{"id":20228911,"date":"2015-04-09T17:09:58","date_gmt":"2015-04-09T17:09:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/04\/heilarsveg-til-sirdal-20228911\/"},"modified":"2015-04-09T17:09:58","modified_gmt":"2015-04-09T17:09:58","slug":"heilarsveg-til-sirdal-20228911","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heilarsveg-til-sirdal-20228911\/","title":{"rendered":"Heil\u00e5rsveg til Sirdal"},"content":{"rendered":"<p>Er det for seint? var tittelen p\u00e5 Jon P. Knudsen i sitt foredrag p\u00e5 Setesdalskonferansen i dag. Han synte trendar i samfunnet som heilt klart ikkje var til fordel for Setesdal, veksten i landet skjer i byomr\u00e5de som Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Dette illustrerte han med kart som synte b\u00e5de tilflytting og fr\u00e5flytting.<\/p>\n<p>Det hjelper ikkje kor ein er f\u00f8dd om det ikkje er arbeid \u00e5 f\u00e5 n\u00e5r ein veks opp, d\u00e5 flyttar folk. S\u00e5 blir hus st\u00e5ande tome og blir brukt i feriar og fritid. Han var klar p\u00e5 at statistikken ikkje fangar opp slikt, for folk brukar hus i st\u00f8rre grad enn ein skulle tru. Det er ikkje stavnsb\u00e5nd.<\/p>\n<p>Eit anna trekk i foredraget hans viste at arbeidsmarknadene rundt byane har utvida seg, i dag snakkar ein om Agderbyen, ikkje om den einskilde by n\u00e5r det gjeld arbeidsmarknad. Difor kan ein bu p\u00e5 Byglandsfjord og jobbe i Kristiansand, det er overkommeleg pendlaravstand. Men lenger oppe i Setesdal er det vanskeleg, s\u00e6rleg for Bygland og Valle. Bykle klarar seg betre takka vere Hovden si sterke stilling som for fritidsbustader.<\/p>\n<p>Ei l\u00f8ysing kunne vere at ein fekk datalagringa p\u00e5 St\u00f8leheia, det ville gjere at folk kunne bu lenger nord og pendle dit, men om det kom eit fengsel p\u00e5 Evje, vil det hjelpe meir.<\/p>\n<p>Arbeidsplassar innan kultur burde nok og bli h\u00f8gare vurdert, meinte Knudsen, det har vore game changers.<\/p>\n<p>Men det som ville endre situasjonen dramatisk, ville vere om ein fekk bygd ein indre veg mellom Oslo og Stavanger. Den ville f\u00e5 eit vegkryss i Setesdal og all erfaring seier at vegkryss skapar aktivitet om ein vil ha aktivitet. Knudsen meinte at ei nordre linje via Ryfylke ikkje var noko gode for J\u00e6ren, s\u00e5 Setesdal burde sende ein delegasjon til Sandnes og f\u00e5 dei med p\u00e5 laget for \u00e5 skape gl\u00f8d og glede for ein indre veg. D\u00e5 er det ikkje for seint.<\/p>\n<p>Regionr\u00e5det b\u00f8r h\u00f8yre p\u00e5 Knudsen og lage ein slik delegasjon og dei b\u00f8r ikkje vente til Riksveg 9 har f\u00e5tt gul stripe, for det langsiktige arbeidet b\u00f8r startast snarast. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Er det for seint? var tittelen p\u00e5 Jon P. Knudsen i sitt foredrag p\u00e5 Setesdalskonferansen i dag. Han synte trendar i samfunnet som heilt klart ikkje var til fordel for Setesdal, veksten i landet skjer i byomr\u00e5de som Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Dette illustrerte han med kart som synte b\u00e5de tilflytting og fr\u00e5flytting. Det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heilarsveg-til-sirdal-20228911\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Heil\u00e5rsveg til Sirdal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[63],"class_list":["post-20228911","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalskonferansen"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20228911"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20228911"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20228911\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20228911"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20228911"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20228911"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}