{"id":19716677,"date":"2014-11-16T23:17:06","date_gmt":"2014-11-16T23:17:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2014\/11\/du-sundagskveld-19716677\/"},"modified":"2014-11-16T23:17:06","modified_gmt":"2014-11-16T23:17:06","slug":"du-sundagskveld-19716677","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/du-sundagskveld-19716677\/","title":{"rendered":"Du sundagskveld"},"content":{"rendered":"<p>I 1855 skreiv Ivar Aasen:<\/p>\n<p>Du Sundagskveld, du Sundagskveld,<br \/>\ndu er daa alltid min beste Kveld.<br \/>\nDu ljose, blide Sundagskveld,<br \/>\ndu er daa min kj\u00e6raste Kveld.<\/p>\n<p>Eg er nok litt usamd med han her, for sundagskvelden betyr at eg vender nasen mot Setesdal etter ei helg i Mandal, og det er nok sundagskveldar eg kunne tenke meg \u00e5 sl\u00e5 meg til ro noko lenger heime. Men s\u00e5 legg ein i veg oppover dalen, og p\u00e5 denne tida n\u00e5r kveldane er m\u00f8rke og det ikkje er sn\u00f8 p\u00e5 Hovden, er trafikken ganske h\u00f8veleg.<\/p>\n<p>Vel komen fram til Valle er det \u00e5 planlegge tysdagskvelden i Valle Radio. Ofte har eg planar som eg kanskje pr\u00f8ver \u00e5 f\u00e5 stadfesta, eller s\u00e5 vert det \u00e5 sende ein meir generell annonse til avisa.<\/p>\n<p>S\u00e5 er det tid for \u00e5 sj\u00e5 litt p\u00e5 Setesdalswiki, kan hende har nokon laga litt der i l\u00f8pet av kvelden. I kveld kom det ein interessant artikkel, Englevingen. Den vil eg dele med deg som les bloggen:<\/p>\n<p>Englevingen er ei jenteforeining (misjonsforeining) i Evje, tilknytta Det Norske Misjonsselskap (NMS). Hovudf\u00f8rem\u00e5let er \u00e5 arrangere basar kvart \u00e5r i november p\u00e5 Tryggheim bedehus. Mest kvar veke m\u00f8tast jentene heime hos ei av dei for sosialt samv\u00e6r og for \u00e5 lage gevinstar til basaren. Tidlegare var samlingane mykje heime hos Kari \u00d8stensen Skavoll p\u00e5 T\u00f8nnesland. For tida er samv\u00e6ret gjerne hos Marri-Ann Galteland i Tingbergheia bustadfelt. Det er ingen formell leiar i gruppa, men Valborg Hauan er som oftast m\u00f8teleiar under basarane.<\/p>\n<p>Du kan lese meir og sj\u00e5 bilete om du trykkjer p\u00e5 denne lenka: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Englevingen<\/p>\n<p>Og om du klikkar deg inn til moisund.com finn du stoff p\u00e5 ein annan m\u00e5te: http:\/\/www.moisund.com\/2014\/11\/16\/laurdag-er-englevingen-basaren-tilbake\/<\/p>\n<p>Eg rota litt rundt p\u00e5 Internett for \u00e5 finne den byen p\u00e5 Madagaskar som det er tale om, men det var vanskeleg p\u00e5 dei spr\u00e5ka eg kan. Men eg fann ein artikkel hos nms.no:  http:\/\/www.nms.no\/aktuelt-fra-prosjektet\/felles-loft-for-landsbyen-article6123-2323.html<\/p>\n<p>Det er alts\u00e5 framleis mykje som ein kan lage artiklar om p\u00e5 Wikipedia om ein har bakgrunnsstoff og tid. Av og til har eg lurt p\u00e5 om vi ikkje burde lage ei wikipedia for kyrkje- og kristenliv, det er s\u00e5 mykje stoff som burde vore omtalt fr\u00e5 dette omr\u00e5det som aldri kjem fram. Men om s\u00e5 skal skje, m\u00e5 nok fleire enn eg ha tanken.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I 1855 skreiv Ivar Aasen: Du Sundagskveld, du Sundagskveld, du er daa alltid min beste Kveld. Du ljose, blide Sundagskveld, du er daa min kj\u00e6raste Kveld. Eg er nok litt usamd med han her, for sundagskvelden betyr at eg vender nasen mot Setesdal etter ei helg i Mandal, og det er nok sundagskveldar eg kunne &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/du-sundagskveld-19716677\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Du sundagskveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-19716677","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19716677"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=19716677"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/19716677\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=19716677"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=19716677"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=19716677"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}