land. Heilt<br \/>\n\u00e6rleg, den tanken hadde eg ikkje tenkt f\u00f8re sp\u00f8rsm\u00e5la kom. Eg reiste og m\u00f8tte eit land med kontrastar. Dels store.<\/p>\n<p>S\u00e6rs grovt inndela var det tre ulike slag folk der.<\/p>\n<p>Dei tjenande som kom austfr\u00e5, fr\u00e5 Filipinane, Malaysia, Pakistan, Nepal \u2013 om dei hadde streika trur eg det meste hadde stogga.<\/p>\n<p>Folk fr\u00e5 vest, fr\u00e5 Europa og USA, i h\u00f8gare og meir spesialisera funksjonar innan bygg- og anlegg av ymse slag, kommersielt (t.d. sal, logistikk) og emiratis.<\/p>\n<p>Dei siste var dei styrande, dei arbeidde i politi og forsvar, eigde bedrifter. I immigrasjonstenesta og politiet arbeidde forresten b\u00e5de menn og kvinner, eg vart godt motteken av ei svartkledd kvinne d\u00e5 eg registrerte meg.<\/p>\n<p>Andre kontrastar s\u00e5g eg i butikkane. Luksusbilar og supermarknadar med utallege variantar av alt fr\u00e5 meloner i bitar til silkesariar, og i Ramadan ei overflod av s\u00f8tsaker, kaker, dadlar og&#8230; Blant kundane var damer i hijab eller burka, med eller utan forseggjort metallpynt i staden for tr\u00e5dgitteret (ein ide for Hasla kanskje?)<\/p>\n<p>Butikken p\u00e5 hj\u00f8rnet var mest ei brustadbu med snautt ein meter mellom hyllene og asiatar i kassa \u2013 men og butikkar som likna meir p\u00e5 Coop eller Joker \u2013 utan at dei kunne selje \u00f8l eller gris, d\u00e5. Nokre f\u00e5 butikkar hadde eit eige rom langt bak i butikken med oppslag om at det var forbode for muslimar \u00e5 g\u00e5 inn der. Der var grisekj\u00f8tet.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom til Emirata var det sommar, godt og varmt. Rundt 50 grader og ei luftfuktighet som n\u00e6rma seg 100. Du opna dynni p\u00e5 veg til jobb, og ergra deg over \u00e5 ha gl\u00f8ymd kniven du trong for \u00e5 skjera ut ei blokk av varme-veggen s\u00e5 du kom deg ut. P\u00e5 jobben hadde sjefane parkeringsplass under solsegl, medan resten av vesterlingane parkera p\u00e5 ein plass utan skuggje, s\u00e5 air-condition i bilen var naudsynt om du ikkje ynskte steikt bakende etter jobb. Bussar sytte for at arbeidarane fr\u00e5 aust kom til og fr\u00e5 byggjeplassen.<\/p>\n<p><em><strong>Meir fylgjer i morgon<\/strong><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Her kjem f\u00f8rste del av Siri sitt k\u00e5seri i Valle Radio tysdag 24. november 2015: F\u00f8rre gongen reiste me fr\u00e5 Bygland via Austad og Straume til Brokke i flott haustver. Denne gongen vil eg take dykk med eit lite hopp 28 breddegradar s\u00f8rover og 49 lengdegradar austover til Fujairah, eit av dei sju emirata p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reisebrev-fra-ein-annan-breddegrad\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Reisebrev fr\u00e5 ein annan breddegrad<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657513","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657513"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657513"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657513\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657518,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657513\/revisions\/20657518"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657513"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657513"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657513"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}