{"id":20155166,"date":"2015-03-02T22:53:41","date_gmt":"2015-03-02T22:53:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/03\/pa-pensjonistforening-20155166\/"},"modified":"2015-03-02T22:53:41","modified_gmt":"2015-03-02T22:53:41","slug":"pa-pensjonistforening-20155166","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-pensjonistforening-20155166\/","title":{"rendered":"P\u00e5 pensjonistforening"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5se Holen spurde om eg ville vere med p\u00e5 Valle pensjonistforening i kveld. Dei skulle ha m\u00f8te p\u00e5 Bergtun, og dersom eg kunne, hadde det vore fint med ein andakt og eit k\u00e5seri.<\/p>\n<p>Klokka 17 var vi 17 personar samla i stova p\u00e5 Bergtun. Kjetil Rike hadde med trekkspelet og eg hadde f\u00e5tt med Michael fr\u00e5 Myanmar til \u00e5 spele gitar i samband med andakten eg heldt. Den var bygd opp rundt sangen <em>Blott en dag<\/em>, som har 150-\u00e5rsjubileum i \u00e5r, Lina Sandell hadde den med i kalenderen Korsblomman i 1865. I sangen siterer ho fr\u00e5 5. Mosebok 33, 25: \u00abSom dine dager er, skal din styrke v\u00e6re.\u00bb<\/p>\n<p>Inspirasjonen til andakten fekk eg fr\u00e5 svensk TV2 som sender gudsteneste kvar sundag klokka 10.05 og som i g\u00e5r hadde gudsteneste fr\u00e5 Frelsesarmeen i V\u00e4ster\u00e5s der dei song denne sangen. Det fekk meg til \u00e5 leite litt p\u00e5 Internett, og der fann eg salmebloggen til Leif Haugen, og den hadde mykje av stoffet eg brukte i andakten. http:\/\/salmebloggen.trykker.com\/2009\/10\/05\/blott-en-dag\/<\/p>\n<p>Etter at vi hadde sunge sangen til Michael sitt gitarakkompagnement, song Michael ein song p\u00e5 burmesisk. S\u00e5 var det utlodning f\u00f8r vi fekk sm\u00f8rbr\u00f8d. Kaka sparte vi til etter k\u00e5seriet mitt, som handla om nye landsmenn i kommunen v\u00e5r, det er eit tema som folk veit for lite om. Eg fekk fine kommentarar etter k\u00e5seriet, pensjonistane tykte det hadde vore interessant \u00e5 h\u00f8yre litt om kor folka kjem fr\u00e5 og kvifor dei er i Norge. N\u00e5r ein f\u00e5r h\u00f8yre litt om dei som lever i bygda v\u00e5r, blir problemstillingane vi ofte f\u00e5r omtalt i media litt n\u00e6rare og litt meir konkrete.<\/p>\n<p>Med det vart kvelden runda av. Sangen Sov du vesle spire ung vart siste songen i kveld, den var det ikkje s\u00e5 mange som var trygge p\u00e5 melodien til, s\u00e5 eg m\u00e5tte til med min noko harkande stemme. Men det gjekk h\u00f8veleg, og korkje under andakt eller k\u00e5seri tok kriblinga i halsen overh\u00e5nd, s\u00e5 alt i alt var det ein triveleg kveld.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5se Holen spurde om eg ville vere med p\u00e5 Valle pensjonistforening i kveld. Dei skulle ha m\u00f8te p\u00e5 Bergtun, og dersom eg kunne, hadde det vore fint med ein andakt og eit k\u00e5seri. Klokka 17 var vi 17 personar samla i stova p\u00e5 Bergtun. Kjetil Rike hadde med trekkspelet og eg hadde f\u00e5tt med Michael &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-pensjonistforening-20155166\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">P\u00e5 pensjonistforening<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20155166","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20155166"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20155166"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20155166\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20155166"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20155166"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20155166"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}