{"id":20204164,"date":"2015-03-24T22:11:05","date_gmt":"2015-03-24T22:11:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/03\/heimover-att-20204164\/"},"modified":"2015-03-24T22:11:05","modified_gmt":"2015-03-24T22:11:05","slug":"heimover-att-20204164","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heimover-att-20204164\/","title":{"rendered":"Heimover att"},"content":{"rendered":"<p>Etter ein sjeldan regnv\u00e5t m\u00e5ndag kom tysdag med sol og kl\u00e5rver. D\u00e5 var det triveleg \u00e5 ta fatt p\u00e5 heimvegen fr\u00e5 \u00c5lesund.<\/p>\n<p>Trafikken var noko annleis no enn laurdag morgon, men det gjekk i lagleg tempo innover mot \u00c5ndalsnes. Det vart ein stopp p\u00e5 Rauma Ullvarefabrikk, men Reidun gav seg ikkje til kjenne som kj\u00f8par av garn til Setesdalsgenser. I staden vart det nokre n\u00f8ste til samlinga av h\u00e5ndstrikkegarn f\u00f8r ferda gjekk oppover Romsdalen. Mannen stod der framleis, s\u00e5 langt vi kunne sj\u00e5 var det ingen journalistar som venta p\u00e5 at han skulle falle. Men Trollveggen og Trolltindane var kvite og fine i solskinet, truleg var regnet vi hadde i \u00c5lesund m\u00e5ndag sn\u00f8 p\u00e5 toppane her inne. Men vegane var turre og fine, trafikken var lagleg, og snart var vi p\u00e5 E6 og kunne vende nasen s\u00f8rover.<\/p>\n<p>Det enda med at vi stoppa p\u00e5 Gj\u00f8vik og fekk oss rom. Middagen var det Egon som serverte oss, og den var nydeleg, ikkje minst den bakte poteta som fylgde med min porsjon med biffsnadder. Reidun ville heller ha kyllingfilet, ogs\u00e5 den var velsmakande og mettande.<\/p>\n<p>Etter ein liten kikk p\u00e5 vermelding og nyhende var det i grunnen ikkje anna \u00e5 gjere enn \u00e5 ta kvelden og samle krefter til morgondagen og siste etappe i denne reiseskildringa fr\u00e5 ein tur over halve S\u00f8r-Norge i slutten av mars 2015. Landskapet er heilt ulikt det vi kjenner fr\u00e5 st\u00f8vete sommarvegar med stor trafikk. Men like fullt er det vakkert og fascinerande \u00e5 sj\u00e5 dei store variasjonane i v\u00e5rt langstrakte land.<\/p>\n<p>Av og til kjem vi forbi namn vi forbinder med ting vi kjenner fr\u00e5 ulike samanhengar. Vi passerte Orheim og eg m\u00e5tte tenke p\u00e5 den blinde predikanten Mathias Orheim, han som song og spelte p\u00e5 glass. D\u00e5 eg var liten, var han visst p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd, eg trur eg hugsar han, men det er bare som klangar i glassa, ikkje som predikant. P\u00e5 vegen til Domb\u00e5s kom vi til Lesja, og plutseleg s\u00e5g vi eit skilt Nordsletten. D\u00e5 m\u00e5tte eg tenke p\u00e5 salmediktaren Per Nordsletten, og sanneleg s\u00e5 var han fr\u00e5 Lesjaskog, det fann eg ut d\u00e5 eg slo opp p\u00e5 Salmebloggen til Leif Haugen. http:\/\/salmebloggen.trykker.com\/2014\/02\/07\/var-store-gud-gjor-store-under\/<\/p>\n<p>Det minna meg om ein stor underskog i kulturlivet som sjeldan er framme i rampelyset, dei mange som p\u00e5 ulike m\u00e5tar har gjort seg gjeldande p\u00e5 bedehusa og i kyrkjene, men i mindre grad i samfunnslivet i landet. Ikkje alle har f\u00e5tt sin rettmessige plass i historieb\u00f8kene, men lever i minnet til folk som ferdanst i dei krinsane.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter ein sjeldan regnv\u00e5t m\u00e5ndag kom tysdag med sol og kl\u00e5rver. D\u00e5 var det triveleg \u00e5 ta fatt p\u00e5 heimvegen fr\u00e5 \u00c5lesund. Trafikken var noko annleis no enn laurdag morgon, men det gjekk i lagleg tempo innover mot \u00c5ndalsnes. Det vart ein stopp p\u00e5 Rauma Ullvarefabrikk, men Reidun gav seg ikkje til kjenne som kj\u00f8par &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/heimover-att-20204164\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Heimover att<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20204164","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20204164"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20204164"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20204164\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20204164"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20204164"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20204164"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}