{"id":20055199,"date":"2015-02-04T23:46:26","date_gmt":"2015-02-04T23:46:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/02\/sknadsjungel-20055199\/"},"modified":"2015-02-04T23:46:26","modified_gmt":"2015-02-04T23:46:26","slug":"sknadsjungel-20055199","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sknadsjungel-20055199\/","title":{"rendered":"S\u00f8knadsjungel"},"content":{"rendered":"<p>Norge l\u00f8yver tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar p\u00e5 mange ulike m\u00e5tar. \u00c5rleg vert det l\u00f8yvd 35 milliardar kroner til alt fr\u00e5 n\u00e6rmilj\u00f8anlegg til tiltak for \u00e5 integrere flyktningar i ei bygd, for \u00e5 nemne to saker eg har sett utlyst.<\/p>\n<p>Men korleis skal ein f\u00e5 tak i desse pengane. Ein m\u00e5 kjenne reglane og kunne skrive s\u00f8knaden p\u00e5 ein m\u00e5te som dekker intensjonen med tiltaket. Dette er vanskeleg, men dei som klarar det, kan f\u00e5 pengar l\u00f8yvd fr\u00e5 det offentlege.<\/p>\n<p>Komande m\u00e5ndag skal det vere eit kurs p\u00e5 Evje der ein ekspert p\u00e5 slikt skal fortelje om korleis ein kan gjere det. Anders A. Vik har halde mange slike kurs og er ein inspirerande foredragshaldar, fortalde Irene Falck Jensen i Valle Radio tysdagskvelden. Ho hadde vore p\u00e5 kurs med han i Kristiansand, og no kjem han til Evje, slik at folk i kommunen der og elles i Setesdal kan f\u00e5 innsikt i noko som f\u00e5 har s\u00e6rleg god greie p\u00e5. For folk som ikkje bur i Evje og Hornnes kostar kurset 250 kroner, og det m\u00e5 ein betale kontant p\u00e5 staden.<\/p>\n<p>Kvart \u00e5r dukkar det opp nye tilskotsordningar, men nokre gamle fell vekk. Det er ein jungel, og det kan vere godt \u00e5 ha ein vegvisar.<\/p>\n<p>Irene Falck Jensen fortalde elles litt om Evje kino, som kom p\u00e5 andre plass over kinoar innan Bygdekinoen n\u00e5r det gjeld bes\u00f8kstal. Det er 20 kinoframsyningar p\u00e5 Evje p\u00e5 eitt \u00e5r, og over 3000 innom er godt tal. Om ein hadde teke omsyn til kor mange som bur i kommunen, ville Evje kino vore p\u00e5 topp, for det bur fem gonger s\u00e5 mange i Os kommune ved Bergen, som var den kinoen som hadde h\u00f8gast bes\u00f8k.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Evje folkebibliotek har godt bes\u00f8k. Sist veke var det krimforfattar J\u00f8rn Lier Horst som var innom, og d\u00e5 kom det tilh\u00f8yrarar i alle aldrar for \u00e5 h\u00f8yre han fortelje. Biblioteket er og turistinformasjon, s\u00e5 det kjem ogs\u00e5 mange folk innom for \u00e5 f\u00e5 vite meir om kommunen dei er p\u00e5 bes\u00f8k i.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Norge l\u00f8yver tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar p\u00e5 mange ulike m\u00e5tar. \u00c5rleg vert det l\u00f8yvd 35 milliardar kroner til alt fr\u00e5 n\u00e6rmilj\u00f8anlegg til tiltak for \u00e5 integrere flyktningar i ei bygd, for \u00e5 nemne to saker eg har sett utlyst. Men korleis skal ein f\u00e5 tak i desse pengane. Ein m\u00e5 kjenne reglane og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sknadsjungel-20055199\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">S\u00f8knadsjungel<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20055199","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20055199"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20055199"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20055199\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20055199"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20055199"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20055199"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}