{"id":20657394,"date":"2015-10-09T22:49:15","date_gmt":"2015-10-09T20:49:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/?p=20657394"},"modified":"2015-10-09T22:49:15","modified_gmt":"2015-10-09T20:49:15","slug":"mange-prosjekt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mange-prosjekt\/","title":{"rendered":"Mange prosjekt"},"content":{"rendered":"<figure id=\"attachment_20657395\" aria-describedby=\"caption-attachment-20657395\" style=\"width: 960px\" class=\"wp-caption aligncenter\"><a href=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2015\/10\/sansehage.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-20657395\" src=\"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/wp-content\/uploads\/2015\/10\/sansehage.jpg\" alt=\"Sansehagen ved Valle Bygdeheim.  Foto: Britta Lise Homme\" width=\"960\" height=\"720\" srcset=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2015\/10\/sansehage.jpg 960w, https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-content\/uploads\/2015\/10\/sansehage-300x225.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 960px) 100vw, 960px\" \/><\/a><figcaption id=\"caption-attachment-20657395\" class=\"wp-caption-text\">Sansehagen ved Valle Bygdeheim.<br \/>Foto: Britta Lise Homme<\/figcaption><\/figure>\n<p>Onsdag var Torleif Homme i studio i programmet kommunen informerer. Han kunne fortelje om mange prosjekt i regi av teknisk etat i Valle kommune.<\/p>\n<p>For det fyrste var han glad for at ombygginga p\u00e5 Valle Bygdeheim var ferdig og at dei som har flytta inn i dei nye leilighetene var godt n\u00f8gde med budstadene sine. Dinest gledde han seg over sansehagen dei har f\u00e5tt laga p\u00e5 baksida av heimen, mot nord. Det er ikkje s\u00e5 stor plass, men dei har f\u00e5tt mykje ut av den. N\u00e5r v\u00e5ren kjem, vil den bli til glede for dei som bur p\u00e5 heimen, meinte han.<\/p>\n<p>Kommunen har ikkje noko med arbeidet p\u00e5 riksveg 9 \u00e5 gjere, men han gledde seg over at det no g\u00e5r mot oppstart p\u00e5 arbeidet med gang og sykkelveg mellom sentrum og skulen i Valle. Det er eit prosjekt som har blitt snakka om i over 20 \u00e5r, men no ser det ut til \u00e5 kome i gang, og det er viktig, for det er mange som g\u00e5r og syklar p\u00e5 den strekninga. Utover ettermiddagen g\u00e5r elevar p\u00e5 folkeh\u00f8gskule og vidareg\u00e5ande skule ofte den vegen, i tillegg kjem alle som skal i hallen eller p\u00e5 fotballbanen og trene. Dette prosjektet er kommunen involvert i, sj\u00f8lv om det er ein fylkesveg. Om ein skulle venta p\u00e5 fylket sine l\u00f8yvingar, ville det nok ikkje blitt realisert i v\u00e5r levetid, meinte han.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld veglys, har no Otera overteke vedlikehaldet og dei har i desse dagar hatt ein runde for \u00e5 skifte p\u00e6rer som var svarte. Dei har ogs\u00e5 ansvar for lyset i lysl\u00f8ypa p\u00e5 Furest\u00f8yl.<\/p>\n<p>I eitt \u00e5r no har det vore ein teknisk vakttelefon i kommunen. Han gjentok nummeret fleire gonger: 9700 3800, det st\u00e5r heilt nederst p\u00e5 kommunen si heimeside. Det er godt \u00e5 ha f\u00e5tt eit nummer som er bemanna 24 timar i d\u00f8gnet, sju dagar i veka, 365 dagar i \u00e5ret. Der kan ein melde fr\u00e5 om ein treng hjelp fr\u00e5 kommunen utanom arbeidstid.<\/p>\n<p>Vidare kunne han fortelje at arbeidet med ny hengebru startar i oktober og skal vere ferdig til jol. Firmaet som skal gjere jobben er eit stort firma p\u00e5 Austlandet som har spesialisert seg p\u00e5 bruer, og dei skal nytte fundament fr\u00e5 den gamle brua. Opparbeiding av turvegar p\u00e5 vestsida av elva vil skje til v\u00e5ren.<\/p>\n<p>Endeleg var vi innom arbeidet med \u00e5 bygge nytt renseanlegg p\u00e5 Rysstad. Der rekna han med at anbod ville bli lyst ut i oktober, og det var alt fastsett oppstartdato, 15. juni neste \u00e5r skal det takast i bruk. Torleif fortalde og at med nytt renseanlegg vil det bli p\u00e5 Rysstad som det no er i Valle,t\u00f8rrstoffet etter rensinga vert kj\u00f8rt bort i kontainarar nokre gonger i \u00e5ret. P\u00e5 Rysstad har dei til no vore avhengige av tankbil, der vantet og fylgjer med, s\u00e5 det er mykje dyrare enn det vil bli i framtida. Vonleg vil ogs\u00e5 all lukt forsvinne, men bygningen vert flytta lenger vekk fr\u00e5 hus, det gamle anlegget skal sanerast heilt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag var Torleif Homme i studio i programmet kommunen informerer. Han kunne fortelje om mange prosjekt i regi av teknisk etat i Valle kommune. For det fyrste var han glad for at ombygginga p\u00e5 Valle Bygdeheim var ferdig og at dei som har flytta inn i dei nye leilighetene var godt n\u00f8gde med budstadene sine. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mange-prosjekt\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Mange prosjekt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"yes","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20657394","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657394"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20657394"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657394\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20657396,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20657394\/revisions\/20657396"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20657394"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20657394"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20657394"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}