{"id":20227628,"date":"2015-04-08T21:28:49","date_gmt":"2015-04-08T21:28:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/04\/valle-sparebank-stenger-filialen-pa-rysstad-20227628\/"},"modified":"2015-04-08T21:28:49","modified_gmt":"2015-04-08T21:28:49","slug":"valle-sparebank-stenger-filialen-pa-rysstad-20227628","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-sparebank-stenger-filialen-pa-rysstad-20227628\/","title":{"rendered":"Valle Sparebank stenger filialen p\u00e5 Rysstad"},"content":{"rendered":"<p>Neste torsdag er siste dag for Valle Sparebank sin filial p\u00e5 Rysstad. Det opplyste Vidar Homme d\u00e5 han i kveld var gjest i Haralds time og fortalde om resutlatet for banken i 2014. Banken har ein forvaltningskapital p\u00e5 1,8 mrd. \u00c5rsm\u00f8tet vedtok \u00e5 dele ut om lag 600.000 kroner til lag og foreningar i Valle etter at desse hadde s\u00f8kt om st\u00f8nad f\u00f8r 31. januar.<\/p>\n<p>Men det er tid for omstrukturering i banken, og det eine \u00e5rsverket som no forsvinn p\u00e5 Rysstad vil bli brukt i Valle. I dag har banken like mange folk som for 10 \u00e5r sidan, men har 50 prosent fleire kundar, noko som syner at ein har rasjonalisert og effektivisert heile tida, fortalde han. No er 90 prosent av transaksjonane gjort av kundane sj\u00f8lve, det er ganske f\u00e5 som framleis f\u00e5r utf\u00f8rt tenester manuelt.<\/p>\n<p>Men dei som f\u00e5r manuelle tenester p\u00e5 Rysstad, vil framleis f\u00e5 det, for banken vil setje opp ein postkasse p\u00e5 Sentrumsbygget og den vil bli t\u00f8mt kvar morgon, posten teken med til Valle og handsama der same dagen. Dette kostar naturleg nok, medan bruk av nettbank er gratis, sa Vidar Homme, som og forsikra oss om at sponsinga av Valel Radio ville halde fram.<\/p>\n<p>Grunnen til at ein nok kan stenge, er at ein har f\u00e5tt p\u00e5 plass ein ny minibank p\u00e5 Rysstad. Det er ein minibank som ein og kan setje inn pengar i, noko som var viktig for n\u00e6ringslivet der. Men den er no testa og fungerer, s\u00e5 d\u00e5 er alt klart for ei ny tid i banken sitt engasjement p\u00e5 Rysstad.<\/p>\n<p>I 2014 tapte banken 2,2 millionar p\u00e5 utl\u00e5na sine, det er mindre enn gjennomsnittet for landet og mindre enn gjennomsnittet for banken dei siste \u00e5ra. Det er viktig \u00e5 ha l\u00e5ge tap, difor m\u00e5 banken alltid arbeide for \u00e5 redusere risikoen. Kundene i banken er trufaste, det er ikkje mange som byter bank bort fr\u00e5 Valle Sparebank, men det kjem nye kundar til, noko vi alltid arbeider for og alltid m\u00e5 arbeide for, sa banksjefen, som og kunne fortelje at han fekk nokre takkebrev fr\u00e5 lag og organisasjonar som f\u00e5r g\u00e5ver fr\u00e5 banken. For nokre dagar sidan fekk han ein twistpose, den gjekk p\u00e5 deling til dei tilsette.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rte oss inn p\u00e5 dropsa som banken bruka \u00e5 ha p\u00e5 skranken, men som er borte no. Vi sp\u00f8kte litt med at det er fordi ein ikkje vil ha kundene inn i banken, men ha dei til \u00e5 bruke minibanken, men kanskje ein skulle ha ein dropsautomat som kunne levere ein drops for kvar tusenlapp vi tok ut. Som du skj\u00f8nar, var det ein gemytteleg tone, Vidar Homme set pris p\u00e5 dei \u00e5rlege samtalane om drifta av Valle Sparebank.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Neste torsdag er siste dag for Valle Sparebank sin filial p\u00e5 Rysstad. Det opplyste Vidar Homme d\u00e5 han i kveld var gjest i Haralds time og fortalde om resutlatet for banken i 2014. Banken har ein forvaltningskapital p\u00e5 1,8 mrd. \u00c5rsm\u00f8tet vedtok \u00e5 dele ut om lag 600.000 kroner til lag og foreningar i Valle &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-sparebank-stenger-filialen-pa-rysstad-20227628\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Valle Sparebank stenger filialen p\u00e5 Rysstad<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20227628","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20227628"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20227628"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20227628\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20227628"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20227628"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20227628"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}