{"id":2016657,"date":"2007-04-01T21:16:05","date_gmt":"2007-04-01T21:16:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2007\/04\/bo_giertz2016657\/"},"modified":"2007-04-01T21:16:05","modified_gmt":"2007-04-01T21:16:05","slug":"bo_giertz2016657","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bo_giertz2016657\/","title":{"rendered":"Bo Giertz"},"content":{"rendered":"<p>Har du lese Steingrunnen og Ridderne p\u00e5 Rhodos?<\/p>\n<p>Det var Bo Giertz som skreiv dei, mannen som i 21 \u00e5r var biskop i G\u00f6teborg. I dag kom eg over han p\u00e5 Wikipedia, og det gav meg ein del tankar i h\u00f8ve b\u00f8ker eg las for lenge sidan. Sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Bo_Giertz<\/p>\n<p>Det er litt rart \u00e5 tenkje tilbake p\u00e5 folk ein har m\u00f8tt gjennom tidene. Utan \u00e5 vere heilt sikker p\u00e5 kva tid det var, meiner eg at eg h\u00f8yrde han tale ein gong. S\u00e5 les eg biografien og ser at lange linjer vert trekte. Mor hans var dotter til mannen som grunnla Ericsson, du veit den mobiltelefonen. LM Ericsson var f\u00f8dd i 1846, det er 160 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Bo Giertz kom til \u00e5 h\u00f8yre eit foredrag av Natanael Beskow, den kjende svenske predikanten, og det endra livet hans. Fr\u00e5 \u00e5 vere ein ateistisk student vende han om og tok til med teologien. Etter ti \u00e5r som kapellan vart han utnemnd til biskop. Dei to romanane eg nemnde over, er spesielle b\u00f8ker som p\u00e5 ulike m\u00e5tar fanger lesaren, anten det handlar om presten som slit i kyrkjelyden eller tempelriddaren som strevar p\u00e5 sin m\u00e5te.<\/p>\n<p>To av Beskow sine salmer finst i Norsk Salmebok. Nr. 697 Ditt verk er stort, men veik er eg er omsett til norsk av Ragnvald Indreb\u00f8, Nr 860 \u00c5 salige dag som i h\u00e5pet vi venter er omsett til norsk av \u00d8ystein Thelle.<\/p>\n<p>Den som leitar etter slike lange linjer, vil truleg lettare forst\u00e5 mykje av det som skjer i samfunnet. Den engasjerte og konservative biskopen i G\u00f6teborg, som d\u00f8ydde for ni \u00e5r sidan, var ein sterk talsmann mot kvinnelege prestar og prega nok synet til sv\u00e6rt mange av dei som h\u00f8yrde han og las det han skreiv. Han var grunnleggjar av organisasjonen som vi i Noreg kjenner under namnet For bibel og bekjennelse.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ein i dag ikkje ser likt p\u00e5 alle ting, er det ikkje tvil om at Bo Giertz inspirerte til tru og misjon i den tenesta han fekk, slik han sj\u00f8lv var blitt inspirert til \u00e5 vende seg bort fr\u00e5 spr\u00e5kstudiet for \u00e5 fylgje Jesus, som det st\u00e5r p\u00e5 wikipedia.<\/p>\n<p>Vi kan ha ulike grunnar for dei vala vi har gjort. N\u00e5r vi no g\u00e5r inn i den stille veka kan det vere eit godt h\u00f8ve \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 dette i lyset Golgata. N\u00e5r det kjem til stykke er det vendepunktet i verdssoga etter Bibelen sitt ord s\u00e5 vel som etter Bo Giertz sitt vitnem\u00e5l.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Har du lese Steingrunnen og Ridderne p\u00e5 Rhodos? Det var Bo Giertz som skreiv dei, mannen som i 21 \u00e5r var biskop i G\u00f6teborg. I dag kom eg over han p\u00e5 Wikipedia, og det gav meg ein del tankar i h\u00f8ve b\u00f8ker eg las for lenge sidan. Sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Bo_Giertz Det er litt rart \u00e5 tenkje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bo_giertz2016657\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bo Giertz<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-2016657","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2016657"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2016657"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2016657\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2016657"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2016657"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2016657"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}