{"id":19733710,"date":"2014-11-19T23:20:41","date_gmt":"2014-11-19T23:20:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/11\/takk-til-niklos-19733710\/"},"modified":"2014-11-19T23:20:41","modified_gmt":"2014-11-19T23:20:41","slug":"takk-til-niklos-19733710","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/takk-til-niklos-19733710\/","title":{"rendered":"Takk til Niklos"},"content":{"rendered":"<p>Niklos K. Besteland er orgelentusiasten som gjer at vi har hatt orgelprogram i tysdagssendingane s\u00e5 lenge vi har halde p\u00e5. Han har ei stor samling orgelmusikk og deler villig med seg annankvar tysdag.<\/p>\n<p>I dag deler eg med dykk litt av den takksemda eg f\u00f8ler for jobben Niklos gjer. Ikkje nok med at han har fine program, han lagar og god informasjon om musikken, komponistar og ut\u00f8varar. Kvar tysdag f\u00e5r eg eit ark med den informasjonen s\u00e5 eg kan fylgje med p\u00e5 det han presenterer.<\/p>\n<p>I dag tenkte eg at eg ville skrive p\u00e5 Setesdalswiki om ein av komponistane som eg veit Niklos har stor sans for. Han kjende han personleg, som s\u00e5 mange av organistane han presenterer. Lars M\u00e6land var domorganist i Stavanger og Niklos var mange gonger der borte for \u00e5 h\u00f8yre orgelmusikk i domkyrkja.<\/p>\n<p>Setesdalswiki skal jo ha stoff om ting som er relevant for Setesdal, men ettersom wikien og fungerer som informasjonsside for programma eg har i Valle Radio, kan det av og til vere greitt \u00e5 ha artiklar om noko av det ein m\u00f8ter der. Difor ville eg skrive om Lars M\u00e6land. Han d\u00f8ydde for 20 \u00e5r sidan, det var f\u00f8r data vart allemannseige, s\u00e5 eg tenkte at det ikkje ville vere s\u00e5 lett \u00e5 finne stoff om han. Men han var omtalt i Store Norske Leksikon med nokre linjer i utg\u00e5va fr\u00e5 2005-2007, som vel var den siste papirutg\u00e5va av leksikonet.<\/p>\n<p>Niklos hadde mykje meir stoff i sine f\u00e5 linjer med presentasjon i Valle Radio. Han likar \u00e5 ha stoff som kan fungere litt som anekdoter i tillegg til faktastoff, og p\u00e5 arket han skreiv fann eg meir enn nok stoff til \u00e5 lage ein liten artikkel p\u00e5 Setesdalswiki om M\u00e6land. Den kan du lese her: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Lars_M%C3%A6land<\/p>\n<p>Takk til Niklos for \u00e5 dele kunnskapen sin med oss gjennom Valle Radio<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Niklos K. Besteland er orgelentusiasten som gjer at vi har hatt orgelprogram i tysdagssendingane s\u00e5 lenge vi har halde p\u00e5. Han har ei stor samling orgelmusikk og deler villig med seg annankvar tysdag. I dag deler eg med dykk litt av den takksemda eg f\u00f8ler for jobben Niklos gjer. Ikkje nok med at han har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/takk-til-niklos-19733710\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Takk til Niklos<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19733710","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19733710"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19733710"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19733710\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19733710"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19733710"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19733710"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}