{"id":19974057,"date":"2015-01-14T23:58:23","date_gmt":"2015-01-14T23:58:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2015\/01\/sove-ute-19974057\/"},"modified":"2015-01-14T23:58:23","modified_gmt":"2015-01-14T23:58:23","slug":"sove-ute-19974057","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sove-ute-19974057\/","title":{"rendered":"Sove ute"},"content":{"rendered":"<p>Natt til i dag sove ordf\u00f8rarar ute for \u00e5 markere starten p\u00e5 Friluftslivets \u00e5r. Det kan ikkje ha vore den beste natta \u00e5 sove ute p\u00e5, d\u00e5 eg vakna i dag var det 30 cm nysn\u00f8 i Valle. Bj\u00f8rn Ropstad kommenterte at det nok kom til \u00e5 bli ei lang fyringsvakt p\u00e5 Himmelsyna, der han var i lag med ordf\u00f8rarar i nabokommunane.<\/p>\n<p>I Valle l\u00e5g ordf\u00f8rar Tarald Myrum i lavvo ved barnehagen, medan fylkesordf\u00f8raren truleg l\u00e5g h\u00f8gast i Aust-Agder, han br\u00f8ytte seg veg saman med nokre vener og sov p\u00e5 Kreklingb\u00e6rhaugen.<\/p>\n<p>Dei fekk i alle fall s\u00f8kelyset p\u00e5 starten av dette \u00e5ret, arrang\u00f8rane. Om det vil f\u00f8re til at fleire blir med i friluftslivets gleder, kan ein nok undre p\u00e5.<\/p>\n<p>Det er eit paradoks at same veka som dette hende, stod performancekunstnaren som var p\u00e5 Hovden i fjor og malte ein islagt bekk med vassfargar for retten i Kristiansand for ulovleg scooterk\u00f8yring. Han hadde nekta \u00e5 vedta eit forelegg p\u00e5 8400 kroner, og m\u00e5tte hentast fr\u00e5 K\u00f8benhavn for \u00e5 forklare seg.<\/p>\n<p>P\u00e5 Hovden nyttar dei sn\u00f8scooter som folk ved kysten nyttar skj\u00e6rg\u00e5rdsjeepen. Men det skal dei jo helst ikkje, motorferdsle i utmark er strengt regulert. I samtalen eg hadde med Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund i Valle Radio for ei veke sidan kom han inn p\u00e5 det. Han sa d\u00e5 at om lag 70% av Valle kommune er disponert til reinsdyra, og der er det sv\u00e6rt vanskeleg for folk \u00e5 drive n\u00e6ringsverksemd. I byane snakkar dei om frislepp av sn\u00f8scooterkj\u00f8ring, men ingen l\u00f8yper vil bli lagde i eit slikt omr\u00e5de, og framleis vil det vere eit sterkt regime for \u00e5 halde kontroll p\u00e5 ferdsla. \u00c5 kj\u00f8re til toppen av skibakken med ein sjokolade er lov, sa kunstnaren, som ikkje kunne forst\u00e5 at han skulle straffast for \u00e5 bli kj\u00f8rt opp til bekken der kunstverket skulle skapast.<\/p>\n<p>Litt av kvart \u00e5 fundere over ein sein kveldstime i sn\u00f8fulle Valle.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Natt til i dag sove ordf\u00f8rarar ute for \u00e5 markere starten p\u00e5 Friluftslivets \u00e5r. Det kan ikkje ha vore den beste natta \u00e5 sove ute p\u00e5, d\u00e5 eg vakna i dag var det 30 cm nysn\u00f8 i Valle. Bj\u00f8rn Ropstad kommenterte at det nok kom til \u00e5 bli ei lang fyringsvakt p\u00e5 Himmelsyna, der han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sove-ute-19974057\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sove ute<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19974057","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19974057"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19974057"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19974057\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19974057"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19974057"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19974057"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}