{"id":19834056,"date":"2014-12-11T22:27:28","date_gmt":"2014-12-11T22:27:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/12\/diakoni-i-otredal-19834056\/"},"modified":"2014-12-11T22:27:28","modified_gmt":"2014-12-11T22:27:28","slug":"diakoni-i-otredal-19834056","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/diakoni-i-otredal-19834056\/","title":{"rendered":"Diakoni i Otredal"},"content":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden fekk eg ein hyggeleg samtale med Anna Heggland, som er prostidiakon i Otredal prosti. Ho overtok etter Per Emanuelsen i august og noko av det f\u00f8rste ho jobba med var Countryfestivalen p\u00e5 Ose. Der har kyrkja i mange \u00e5r hatt eit rom der folk kunne kome for samtale, vaflar og kaffe, og sj\u00f8lv om Per slutta, var det ikkje aktuelt \u00e5 stoppe \u00e5 v\u00e6re med p\u00e5 Countryfestivalen.<\/p>\n<p>Anna fortalde om seg sj\u00f8lv, ho har ein mangfoldig bakgrunn som sjukepleiar med tilleggsutdanning i psykiatrisk sjukepleie og diakoniutdanning. Ho arbeidde i si tid p\u00e5 ein sjukeheim i Kvalsund i Finnmark som Samemisjonen dreiv, difor var det interessant for henne \u00e5 vere kretssekret\u00e6r for Samemisjonen p\u00e5 S\u00f8rlandet eit \u00e5rs tid. I denne tida bes\u00f8kte ho og arbeidet som vert gjort i Finnmark og p\u00e5 Kola. Men ho har ikkje l\u00e6rt seg samisk, sj\u00f8lv om ho meiner det er lett \u00e5 lese, for det vert uttalt som det st\u00e5r skrive.<\/p>\n<p>Etter \u00e5ret i Samemisjonen arbeidde Anna p\u00e5 sjukehuset i Kristiansand f\u00f8r ho s\u00f8kte p\u00e5 stillinga som prostidiakon. Det er ei 70 prosent stilling som er fordelt p\u00e5 seks kommunar etter ein n\u00f8kkel, s\u00e5 ho jobbar helst partalsveker i Setesdal og resten i Vennesla. Ei av oppg\u00e5vene hennar er \u00e5 inspirere diakoniutval i kyrkjelydane i prostiet, dei fleste kyrkjelydane har eit slikt utval.<\/p>\n<p>Stikkord for arbeidet kan vere sorgarbeid, det er grupper for etterlatte mange stader. Ofte opplever dei som har mista ein kj\u00e6r person at det er godt \u00e5 m\u00f8tast med nokon som har opplevd det same. Elles kan skilsmisse vere ein situasjon der det er godt \u00e5 ha nokon \u00e5 snakke med, mange opplever sorga det ikkje vert sendt blomar til i v\u00e5r tid. Rusproblematikk er ogs\u00e5 aktuell for ein prostidiakon, s\u00e5 det er mange oppg\u00e5ver \u00e5 ta fatt i. Ein kan ringe Anna p\u00e5 telefon 9138 2835 eller sende ein epost til henne om ein vil ha kontakt.<\/p>\n<p>Her er eit intervju med henne i Vennesla Tidende: http:\/\/www.venneslatidende.no\/nyheter\/medvandrer-i-sorg-og-glede-1.1349744<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdagskvelden fekk eg ein hyggeleg samtale med Anna Heggland, som er prostidiakon i Otredal prosti. Ho overtok etter Per Emanuelsen i august og noko av det f\u00f8rste ho jobba med var Countryfestivalen p\u00e5 Ose. Der har kyrkja i mange \u00e5r hatt eit rom der folk kunne kome for samtale, vaflar og kaffe, og sj\u00f8lv om &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/diakoni-i-otredal-19834056\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Diakoni i Otredal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19834056","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19834056"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19834056"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19834056\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19834056"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19834056"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19834056"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}