{"id":19770734,"date":"2014-11-27T22:15:55","date_gmt":"2014-11-27T22:15:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/11\/meir-om-valle-vidaregaande-skule-19770734\/"},"modified":"2014-11-27T22:15:55","modified_gmt":"2014-11-27T22:15:55","slug":"meir-om-valle-vidaregaande-skule-19770734","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-valle-vidaregaande-skule-19770734\/","title":{"rendered":"Meir om Valle vidareg\u00e5ande skule"},"content":{"rendered":"<p>Du hugsar kanskje at eg ein tysdag for eit par veker sidan, det var 11. november, hadde ein aktuell time med debatt mellom ordf\u00f8rar Tarald Myrum, gullsmed \u00d8rnulf Hasla og fylkesskulesjef Bernt Skutlaberg. Bakgrunnen var forslag fr\u00e5 fylkesr\u00e5dmannen om ei styrt avvikling av Valle vidareg\u00e5ande skule.<\/p>\n<p>Tysdag 25. november var saka oppe i fylkesutvalet. NRK laga ei melding p\u00e5 saka som dei kalla Tenkepause om Valle-skole. Her g\u00e5r det fram at det politiske fleirtalet i fylkestinget ikkje er budde p\u00e5 \u00e5 legge ned skulen i desember, slik det gjekk fram av samtalen i v\u00e5r sending. Heller ikkje Ap vil g\u00e5 for dette, og dermed er skulen sikra inntil vidare. Han skal diskuterast i februar og i mellomtida vil politikarane ha nye utgreiingar. Tellef Inge M\u00f8rland fr\u00e5 Ap meiner at skulen b\u00f8r flytte til Hovden heller enn \u00e5 bli lagt ned medan det politiske fleirtalet meiner at ein b\u00f8r samarbeide meir med den lokale gull- og s\u00f8lvsmedn\u00e6ringa.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje om programmet i Valle Radio hadde nokon verknad i h\u00f8ve til konklusjonen politikarane kom til, men etter programmet vart saka dr\u00f8fta i formannskapet i Valle og det vart truleg teke initiativ til \u00e5 f\u00e5 gjort noko b\u00e5de fr\u00e5 politikarar og n\u00e6ringsliv. Det er moro \u00e5 lage radio n\u00e5r ein kan ha sv\u00e6rt aktuelle saker p\u00e5 dagsorden.<\/p>\n<p><strong>Og s\u00e5 litt om g\u00e5rsdagen:<\/strong><br \/>\nSendinga i g\u00e5r m\u00e5tte g\u00e5 ut, eg trur at det var tekniske problem i Bykle som var \u00e5rsaka. Men publikum er ikkje s\u00e5 sikre p\u00e5 det, eg m\u00f8tte ein person i dag som meinte at det var politikarane som ikkje ville at folk skulle h\u00f8yre p\u00e5, d\u00e5 kunne dei seie kva dei ville. Det kom i det heile sv\u00e6rt mange reaksjonar p\u00e5 at sendinga i g\u00e5r fall ut. Vi tenkjer ofte at det kanskje ikkje er s\u00e5 mange som h\u00f8yrer p\u00e5 Valle Radio, men n\u00e5r det skjer noko uventa, f\u00e5r vi mange reaksjonar. Det syner at radioen betyr noko for folk flest.<\/p>\n<p><strong>Til slutt litt om prioritering:<\/strong><br \/>\nM\u00e5ndag kveld hadde Valle Ap nominasjonsm\u00f8te. Tysdag morgon m\u00f8tte eg Kim Pedersen og spurde kven som hadde lista dei hadde sett opp. Det hadde han, s\u00e5 eg skulle f\u00e5 den seinare p\u00e5 dagen med tanke p\u00e5 \u00e5 formidle den i Valle Radio. Kan hende kunne det vere aktuelt med eit intervju.<\/p>\n<p>Men seinare p\u00e5 dagen hadde han f\u00e5tt avklart med ein eller annan at Setesd\u00f8len skulle f\u00e5 lista og trykke den i avisa f\u00f8r andre kunne f\u00e5 den. Dermed vart det ikkje noko innslag i tysdagssendinga om dette, noko eg tykte var leitt, for folk er opptekne av nominasjonslistene.<\/p>\n<p>I dag hadde likevel NRK S\u00f8rlandet f\u00e5tt lista og kunngjorde at Steinar Kyrvestad st\u00e5r p\u00e5 f\u00f8rste plass,noko som vel vil kome i Setesd\u00f8len i morgon. Om Valle Ap skal f\u00e5 sendetid i Valle Radio, b\u00f8r dei dele stoff med radioen, det er no mi meining ein sein torsdagskveld.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Du hugsar kanskje at eg ein tysdag for eit par veker sidan, det var 11. november, hadde ein aktuell time med debatt mellom ordf\u00f8rar Tarald Myrum, gullsmed \u00d8rnulf Hasla og fylkesskulesjef Bernt Skutlaberg. Bakgrunnen var forslag fr\u00e5 fylkesr\u00e5dmannen om ei styrt avvikling av Valle vidareg\u00e5ande skule. Tysdag 25. november var saka oppe i fylkesutvalet. NRK &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-valle-vidaregaande-skule-19770734\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om Valle vidareg\u00e5ande skule<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19770734","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19770734"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19770734"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19770734\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19770734"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19770734"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19770734"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}