{"id":19996062,"date":"2015-01-20T22:21:31","date_gmt":"2015-01-20T22:21:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/01\/setesdlen-40-ar-19996062\/"},"modified":"2015-01-20T22:21:31","modified_gmt":"2015-01-20T22:21:31","slug":"setesdlen-40-ar-19996062","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdlen-40-ar-19996062\/","title":{"rendered":"Setesd\u00f8len 40 \u00e5r"},"content":{"rendered":"<p>I kveldens sending hadde eg ein samtale med Sigurd Haugsgjerd og gratulerte han med at avisa no fyller 40 \u00e5r. Det vert markert med utgjeving av avis kvar dag denne veka.<\/p>\n<p>Sigurd fortalde levande om korleis det var \u00e5 lage avis dei f\u00f8rste \u00e5ra. D\u00e5 tok han bilete og sende dei til Ingebj\u00f8rg Vegestog Homme. Ho og Tarald framkalte bileta og sende dei med bilruta til Kristiansand neste dag, han sj\u00f8lv m\u00e5tte pr\u00f8ve \u00e5 lage bilettekstar utan \u00e5 sj\u00e5 biletet, det s\u00e5g han ikkje f\u00f8r det stod p\u00e5 trykk i avisa d\u00e5 den kom ut.<\/p>\n<p>Ved eit anna h\u00f8ve fortalde han meg om korleis han reiste til Kristiansand og leverte manuskripta, s\u00e5 m\u00e5tte dei setjast medan han tok ein tur p\u00e5 byen f\u00f8r han kom tilbake og las korrektur. No skriv han alt direkte inn p\u00e5 ein skjerm og sender digitalt til trykkeriet i Arendal om ettermiddagen og s\u00e5 ligg avisa i postkassen neste dag.<\/p>\n<p>I samtalen var P\u00e5l Dale med i studio, og dei mintest ulike situasjonar fr\u00e5 40 \u00e5rs samkvem der Sigurd kom p\u00e5 kommunestyrem\u00f8ta og dekka dei, og dersom han ikkje kom, vart m\u00f8tet kort, for d\u00e5 kom det jo ikkje noko i avisa.<\/p>\n<p>Ein journalist som i nesten 40 \u00e5r har dekka Setesdal og skrive om store og sm\u00e5 hendingar, han kjenner folk og bygder ganske godt. Difor fell det lett for han \u00e5 skrive om folk til \u00e5rem\u00e5lsdagar eller minneord. Han m\u00e5 ikkje leite s\u00e5 lenge etter stoff.<\/p>\n<p>Vi snakka og litt om korleis avisa har utvida nedslagsfeltet noko i takt med at folketalet har g\u00e5tt ned. Halvparten av opplaget g\u00e5r til abonnentar utanfor Setesdal, folk som vil fylgje med i kva som skjer i dalen dei har eit forhold til, anten p\u00e5 grunn av familie eller fordi dei har fritidsbustad i Setesedal.<\/p>\n<p>Men han vil ikkje p\u00e5 Internett, d\u00e5 rekna han med at folk ikkje lenger ville abonnere p\u00e5 papiravisa. Skal ein ha informasjon fr\u00e5 Setesd\u00f8len, m\u00e5 ein finne det i papiravisa. Dei legg bare ut foto av framsida, det kan vere ein appetittvekkar.<\/p>\n<p>Nyhetsstoff vi lagar i Valle Radio hentar vi ofte fr\u00e5 Setesd\u00f8len. Av og til skriv dei ogs\u00e5 om noko som vi har laga. Slik kan vi saman gje folk informasjon om liv og hendingar i regionen.<\/p>\n<p>Gratulerer med dei 40 \u00e5r!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveldens sending hadde eg ein samtale med Sigurd Haugsgjerd og gratulerte han med at avisa no fyller 40 \u00e5r. Det vert markert med utgjeving av avis kvar dag denne veka. Sigurd fortalde levande om korleis det var \u00e5 lage avis dei f\u00f8rste \u00e5ra. D\u00e5 tok han bilete og sende dei til Ingebj\u00f8rg Vegestog Homme. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdlen-40-ar-19996062\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesd\u00f8len 40 \u00e5r<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19996062","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19996062"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19996062"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19996062\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19996062"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19996062"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19996062"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}