{"id":20249433,"date":"2015-04-22T20:08:48","date_gmt":"2015-04-22T20:08:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/04\/reddande-engel-20249433\/"},"modified":"2015-04-22T20:08:48","modified_gmt":"2015-04-22T20:08:48","slug":"reddande-engel-20249433","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reddande-engel-20249433\/","title":{"rendered":"Reddande engel"},"content":{"rendered":"<p>I kveld vart Signe Sollien Haug\u00e5 ein reddande engel for Haralds time. M\u00e5ndag gjorde eg avtale om at Jon Rolf N\u00e6ss skulle fortelje om landsm\u00f8tet i Arbeiderpartiet der han vart vald til sentralstyret. Han lova \u00e5 vere med, sj\u00f8lv om han var p\u00e5 veg til Oslo denne kvelden. Men i kveld han tok ikkje telefonen, eg trur vi pr\u00f8vde ein halv time, det ringde og ringde, men svar fekk vi ikkje.<\/p>\n<p>Heldigvis hadde vi eit par opptak som Lotte Rysstad hadde laga, eit intervju med Elin Uppstad og eit intervju med Synne \u00c5kre. Dei sende vi mens vi pr\u00f8vde \u00e5 f\u00e5 tak i Jon Rolf, sj\u00f8lv om avtalen var \u00e5 starte med han. I staden m\u00e5tte eg pr\u00f8ve \u00e5 finne ein som kunne vere med i staden, og d\u00e5 vart det Signe Sollien Haug\u00e5, ho er alltid villig om ho har h\u00f8ve.<\/p>\n<p>I kveld hadde ho vore p\u00e5 styrem\u00f8te i Husfliden Arendal og var p\u00e5 veg heim. D\u00e5 vi n\u00e5dde henne, var ho i Froland, og Signe har alltid litt av kvart \u00e5 fortelje. I kveld vart det desse emnene vi snakka om: Ladestasjonar i Setesdal, Framtidsbygda 2015, Fagdag om bygningsvern 2015, Setesdalskonferansen 2015, Arendal Husflidsentral og Nordisk strikkesymposium 2015.<\/p>\n<p>Regionr\u00e5det har vedteke \u00e5 setje opp ladestasjonar i kvart kommunesentrum, s\u00e5 no kjem dei ved KIWI p\u00e5 Evje, ved Glashytta i Bygland, i Valle sentrum og ved Bykle Hotell. Det var ein stor jobb, for ein m\u00e5tte nytte reglane for offentleg tilbod, det var mykje papirarbeid, fortalde ho, men l\u00e6rerikt. Jobben med \u00e5 fylgje opp prosjektet skal Geir Skjevrak ha og m\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 dei p\u00e5 plass til ferien, det er mange som har spurt etter dette, og for Setesdal, som produserer meir elektrisk kraft enn det agderfylka treng, er det flott \u00e5 profilere seg som den gr\u00f8ne dalen p\u00e5 denne m\u00e5ten. Men det er mykje som m\u00e5 gjerast for \u00e5 f\u00e5 det p\u00e5 plass, mellom anna m\u00e5 ein sikre seg at ein har nok trafo-kapasitet.<\/p>\n<p>Ein annan sak vi snakka om, var konferansen Framtidsbygda, som skal vere i Iveland 8. mai. Den er gratis, p\u00e5melding m\u00e5 skje innan 27. april. Signe var og oppteken av ein fagdag om bygningsvern som skal vere 12. mai. Der er og m\u00e5let \u00e5 koble saman folk som har gamle hus som treng reparasjon og fagfolk. Fagdagen skal foreg\u00e5 som ein busstur der dei skal innom b\u00e5de Slengen p\u00e5 Rygnestad og \u00c5raksb\u00f8 f\u00f8r dei endar opp p\u00e5 museet. Ho fortalde og at dei no sender ut sp\u00f8rjeskjema i h\u00f8ve Setesdalskonferansen 2015 for \u00e5 f\u00e5 respons fr\u00e5 deltakarane om korleis dei opplevde konferansen.<\/p>\n<p>Signe vart kveldens reddande engel for meg og fortener stor takk for at ho kunne vere med.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld vart Signe Sollien Haug\u00e5 ein reddande engel for Haralds time. M\u00e5ndag gjorde eg avtale om at Jon Rolf N\u00e6ss skulle fortelje om landsm\u00f8tet i Arbeiderpartiet der han vart vald til sentralstyret. Han lova \u00e5 vere med, sj\u00f8lv om han var p\u00e5 veg til Oslo denne kvelden. Men i kveld han tok ikkje telefonen, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reddande-engel-20249433\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Reddande engel<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20249433","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20249433"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20249433"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20249433\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20249433"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20249433"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20249433"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}