{"id":20641590,"date":"2015-07-06T23:09:42","date_gmt":"2015-07-06T23:09:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/07\/kaste-bker-20641590\/"},"modified":"2015-07-06T23:09:42","modified_gmt":"2015-07-06T23:09:42","slug":"kaste-bker-20641590","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kaste-bker-20641590\/","title":{"rendered":"Kaste b\u00f8ker"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein fr\u00e5 jobb kan g\u00e5 innom p\u00e5 biblioteket mest kvar dag, vil ein over tid merke at b\u00f8ker vert kasta. N\u00e5r ein har ei dotter som er bibliotekar, skj\u00f8nar ein at det er naudsynt, tusen b\u00f8ker inn betyr tusen b\u00f8ker ut om ikkje biblioteket eller magasinet skal bli overfylt. I v\u00e5r tid, der biblioteket kan skaffe boka du treng fr\u00e5 eit anna bibliotek, kan ein slik politikk lettare realiserast enn ein kunne f\u00f8r.<\/p>\n<p>Men det er \u00e5 forst\u00e5 det prinsippielt, noko anna er \u00e5 gjere det heime. Eg snakka med ein slektning i dag, ho vart noks\u00e5 forst\u00f8kt d\u00e5 eg fortalde at alle barna er heime p\u00e5 sommarferie, og at i dag, som var ein gr\u00e5 dag, var dagen dei bestemte seg for \u00e5 hjelpe meg \u00e5 kaste b\u00f8ker.<\/p>\n<p>Men sm\u00e5tt om senn har prinsippet blitt realisert her i huset ogs\u00e5. Eg har g\u00e5tt med p\u00e5 \u00e5 kaste b\u00f8ker, noko som eg til liks med slektningen min meinte var utenkeleg. Mainstream-romanar g\u00e5r no ut av huset i stor fart, dei kan eg l\u00e5ne p\u00e5 biblioteket. Men noko vert likevel verande, gjerne seriar eller bestemte forfattarar som eg set pris p\u00e5. B\u00f8ker fr\u00e5 studietida mi g\u00e5r vel og ei ublid skjebne i m\u00f8te, dei har vore med p\u00e5 ferda i n\u00e6rare femti \u00e5r, no f\u00e5r dei etter ein kort prosess finne vegen til bokhimmelen sitt evige liv.<\/p>\n<p>Litt av kvart dukkar opp, barna smiler og humrar over det dei finn og oppdagar at far deira hadde allsidige interesser dei knapt visste om, ja, truleg visste han sj\u00f8lv knapt om dei. Ikkje alt dei finn i bokhylla har han lese, av og til kj\u00f8pte eg ein pose b\u00f8ker og fann bare tid og interesse for \u00e5 lese eit par av dei b\u00f8kene som verka interessante d\u00e5 dei var p\u00e5 salg for ein slikk og ingenting.<\/p>\n<p>Eg er ikkje aleine, eg var p\u00e5 s\u00f8ppelplassen ein tur for \u00e5 kaste eit par sekker med gamle aviser, og d\u00e5 s\u00e5g eg b\u00e5de Medisinsk Leksikon, ordb\u00f8ker og anna faglitteratur i containeren. Det at eg ikkje er aleine, er jo ei lita tr\u00f8yst i det tr\u00f8ysteslause, og s\u00e5 kan ein jo glede seg over meir plass i hyllene etter ryddesjauen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein fr\u00e5 jobb kan g\u00e5 innom p\u00e5 biblioteket mest kvar dag, vil ein over tid merke at b\u00f8ker vert kasta. N\u00e5r ein har ei dotter som er bibliotekar, skj\u00f8nar ein at det er naudsynt, tusen b\u00f8ker inn betyr tusen b\u00f8ker ut om ikkje biblioteket eller magasinet skal bli overfylt. I v\u00e5r tid, der biblioteket &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kaste-bker-20641590\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kaste b\u00f8ker<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20641590","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20641590"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20641590"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20641590\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20641590"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20641590"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20641590"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}