{"id":20145432,"date":"2015-02-27T23:45:42","date_gmt":"2015-02-27T23:45:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/02\/test-i-samfunnskunnskap-20145432\/"},"modified":"2015-02-27T23:45:42","modified_gmt":"2015-02-27T23:45:42","slug":"test-i-samfunnskunnskap-20145432","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/test-i-samfunnskunnskap-20145432\/","title":{"rendered":"Test i samfunnskunnskap"},"content":{"rendered":"<p>Denne veka har Test i samfunnskunnskap vore eit debatt-tema. Det er ein test som utlendingar som vil verte norske statsborgarar m\u00e5 ta. Dei fleste det gjeld, kjem fr\u00e5 land utanom EU, det er nok flest flyktningar som den er aktuell for.<\/p>\n<p>Flyktningar har rett til inntil 3000 timar i norsk og samfunnskunnskap. Dei f\u00e5r to \u00e5r eller tre \u00e5r med introduksjonsst\u00f8nad og i denne tida g\u00e5r dei p\u00e5 kurs for \u00e5 l\u00e6re spr\u00e5k og samfunnskunnskap. I tillegg til den testen som har vore framme i debatten, m\u00e5 dei ogs\u00e5 ha munnleg norsk spr\u00e5ktest p\u00e5 niv\u00e5 A2 for \u00e5 f\u00e5 statsborgarskap etter \u00e5 ha budd sju \u00e5r i landet.<\/p>\n<p>Det spesielle med samfunnskunnskaptesten er at den skal takast etter at dei har hatt eit 50 timars kurs i samfunnskunnskap. Dette kurset tek opp den norske velferdsmodellen og ein del historiske fakta n\u00e5r det gjeld landet dei er komne til.<\/p>\n<p>I debatten har det vore mange norske som har teke testen, dei har jo ikkje hatt 50 timars kurs med det pensum som utlendingane har hatt. Difor har til og med politikarar p\u00e5 Stortinget hatt feil. Som oftast er det feil, s\u00e5 langt eg har skj\u00f8na, som kjem av at dei nok har betre kjennskap til tilh\u00f8va enn dei testen er laga for. Mellom anna var det sp\u00f8rsm\u00e5l om kor gammal ein m\u00e5 vere for \u00e5 gifte seg her i landet, og det er sant at ein kan gjere det etter s\u00f8knad n\u00e5r ein er 16 \u00e5r, men svaret var 18 \u00e5r, for er ein 18 \u00e5r, treng ein ingen s\u00f8knad. Dette er mellom dei tema som blir gjennomg\u00e5tt p\u00e5 kurset, det skulle difor ikkje vere s\u00e6rleg vanskeleg for den som har gjennomf\u00f8rt kurset. Det er til og med utarbeidd p\u00e5 mange ulike spr\u00e5k, om ein skal ta kurset p\u00e5 norsk, m\u00e5 ein nok ha l\u00e6rt seg norsk nok til \u00e5 ha klart Norsk spr\u00e5ktest p\u00e5 minst A2 niv\u00e5.<\/p>\n<p>Mange av utlendingane som bur i Valle, har teke denne testen. S\u00e5 langt eg veit, hadde dei ikkje s\u00e6rlege problem med den, s\u00e5 n\u00e5lauga for \u00e5 kunne s\u00f8ke om norsk statsborgarskap var ikkje s\u00e5 veldig trongt n\u00e5r dei hadde vore sju \u00e5r i Norge. Fleire av burmesarane som har sl\u00e5tt seg til i kommunen, har no f\u00e5tt norsk statsborgarskap. Det kan vi gratulere dei med. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne veka har Test i samfunnskunnskap vore eit debatt-tema. Det er ein test som utlendingar som vil verte norske statsborgarar m\u00e5 ta. Dei fleste det gjeld, kjem fr\u00e5 land utanom EU, det er nok flest flyktningar som den er aktuell for. Flyktningar har rett til inntil 3000 timar i norsk og samfunnskunnskap. Dei f\u00e5r to &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/test-i-samfunnskunnskap-20145432\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Test i samfunnskunnskap<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20145432","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20145432"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20145432"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20145432\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20145432"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20145432"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20145432"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}