{"id":20033973,"date":"2015-01-30T22:52:54","date_gmt":"2015-01-30T22:52:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/01\/om-bygdebker-20033973\/"},"modified":"2015-01-30T22:52:54","modified_gmt":"2015-01-30T22:52:54","slug":"om-bygdebker-20033973","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-bygdebker-20033973\/","title":{"rendered":"Om bygdeb\u00f8ker"},"content":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden var Chris Nyborg i studio og fortalde om digitaliseringa av Heimar og Folk i Bykle som han har hatt ansvaret for p\u00e5 Lokalhistoriewiki nokre m\u00e5nader. Onsdag vart den digitale versjonen offisielt lansert p\u00e5 Bykle kulturkafe, og torsdag var han i Bykle kommunestyre for \u00e5 orientere om kva dei har brukt pengar p\u00e5.<\/p>\n<p>Kva har dei s\u00e5 brukt pengar p\u00e5? Fem bind bygdeb\u00f8ker er lagde inn p\u00e5 Lokalhistoriewiki.<\/p>\n<p>Dei feila som ein har f\u00e5tt vite om, er korrigerte, s\u00e5 verket er meir korrekt enn dei trykte b\u00f8kee. I tillegg er det no h\u00f8ve til \u00e5 oppdatere tekstar og \u00e5 legge inn bilete. B\u00f8kene kom i 2008, p\u00e5 \u00e5tte \u00e5r har det jo skjedd ein del, s\u00e5 i teorien kan ein etter kvart f\u00e5 eit heilt oppdatert bygdesogeverk fr\u00e5 kommunen \u00f8vst i Setesdal.<\/p>\n<p>Ein kan legge inn galleri av bilete fr\u00e5 kvar gard, noko slikt kunne ein ikkje f\u00e5 til i dei trykte b\u00f8kene.<\/p>\n<p>Chris fortalde levande om korleis det no er h\u00f8ve til \u00e5 lenke mellom stoffet, slik at ein lett kan trykke p\u00e5 ei lenke og kome til garden som ein familie flytta til. Verket er orientert ut fr\u00e5 dei 18 gardsnummera i Bykle, men det er jo mange bruksnummer, og m\u00e5let har vore \u00e5 f\u00e5 med alle folka som har budd i alle heimane i kommunen. Difor er det ogs\u00e5 teke med bygningar som hotell og butikkar om nokon har hatt fast bustad der, Hovden H\u00f8yfjellshotell og Hovdest\u00f8ylen er med, det same er Samvirkelaget.<\/p>\n<p>Bykle er den f\u00f8rste kommunen i landet som har gjort noko slikt. Men Tinn kommune ser ut til \u00e5 kome etter, likevel p\u00e5 ein annan m\u00e5te enn Bykle, for Tinn si bygdebok sluttar p\u00e5 1800-talet, s\u00e5 der har historielaget teke p\u00e5 seg \u00e5 skrive direkte inn p\u00e5 lokalhistoriewiki om det som har skjedd sidan. Det arbeidet er ikkje kome i gang, men det er laga ein avtale om det. Mange byklarar har linjer til Tinn, s\u00e5 n\u00e5r dette ogs\u00e5 vert lagd inn, vil ein kunne lage lenker mellom kommunane.<\/p>\n<p>Valle er jo den kommunen som har tettast hopehav med Bykle, dei var ein kommune i ein periode, dei har alltid vore eitt prestegjeld. Difor hadde det vore flott om Valle kommune sine bygdeb\u00f8ker ogs\u00e5 hadde blitt lagde inn p\u00e5 lokalhistoriewiki, dei er 20 \u00e5r gamle og treng sterkt til oppdatering. Ei digital oppdatering ville vore sv\u00e6rt nyttig.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden var Chris Nyborg i studio og fortalde om digitaliseringa av Heimar og Folk i Bykle som han har hatt ansvaret for p\u00e5 Lokalhistoriewiki nokre m\u00e5nader. Onsdag vart den digitale versjonen offisielt lansert p\u00e5 Bykle kulturkafe, og torsdag var han i Bykle kommunestyre for \u00e5 orientere om kva dei har brukt pengar p\u00e5. Kva har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-bygdebker-20033973\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om bygdeb\u00f8ker<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-20033973","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20033973"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=20033973"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/20033973\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=20033973"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=20033973"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=20033973"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}